Burde vore ei vaksine mot utbrentheit og sure kjerringer og.Sure menn og for den saks skuld:-)
Er igrunnen deprimerande ver Har pressa meg ut til ein tur i vind og regn Gjorde sikkert godt,men var temmeleg vått. Frisk luft og trim er visst bra for psyken:-)
Åt spekesild til middag.Godt var det,men no drikk eg litervis med vatn og cola uten sukker. Veit ikkje om det siste er så lurt,men syns det er kjempegodt
Snart ferdig med dette prosjektet.Får prøve å gjere ferdig alle halvferdige prosjekta eg har rundt omkring,men har skorta på lysta til å gjere noko som helst. Kanskje eg skal ta det som eit godt tegn at eg har tatt fatt i heklenåla.
Digitalt møte kl 20 kom eg på.Burde kanskje vaske håret og ta meg ut frå mi beste side. At eg vaser rundt i pysjbuksa ser ingen på digitale møte,så lenge eg sit iro.:-) Møtedag imorra.
Tester ut kor mykje kroppen toler:-)Slepp no gjere noko fysisk:-)Må kanskje starte opp hjernecella litt innimellom:-) Ser på nyheiter og dramaet med flyktningar på den Polske grensa,,,Stakkars menneska som står oppi desse situasjonane. Mykje elendigheit i verden overalt.Vi er heldige i Norge:-)
Skal få nr 3 idag hadde eg tenkt Ikkje alle er tilhenger av vaksine Nokre meiner det er farleg Andre syns vi berre skal ha to Som helsearbeider har eg fått tilbud om nr.3 Ikkje den yngste lenger og tenkjer at eg vel å høyre på myndigheitene. Mulig det er feil,men eg gjer det uansett Må ta eit valg og då er dette mitt
Har tatt influensavaksine og Før tok eg ingen,men med alderen og coronaen har eg endra synspunkt Jaudå.Eg har vaksinert ungane mine mot det dei skulle då dei var små. Tenkjer at det er viktig
No er det munnbind på jobb uten vaksine.Smitten aukar Vi er smitteførande vi med vaksine og,så er ikkje slik at vi berre kan ture fram
Eg drikk kaffi og håper eg snart får kroppen til å gjere det eg vil. Kanskje vinden og veret er litt bedre idag slik at eg orker ut i vestlandsbunaden–
Kan like godt stå opp… Sånne netter der søvnen ikkje heilt vil og der tankane heilt tek av,er litt slitsomme Vinden har og jobba rundt huset.Nattarbeid er nok tingen inatt
Bedre å sjå tegnefilm på tv:-) Mr.Been på tv2:-) Får meg iallefall til å trekke på smilebandet. Trur eg skal ha meg ein sofadag idag
Fyre godt i ovnen og finne meg ei god bok. Meldt skikkeleg ruskever i vest.
Funne meg frukost..Eller skal vi sei nattmat.Bruker aldri ete klokka seks om morningen. Skummel trend,men sliten og trøtt av for lite søvn antageleg.Kanskje eg får meg ein time søvn på sofaen om litt:-) Fått meg ein ny trend med knekkebrødtype Har vore veldig glad i havreknekkebrød.Men sist eg kjøpte på butikken,var dei seige og slett ikkje gode.Datoen var god den,men det var ikkje knekkebrøda.
Din stund med chia og havsalt:-)Fekk smake det av kollega på jobb og smaker godt:-) Med norvegia:-)Og kaffi sjølvsagt Volsomt som vinden har tatt seg opp ute. Tilbake til ruskeveret:-)
Koseleg å sjå folk på tur,som held saman,er venner og tek vare på kvarandre,sjølv om det er ein konkuranse der ein må ut Rett og slett koseleg underhaldning der eg samtidig får sjå mykje flott natur.71 grader nord:-)
Litt i kontrast til farmen sine intriger.Det vert for mykje for meg igrunnen Så eg korser meg med kjendiser å tur.Må sei..Dei er rett og slett tøffare enn toget:-)Seier pysa som sit i sofaen
Funne fram hekletøet i håp om at eg skal få det ferdig eingang.Jobber med å få att litt overskudd:-) Vore ei nydeleg helg med flott ver. Trengde litt godver etter alt regnet:-)Gjorde godt for kropp og sjel
Hipp hurra :-)Og håper nokon tenkjer på dåke.At ein fortjener å bli huksa på ikkje minst. Fins mange fantastiske pappaer ,men sjølvsagt dei som ikkje er like fantastiske.nett som med mødre
Ein kan jo diskutere om ein treng slike dager.Men så lenge det er det at ein vert huksa på som er viktig og ikkje handelsstanden som vil tjene peng,så syns eg det er ein fin tradisjon
Litt trist og vanskeleg kan det vere for ungar som ikkje har ein pappa å lage kort til i barnehage og skule.Men ein kan jo lage kort til nokon ein er glad i tenkjer eg.Ein bestefar eler ein annan vaksenperson.Eller ein kan la det vere der og la det vere ein privat tradisjon:-)
nydelig solnedgang i november der ein kjenner at kvelden er litt kald etter ein varm og fin soldag. Kjende den varme dusjen etterpå gjorde godt. Norge er eit vakkert land
Når ein vakner på natta og er stiv som ein pinne Kjenner at snart så vert kroppen fullt av sinne Ein kreker seg or senga for å ta seg ein pille og kjenner at no helt ein nesten på å trille
Inn på kjøkkenet for å ta ut tabletten Då høyrer ein att katten alt er på alerten Han krafser på døra og mjauer og skrik Skulle tru at han minst hadde litt meir vit
Eg kjenner at no må eg så veldig på do Orker ikkje mating og kattejammer no Eg ser ned på klokka,er ho fire eller fem Eg vil verre legge meg i senga igjenn
Klokka er faktisk ikkje meir enn halv to litt av ei tid å måtte sitte på do Eg seier til katten,du får berre vente Her er det aldeles ingen nattmat å hente
Eg tutler i seng og har sove til no Katten har fått mat og her herskar fred og ro Ute hører eg ein med motorsag han er nok i bedre humur enn meg idag
Frisk luft og tur ut gjer godt for det meste. Igår så tenkte eg at…jaja…Er visst best for den stive musklaturen min å gå i naturen… Er rett og slett pissvått og slept i naturen no altso, så eg starta på den vanlege ruta. Fall for fristelsen til å gå ned til sjøen på ferda- Hadde jo vantette joggesko:-) Vakre farger er der,men altso…vått…megavått Ein ting vil eg sei. Vanntette sko har eg,men totalt uegna på våte fjell og steinar. Var omtrent som bambi på isen. Om eg ikkje var stiv nok frå før ,så knytte eg no resten av musklane der. Og der er ikkje bratt,men nesten heilt flatt.Treng eg trene ballanse? Var fjell eller søkkvåt mark.
Men eg kom meg ned..Tok berre litt lenger tid. Vakkert med sjøen Rekreasjon for kropp og sjel
idag har eg helde meg på vegen:-)Redd for å bryte lårhalsen:-) Skal nok meir ut i marka,men må ha litt mindre glatte sko
Naturen den er lunefull og fantastisk Av og til vil eg kalle den nesten magisk Frå stormens harde og nådelause bråk til morgenssolas varme og underfulle gråt
Å sitte her og tenke på verden rundt omkring og kjenne at kor godt det er at her skjer lite og ingenting At eg får lov å vakne i fred og ro Kan til og med få fred til å tenke på do
Sat og funderte med kaffikoppen på morgonstunda.. Er vel ikkje normalt å verte så utafor av ein vanleg forkjølelse…? så tenkte eg… Er det normalt for meg å berre sitte på reva og ete sjokolade? Er det normalt å skjelle ut ein døv katt etter noter,kvar dag og fleire ganger for dagen? Vel og merke er han masete,men alikavel? Og kor vart det av overskuddet? Kor vart det av det vesle snevet av tolmodigheit som eg normalt har? Vorten rolegare med åra.. Men i det siste har eg hatt null tolmodigheit..Lemmenet i meg har fullstendig overtaket Søvn har det vore minimalt med…lunta er veldig kort fortida.. Eg ringde legen..Best å gå før forstanden reiser heilt vekk og eg vert uten filter…Det er ikkje å anbefale Legen trudde eg trengde ein kort time out…Eg er einig Viktig å lytte til signala frå kroppen Kroppen varsler som regel om at no er det nok. Vi må berre vere flinke til å kjenne og sjå signala. Ta kroppen vår på alvor Kropp og sinn heng saman. Av og til er det kanskje tid for å gi seg sjølv ein liten time out. Det hindrer kanskje den lange sykemeldinga. Det gjeld å ikkje gi opp.Er der liv er der håp Treng ofte berre ta oss ein pause frå det som gir kroppen stress og heller fokusere på andre ting som gir ro i sjela Gjeld å fokusere på det positive og ikkje gi opp,sjølv om ting av og til går på halv åtte. Er berre å klamre seg fast:-) Ha ein fin kveld