Kor tek folk energien frå?

Sit og les på facebook og vert heilt imponert over energien til andre og kva dei får til.
Alt dei rekk på ein dag.
Her har eg dilla vekk heile dagen.
Ikkje gadd eg sette poteter heller.
Kom liksom ikkje så langt.
Prøvde rydde litt i kaoset mitt.
Laga meg mat…det er eg altfor glad i.

Hadde vore greit visst eg hadde helde meg til denne typen føde.
Men er altfor glad i is og sjokolade..Det vises..
Vore på mi faste rute.
Blomstrer rett over grensa til nabokommunen og.

Ingolf blei med inn til naboen.
Fekk besøk gjorde vi og.
Skikkeleg kose meg dag.
Avslutta med å stryke litt klær.
Ikkje det eg gidd så ofte,så hopa seg litt opp.
Fann ut at litt aktivitet ikkje var så dumt.
Potetene får vente..Var ikkje den dagen idag.

Til og med fyrt i ovnen.
Litt småkaldt.
Litt kjekt å berre kunne gjere ingenting.

God morgon eller?

Kjennes igrunnen ikkje slik ut
Knapt bevegelse i skrotten
Vondt omtrent overalt
Går over,men bruker starte litt slik.

Venter på kaffien.
Etter prisane vi har no er det nesten reine luksusen.
Nesten skremmande kor mykje prisane har auka.

Skal ha meg ein kose meg heimedag,kjenner eg.
Ta livet heilt med ro.
Berre innom til naboen for å sjå folk🌻
Kun Ingolf som er i full fres her i huset.
Blir nok litt meir fart i gamla og..
Men det tek berre litt meir tid.
Ha ein super lørdag.

Made in Oslo

Funne ein god serie på viaplay

Så no vert eg sittande.
Berre det at nokon har trengt seg ned bak meg og breia seg ut

Ganske så trøtt kjenner eg.
Ikkje sove etter nattevakta og no får eg prøve halde ut litt til
Kjennes ut som eg har tatt eit par glas formykje.
Godt å krølle meg opp i sofaen og vite at eg har
Fri❤❤

Innom Hjertebladhagen eintur

Måtte ha litt mold..
Og så hagespade..
kjøpte meg nokre nye pallekarmer på pl Plantasjen sist eg var i Førde,men vart litt få.
Så når Hjertebladhagen selde brukte,så måtte eg berre ha..

No har eg høyrt så mykje skryt om denne spadetypen at eg måtte berre ha den.
Fann ikkje att den gamle..
Borte vekk.
I tillegg var det 6 pakker mold..
Stakkars larris.

Går mykje inn i ein Yarris.
Fått laga ny plass til jordbærplanter og Larris fekk vaska seg..
På høg tid.
Ingolf har tilbrakt størsteparten av dagen i vasken på badet.

Mange slags påfunn på han der..
No er han plutseleg ute på farten..
Fekk på sommardekka ikveld.
Kjøpt nye,og litt spent på merket.
På høg tid og takk til jr.
Kjekt med hjelp..

Herremin for eit oppstyr

Ingolf her:
Eg er strengt tatt ein smule sur og forbanna
Idag har her vore utedag,må vite,
No er eg ikkje så glad i uteaktiviteter for tid,la det vere sagt
kvifor er ei privatsak.
Men har no prøvd så godt eg kunne å halde gamla med selskap i vedkløyinga.
Syns det vart litt smått med maten,skal eg vere ærlig
Litt bekymra var eg og for dette kvinnemenneske som tok seg heilt ut til langt på kveld
Så eg tenkte eg skulle gjere ho ei tjeneste mens eg allikavel hadde meg ein luftetur

Fanga liksågodt ei stor mus til kvar av oss ,som eg leverte i stova.Kasta den største høgt opp og i retning husfrua..Der tok det av…Var ho takknemlig…aldeles ikkje.Ut på kjøkkenet,fram med eit papir og musa rauk like fort ut døra som ho kom inn..
Men då hadde ikkje ho oppdaga den eg hadde til meg…Slengde den litt rundt og eg…
Steikje kor mykje lyd det er i kvinnemenneske…Rauk ut den og..Men då gjekk eg etter ..Hallo..
Her fanger eg den lekre middagen til oss og så blir den slengd ut dørene…Det går då ei grense-
Snakk om matsvinn…
Men no er eg inne.Mørkt ute,og ein smule skummelt…

Litt må ein gjere på

Godt fysisk sliten etter uteaktiviteten min idag.
Var rett og slett godt med dusj og sofa..

Burde ha gjordt dette for lenge sida,men idag har eg fått låne traktor og kløyvar ei stund.
starta med godt humør og pågangsmot
Liker igrunnen dette arbeidet og i sola er det berre kos.
Matpause med fleskepannekaker hos mamma gjorde susen.
Men var mykje ved og lang daglitt pauser må ein ha.
Endelig ferdig og rett og slett sliten.

Avslutta med tur for å løyse opp musklaturen.
No har eg ete opp ein pose med pops..
Sunt er det langtifrå men smaka himmelsk..

Godt med sofatid

Trur ikkje eg gidd

I fjor gjekk eg titur Hyllestad,og syns det var kjekt
Ser på postane i år og trur ikkje eg gidd
Litt vel langt vekke frå meg dei fleste turane.Klumpa seg ihope i eine enden av kommunen:-)
Kanskje det er dei som går mest:-)
Kjenner at det frestar ikkje så veldig.men mulig eg ombestemmer meg..

Er kjekt med nye turer,men er ikkje så glad i å køyre bil og er heller ikkje så sprek at eg tek mange på ein gang,og må vere godt merka

Men fins mange topper eg kan gå på ,så inga krise.
Til lags åt alle kan ingen gjera.

Nydelig ver fortsatt hos oss,så fregnene sprett..
Gjer godt for kropp og sjel
Ingolf har nok opplevd noko skummel på sine vandringar, for no held han seg i eller nær huset…
Kan vere like greit.
Idag har eg gjordt det same som katten.
Jaja eg har vore på jobb.Skulle igrunnen til samtale om pensjonen,men han hadde ikkje tid til oss som sto sist på lista.
Skulle ringe mandag…Nei takk…Eg kan sjekke pensjonskalkulatoren på nett,og treng ikkje snakke om pensjon over telefon. Forskjel på det og sjå den eg snakker med…Mulig eg er sær,men får så vere..
Har ein ikkje tid til meg,så treng ein ikkje ringe..

Så eg fekk ut litt frustrasjon på nokre vedkubber som ligg i ein haug,og til slutt tur og dusj..
No er eg ganske så avbalansert:)
Sofa,god mat og krim…
Stein på stein
Og bjørka har blitt grønnare sidan dette bilde vart tatt i påska:-)
God fredagskveld frå gamlemor og Ingolf

For ein dag

Fantastisk.
Sommertemperatur og sol
Fjelltur før jobb


Koselig formiddagstur på Bygdeheia og dagsturhytta før jobb.
Danna baktropp .Tur med dattera og pappaen.
Fordelen med å køyre er at ein ikkje risikerer at sjåføren må vente..
Men,desse var flinke å ta hensyn til tungpusta meg.
Nydelig dag og kjekt på jobb.
Kos meg,rett og slett
Tanka krefter.
Vore mykje ute på jobben og.
Må nyte sommaren når den er her,om det så er i april.

Ingolf på nett

Ja her ligg eg og passer på gamla..
Har nesten ikkje vore ute av huset dei siste dagane..
Kun ute litt no i ettermiddag og jaga kvist og kvast etterkvart som gamla rydda..
I påska har her nemlig godt ei anna dame ut og inn or huset..
Ikkje veit eg kven ho er.
Dukka plutseleg opp og verkar husvarm..
Så her er det best å halde seg iro og passe både huset og huseigaren.
Ikkje for det
Er no ein fredeleg gjest,men mistenkjer at ho syns eg er skummel..
Då er vi to.

Blir her med gamlemor eg.
Trygt å godt