Aldri vore mi greie og heller aldri prøvd. Ikkje lært reglane eingang Er kongedømme.i sjakk Og bønder i hopetal… Men korleis dei bevegar seg…aner ikkje.. Syns det er kjedeleg å sjå på,men gratulerer til Karlsen. Dart på tv derimot…det ser eg på.. Litt sær antageleg.
Fri og avslappingsdag Rydda litt,gått tur og sett på film og seriar. Gjer godt. Vinden og regnet har roa seg. Hos naboen er vegen vorte ei elv.store djupe spor. Håper det er over med storm og enorme nedbørsmengder for ei stund. Kos med inne og sofatid og,men treng frisk luft innimellom.
Bles og regner ute. Innever. Arbeidshelg,så ikkje så mykje eg er ute uansett🙂 Godt å slappe av i sofakroken. Fyr i ovnen og levande lys. Er nok helseskadelig begge deler.
Kos er det no. Har batterilys og..sånn i tilfelle lyset går. amaryllistid nokre nye og andre kjem att frå ifjor. Stått i kjellaren.Blomster som treng vannstell er mi greie,for vatn får dei lite av. Nokre litt mykje… lurer på kortid eg har kjøpt den rosa…
Funne fram att strikket. Mulig eg heretter bør starte med armane… Går litt tregt og jamt strikker eg ikkje… Men nettet er kjappere no med mobilt breiband.. Tek ikkje lenger dagen å laste opp eit bilde. Små gleder er bedre enn store irritasjonar. På nettet er det Ari eller Karlsen det handler om. Snart 2020 og Sogn og Fjordane er ikkje meir. Vi blir nok vande med å bu i Vestland og.Så får vi sjå kva endringar det medfører på godt og vondt Livet går no sin vante gang uansett.
Stuptrøtt rusla eg til sengs i gårkveld. Held på å rive ned noko på min veg,før eg formeleg valt oppi senga…
Sånn nett før eg kom i drømmeland skjedde det
Dunk… Kjendes ut som noko litt tungt hoppa opp i senga. Stivna frå topp til tå. Hjartet slo i full panikk. Krølla meg automatisk i fosterstilling… Før fornuften tok overhand… Kva søren var dette.. Jau…min store tunge rokkering som skulle stå lent inntil veggen.
Hadde nok fått den litt ut or ballanse på mi snubleferd til senga.. Mulig det er eit tegn frå oven at det er tid for trim og sunne vaner Lei av å stå til pynt. Ubehageleg var det iallefall. Så kanskje eg berre skal rydde litt.
Nyt siste dagen av senilveka. Fordelen med å fylle 60. Har gjordt godt for kropp og sjel.
Sport på tv. Fyr i ovnen Huset er så å seie julepynta Pledd,strikk,kaffi og smågodt Livet er ikkje så verst.
Tek familiebesøket og gavebytting i morra. Mandag er eg klar for jobbejul. I år er det min tur. Er no min andre heim.
Er sånn å jobbe i turnus i helsevesenet. Kjekt på jobb og. Nokon må jo vere der og kosen lager vi sjølv. Bruker vere travelt men kjekt.
Viktig å nyte kvar dag, har eg funne ut. Så gidd ikkje stresse. Vaske gjer eg om våren,slik at eg ser kva eg baler med. Sånn er det å tape seg på synet. Ja altso,eg dreg over golva og hender eg tørker støv med briller på. Ellers så ser eg det igrunnen ikkje.
Han typen her er ikkje heilt å stole på. Idag hadde han knabba brillene mine. Har heldigvis fleire,for dei har det med å forsvinne..ser ut som han er stri på flaska og… Men drikk nissen? Månen er ein gul ost
Det går eindel tid i å leite etter diverse. Juleputene dukka aldri opp. Er vel ei meining med det og sikkert.
Og ingen fiber i sikte. Bur i utkanten må vite. Så no har eg fått meg mobilt breiband.
Litt opp og ned med ytelsen. No på morningen er det litt slit med å laste… Får sjå. Mulig eg må skaffe antenne for at det skal levere det ein betaler for.
Er no eit alternativ om ikkje anna Litt dumt å bli uten og det hadde eg vorte 31. Ute er det regn og vind. Fann att juletrepynten. Putene er fortsatt på ferie
Har sett meg rett ned og prøver tenkje ut kor den har gjømt seg.. Anten det eller så har rampenissen tatt den.. Mulig den er trylla vekk. Har lett overalt føler eg. Ikkje finn eg lysa heller.. Må jo vere ein plass. Må snart finne fram lommelykta og krype oppatt på høgeloftet. Krypeloft..rettare sagt.. Har nok satt det på ein lur plass. Mangler nokre puter og
Ute høljer regnet ned. Inne er det rotehus. Men,har i det minste pakka inn julegavene. Ikkje så mange..men,skal no gjerast Hatt ferie denne veka og ikkje gjordt ein døyt,igrunnen. Berre sosa rundt. Idag sov eg til 11.. Ikkje lurt når eg hadde lova hjelpe ho mor.Ho måtte klare jobben sjølv. Litt av ei datter..
Nydelig morgenstund Stille og fredelig og gir ro i sjela Har komme meg or senga litt før normalen Fordelen med svak blære😂 Auget er fortsatt litt ute av funksjon. Går seg nok til. Påminning til oss helsearbeidarar.. Sjekk cave Ser ut som eit bomba skjorereir hos meg.. Kan ikkje skulde på rampenissen eingang.
Var treg med å bestille mobilt breiband og,så vert nok uten ei stund. Det er ei anna historie.
Ting går liksom litt tregare med års…tek det i morgon .. Og så vert det gløymt.
Glømde kjøpe pålegg ser eg.. Jaja…har no mat.. Ha ein fin dag
Fått injeksjon på auge att idag.. Allergisk mot jod så vert vaska først med saltvatn… Normalt sett. Brukar for sikkerheitskuld sei frå… Men det står i papira… Idag glømde eg det… Jodden kom på og eg starta å svi noko innihampen… Vart vaska med vatn…men vaska meir med jodd. Feilen vart no oppdaga men skaden var skjedd.For nestemann visste eg var allergisk Svir endå men går over… Var jo ikkje med meining. Alle gjer vi feil.Gløymer ikkje meir gi beskjed Ikkje nokon lukkedag
Hatt sjåfør og fått handla julegaver.. Fann ikkje alt eg skulle så penger får gjere susen. Pengane formeleg rann ut mellom fingrane Nissa vekk
Havna på sofaen godt nedbrødd. Sliten uten å anstrengt meg.
Får håpe det var det ein hadde av uhell til meg idag. Reknar med eldstemann er pisslei av timesvis med mora på handletur . Eg er nesten tro kopi av madam Mim.
Ser ut og tenkjer… Nei….blir inne Slett ikkje lyst ut i ruskeveret Mørke skyer varsler kaldare ver og torden.
Koser meg med kaffikoppen og må skrive liste På tide å sjekke kva eg bør handle før jul. Mangler nokre julegaver. Det er no ein ynskjer ein hadde budd meir sentralt.
Må planlegge. Ikkje alt som fins lokalt. Og kva er lokalt.. Burde nok ha fiksa det før. Men…sånn er det med den saka
No skal eg drikke kaffi og vakne litt. Så får eg prøve få reva i gir.
Vi har fått legevaktpilot i kommunen. Spennande å sjå kva det er og om det gjer ein forskjel. På jobb har det vore julebord for dei som bur der. Kjekt har eg høyrt. God mat,dans og musikk gjer seg. Sosiale samlingar er positivt.
Gleder meg til jobb. Kjekk arbeidsplass ,om det kan vere steikje travelt. Viktig å ta vare på kvarandre,kunne bruke humor og prøve vere ein god kollega
9 ingen er perfekt❤ Men saman er vi sterke Ha ein fin dag