Må nok kjøpe nye:-)

Er det ein ting eg må unne meg når det regnar stort sett heile året,så er det regnklær
Både dei tynnare og dei skikkeleg tjukke og gode syng på siste verset
Nye goro tex joggesko trengst og
Irriterande å verte våt med regnklær

Har sett etter det ei stund, men ikkje landa på kva sort
Mykje å velje i ,men kva som virkeleg er bra er verre
Har kjøpt katta i sekken før
Kan bli dyrt det og

Men,enn så lenge brukar eg det eg har
Må fundere litt til

God lørdag
Ps..Det regnar 🙂

Skremmande

Ser på alle brannane som no har er og har vore i Europa.
Varmt og knusktørt
Skremmande
Og det går veldig fort.Plutseleg er mange usen mål vekke .Liv går tapt Då er det nesten så eg er glad eg bur på Vestlandet
Ja det er eg uansett,men her renn vi vekk

I Arendal er det som det har vore
Blir sjelden klokare etter at toppolitikarane har møttes til dyst
Dyrt i Norge og dyrare blir det
I ei uroleg verd vert det meste usikkert

Grått ute,men fortsatt opplett
Om det held seg opplett eller dei mørke skyene ikkje gidd å halde på regnet vil vise seg
Eg skal taa verda med ro
Må handle,men det går innunder kos:-)

Ha ein fin fredag

Nyt pensjonisttilverelsen


Yr i lufta
Går nok over til regn, men vakker hauststemning
Er i alle fall den følelsen eg har
Fjellhytta i reprise
Kaffi i koppen
Frukosten er ferdig
Null planer men tek det som det kjem
Kjenner det er dagen for det i dag

Godt å vere pensjonist

God morgon


Kom no inn på morgonkvisten
Godværsdagen måtte nytast
No er det overskya og litt duskregn

Koser meg med kaffikoppen og tenkjer at eg bør bruke litt tid på å få orden i kaoset mitt
Men først må eg planlegge
Lenge
Solformørking og meteorsverm i vente
Tja
Ser ikkje så mykje av stjernehimmel her om dagen
Men,neste sommar er det vår tur🥳
No er det haust
Orker ikkje gå i skog og mark eller på fjellet når det er så vått og slept
Orker igrunnen lite
Her må eg jobbe med tankesettet trur eg
Kan ikkje gro fast i sofaen
Trur eg skal hente ved å fyre i ovnen


Rusle meg ein tur i nærområdet

Ha ein super dag💕

Det regner og regner

Veret vert igrunnen berre verre og verre
Etter å omtrent å drukna i regn her i vest i heile sommar,så er det rart å lese om halvfulle vannbasseng og fare for dyre straumprisar
Kor vert regnet av?
Marka er søkkvåt
Vi føler vi regnar vekk
Men er nok alt godveret austafor som sler inn
Vi har iallefall gjordt vårt for å redde straumkrisa:-)

Godt å kunne sitte inne under pledde og nyte kaffikoppen
Berre kunne sjå ut på elendigheita
Slepp no å tenke på at eg skulle ha gått ein tur
So glad i regn er eg ikkje:-)

Går vel over ein gang
Er meld bra ver tirsdag:-)

Ha ein super søndag

Skifjordagen

Blir kjekt sjølv om regnet pøser ned
Utstillingar,mat og fine folk

Heldige med veret under rigging av telt og klargjering


Nattesøvn vart det mindre med
Men frukost og kaffi hjelper på
Ein tur i dusjen og prøve komme ut av pysjen er målet

Kan ikkje vere helt både dag og natt
At matmora ikkje syns om å stå opp mitt på natt for å åpne døra er ikkje Ingolf sitt problem
Har eg høyrt om katteluke?

Ha ein super dag

Glimter til

Må vere sola som plutseleg dukka opp i dag
Sånn ut av det blå
Ein tur på kirkegården
Plantene har omtrent råtna på rot i vestlandsværet
Skifta ut den eine
Kombinerte med litt handel og lærekøyring
Baka brød har eg og
Hukser ikkje sist
Hatt meg ein luftetur
Fått vaska klær
Men droppa slå graset
Når eg endeleg var klar var myggen det og
Kan ikkje slite meg ut🥹Men,uvisst når neste opplette dag innfinn seg
Kjøkkenmaskinen og dermed den gode mixsaren brotna i to i veka.
Søren til greier, for den brukar eg kjempemykje
Sliten og mett av dage antagelig
Må sjå om eg finn noko som lignar
Noko må eg ha

Jaja
Alltid ei ny utgift
Sånn er livet
Ser på landskytterstemne og nyt livet
God kveld:-)

Søndagsro

Sit no her og nyt morgenkaffien
Ute er veret det same som eg føler det har vore her i heile smmar
Grått og vått
Haust
Les om Infantino og alt han trur han kan klare.Sikkert med god hjelp av den amerikanske kompisen
Er igrunnen ei utruleg verd vi lever i
Godt det er nokon som er tøffe nok til å sei frå

Krig og elendigheit overalt
Kan sei at då vert ingen sommar ein bagatell,sjølv om ein syns det er litt urettferdig å regne vekk:-)

Vart ingen tur igår før jobb,og tenkjer at trur ikkje det blir idag heller
Ser det kjem ei stor regnbyge med full fart over fjellet
Håper på litt fin høst så eg kan bevege meg uten regnklær
Få gå ein tur i skog og mark uten der er vått og glatt
Syns synd på dei som hadde festtivaler igår.Imponert over publikum i regnklær

Håpar på godver når vi har Skifjordagen på lørdag
Ikkje så stas å ha alt ute viss regnet høljer ned
Har jo telt,men alikavel:-)
Versjuk:-)
Veret påverkar psyken til det negative
Alt blir liksom tyngre og mørkare
Frestar ikkje reise ned til varmebølgene heller
Ein plass midt på hadde vore tingen
Men,får finne meg noko anna på putle med til seinvakta kjem

God søndag

Stolpejakt

Måtte nytte oppletten til frisk luft
Fredensborg
Kan ikkje berre jobbe sove og ikkje minst ete

Kleda har krympa mange størrelse


Passa fint på tilbaketuren etter ein aldri så liten handletur til Dale

Mat må ein ha
Jobbehelg🎶

Frisk luft

Av og til må denne dama og ha litt frisk luft
Treng det mellom jobbøktene
Tanke litt krefter og lande


Litt grått men du verden kor godt det gjorde
Sola kom og etter middag
Då var eg på jobb
Men sol er sol
I dag er den igjenn reist vidare til andre
Men vi har sett den

Ha ein super dag