Så no har eg starta på dørlistene..At dei er vorten fine er sterkt overdreve.men innsatsen min er det igrunnen ingen ting i vegen med..
Steike glad det er i mitt eige hus eg pussar opp og at det kun er eg som treng vere fornøgd
Ikkje har eg nokon å kjefte på heller,og det er sikkert ein stor fordel..
Må ærlig innrømme at fort går det ikkje,ikkje er eg flink heller.men går no i det minste på fram.Litt om gangen og så å gjere seg ferdig er viktig:-)
Mykje planlegging og i ei dørlist
Katten såg til og med ut som han var skeptisk til resultatet.Tilbydde seg til å med å hjelpe til,men sidan eg no ikkje har for å male golvbelegget,så avslo eg om ein smule uhøfleg..
No har eg tatt kveld.Kanskje eg skal ta fram neste prosjekt eg har på gang
hekle julegardiner,,Blir no ferdige ei eller anna jul sikkert