Er det einaste vi høyrer om fortida Om eg trur det er lurt at Erna og sylvi diskuterer i media kven av dei som igrunnen er best egna,det trur eg ikkje Slike ting er det lurast å ta på bakrommet Mulig det får veljarane til urnene.Kan vere. Veit aldri.Kanskje eg tek feil og det er ein vinnar Spennande valg er det uansett Men ein kan jo og bli litt lei alle desse diskusjonane og valgløfta
Idag er det sånn litt dårleg dag her,så skal ta verda med ro Yr har lova godver Isåfall vert det solkroken og ei bok Held fortsatt på med krimbøkene eg lånte av onkel har vorten nokre restesokkpar,men desse endane har eg endå ikkje orka å feste Blir ein jobb det og:-) Beundrer folk med ordenssans her er den nesten fråverande Manglar kanskje eit kastegen Siste helga i august og så starter på alvor hausten Har sin sjarm den og ,men bakdelen ,,Det nærmar seg snø og is:-)
Kor vart det av positiv tenking:-) Trur berre eg skal sette igang dagen.
Godmorgen:-) Ute er det ein litt regntung dag Litt tung eg og,om ikkje regntung Det fine med ferie er jo det at det ikkje er så farleg om det tek halve dagen å komme i gang Kor dette skal gå når ferien er over er ei anna sak Men det blir bedre utpå dagen både veret og gamla
Ingolfen søv.Har vore på tur i eit døgn,var innom og åt og kom først att på morningen Reine ungdommen han Trur eg må prøve å få litt orden i sysakene idag Har det med å rote Skulle tru her budde minst ti Kan ikkje skulde på katten heller
Ser på godmorgen Norge Flott innslag om ung mann i rullestol Ingenting er umulig med gode hjelpara. Gode bpa tjenester Krigane rundt oss vil ingen ende ta Dess meir vi diskuterer fredsavtale dess tøffare vert den syns eg Kva dette skal ende med er uvisst Rett og slett frykteleg Valget er snart over og er spennande syns eg har vore store variasjonar,så veit liksom ikkje helt kva det endar opp med
Vakna ganske tidleg,grått og vått og gamla kraup nedatt i senga.Tenkte att.Nei,blir nok ingen tur idag.Her kan eg bli Der vart eg litt vel lenge Høyrde plutseleg ei stemme Mamma,er du her Var redd eg var sjuk:-) Berre litt slakk i ånd og vilje
Fann meg litt kaffi Skal vi gå på fjellet kanskje,sa frøkena Regner det ikkje då..Lov å prøve seg Altso det er lite,kom det Gamlemor tok seg ihop ..Tur skal det bli Den vart tung Skulle tru eg skulle bestige K2,og det er eit lite fjell altso Mykje pust og pæs Har ikkje høgdeskrekk desse karane her.Norske var dei ikkje etter språket å bedømme Kom opp idag og Og var eit magisk lys.Kjende berre at ein dårleg dg vart det motsatte Godt nokon drog meg ut Tok oss god tid til berre å nyte Hadde kledd litt for godt på meg.Skulle jo verne meg mot regn og flått Var varmt,opphald og fekk flått på meg uansett.. Dagen starta overskya og enda opp med nydeleg sol Borte vekk hos meg,men skin fortsatt flott på den andre sida av fjorden.Ein smule irriterande er det jo Skulle gjerne hatt den litt lenger Men misunnelse er ingen god ting det heller:-) Imorra skal eg ikkje på fjellet Kanskje eg berre skal finne på noko anna Eg har jo ferie:-)
Fekk anbefalt ein spray som skulle vere bra i sommar Utsolgt på apoteket som er nærmast Var ikkje så plaga med flått Ein og anna, så selvfølgelig var sprayen vekke frå tankegangen neste gang eg var i nærheita av apoteket
Dei siste dagane har eg nærmast vorten invadert av flott Heile familieselskapet Nesten ikkje ein plass dei ikkje har tappa blod Antagelig supert dette blodet mitt Frekke er dei og for skit i intimgrenser Fullt i sukker og andre skadelige stoff eg sikkert Går tildekka på tur. Dei er slue og små Skulder litt på Ingolf Det meste har eg fått på meg er rundt eige hus
No er sprayen på handlelista Første eg skal handle når eg nærmar meg apotek Og dertil er det mange mil Ikkje Berre Berre å bu langt uti periferien
Ein må ikkje vere flink til alt Treng ikkje nå dei høgaste toppane eller ha dei finaste hagane Ikkje alle er skapt til å vere ledar eller drive store bedrifter
Sånn er det berre Det viktigaste er å respektere seg sjølv Finne kva som gir oss livsglede og meining Jobbe med det vi likar og trivast med Ha den hobbyen som gir oss glede Gå dei turane vi klarer i den farten vi orkar
Akseptere at andre faktisk er flinkare,raskare og smartare enn oss Men lykke er noko vi skaper sjølv og kjem innenfrå Ha litt sjølvironi og le litt av eigne tabbar. Akseptere andre som dei er.Jobbe med sjølvinnsikta vår. La andre berre drive med sitt:-)
Idag berre skal eg nyte veret Har ferie,så ingenting hastar Sit fortsatt i pysjen og koser meg med kaffikoppen Ein eller anna uteaktivitet bør eg vel finne på idag. No kjem regnet og rikelig tid til å sløve
Ut på tur ,aldri sur er det noko som heiter På tur uten retningssans og hjernecella på ferie kan ende så som så Starta no nokonlunde greit Er på slike plasser ein skjønner ein går under fjellet Mista gensaren min ein eller anna plass på vegen Gadd ikkje snu. Skulle jo tilbake Mista stien litt her og der ,men fann den att. Fantastisk utsikt når ein kom opp litt Pause og snart tid for tilbaketuren Gjekk hit.Vurderte å gå nedatt denne stien og vegen tilbake Men,så var det denne gensaren då
Starta greit tilbake.Gjekk igrunnen heilt fint til eg var over halvegs Ikkje veit eg kva for ein ide eg fekk Gjekk i mine eigne tankar og plutseleg var ikkje stien der. Eg er jo kommen alt for langt ned,tenkte eg Og oppover bar det Gensaren som eg hadde funne att,oppdaga eg at var borte vekk for andre gang Finn eg aldri att,tenkte eg har jo mista den langt under stien
Og eg gjekk og gjekk opp og ut.Til til og med eg skjønner at her er det ugler i mosen Var kommen langt over der eg skulle.Prøvde jo komme meg nedover då Men der møtte eg jo problem.Sjølv eg går ikkje utfor stup Så der surra eg rundt då Intervalltrening Opp og ned Tilslutt var eg megasliten Prøvde å gå lenger bortover med tanke på at eg kunne vel komme ned der,men ga opp Kjende at no måtte eg snakke med nokon så ringde mellomste Veit ikkje kor eg er,sa eg Du er på Risnes sa han..Det visste eg jo.Såg jo rett ned på bygda langt f..nede Ingen sti der du er så gå tilbake der du kom frå.Han kan få sagt det Men var jo sant.Her var ingen verandes plass.
Men hadde det vore så enkelt Men,gjekk langt opp før eg på ny bevega meg i rett retning Til slutt følgde eg magefølelsen og kava meg nedover der eg trudde det gjekk.Var langt frå utgangspunktet. Kva fann eg..Genseren. På rett veg i det minste:-)Heilt utruleg , så trur eg fekk hjelp frå oven.Litt til og eg gjekk rett på eit rødt merke Lenge sidan eg har vorte så glad:-) Har i det minste fått trimma.Kunne med fordel tatt eitpar stolpar til der eg snudde,gått stien ned ,tatt vegen til utgangspunktet og oppatt og henta gensaren.Hadde gått fortare Men,ein må ikkje gje opp Stiv og støl Fysisk sliten,og det skal jo gjere godt Om eg skal på stolpejakt meir er meir usikkert Trur eg skal halde meg til dei små toppane nær meg Der veit eg no kor stien går:-) Skal ikkje vere enkelt og for dei fleste så går det heller ikkje an For meg går det meste an.Retningssans og kartforståing er ikkje mi greie Bør kanskje halde meg til strikking av restesokkar
Høsten er her om vi vil eller ikkje Vel og merke varmar sola godt,men ein kjenner den litt kalde høstkulden trenge seg på i nordavingen Mørkare kveldar minner om at no forsvinn dagslyset litt etter litt og dagane vert gradvis kortare Berre å nyte så lenge vi kan Ennå er skydekket ganske tett Yr seier sol og nydeleg ver heile dagen Yr vann over skyene igår så kanskje dei gjer det idag og
Mulig eg får lyst på ein tur i skog og mark idag.Vart ikkje igår Likar meg best når det ikkje er så mange ute å går. Med mitt tempo så føler eg at eg berre er i vegen når folk fyk forbi
Men,først må kroppen vakne til liv Den må få lyst til å bevege seg:-)
Ute er det sol,men massevis av skyer Ser litt sånn bob bob ut heile veret syns eg Vind og litt småkaldt
Nydeleg ver og sol heile dagen seier yr Tja,mulig yr har rett,men veit ikkje eg Inntil vidare vert eg inne i sofaen
Sit her med kaffikoppen og funderer over livet Ikkje så mykje å rope hurra over nyheitene heller Mange triste sjebner og drap verkar som skjer oftare og oftare i samfunnet vårt Skremmande og ein kan fundere over kvifor I det heile er verda litt tøffare enn før
Trur eg skal ha ein roleg søndag uten så mange planar.Strikke litt restesokkar.Visst yr vinn over skyene så mulig det blir ein liten luftetur Endå er dagen ung
Var ikkje tenkt meg på tur idag i utgangspunktet Ryggen krangla Humøret var sånn bob bob Fekk unna litt i huset men så kom eg på kva legen sa Det einaste som hjelper ryggen din er eit tur i skog og mark Valde gå frå Furset Det er det som er hovudstien til dagsturhytta trur eg Ikkje den eg brukar gå. Eg tek somregel den som går frå andre sida av fjellet og er nermast meg Men forandring fryder Starter med lang etappe på skogsveg før ein tek av inn i skog og mark Minner meg om ein skogstur der premien er utsikt på toppen Går jamt og trutt oppover Venta liksom på at det skulle åpne seg opp litt så eg såg litt anna enn skogen Og det kom til slutt Flott varde Vind på toppen så rusla ned til hytta Alltid godt med ein liten pause Rart dette kor ulik stiane til same toppen kan vere Blir nok mest den vanlege stien opp for meg.Kortare å køyre og kortare å gå Men denne er fin den.Sjølv likar eg å gå heimover å sjå utover havet,men viss ein ikkje likar vindmøller så er utsikta over til den andre sida av Dalsfjorden vakrare:-) Skjønner ikkje kvifor eg ikkje er flinkare å gå på denne små fjella nær meg.Bedre det enn etter vegen Kondisen blir ikkje bedre føler eg ,men det er nok kolsen si skuld.Viktigaste er vel å ikkje bli dårlegare:-) No kan eg og Ingolfen slappe av resten av kvelden.kva han jobba med ute om dagane veit eg ikkje,men kom nett inn.Same matvraket han som gamlemor God lørdagskveld