Skikkeleg surt

Levering av matavfall i dag
Dunken plassert på meg i min private utkjørsler som den pleier

Såg bossbilen. den bremsa og starta rygge

Men så etter litt gjekk det på fram
Rekna med det var personbil den traff sidan eg forsto dei brukte min veg
Men neidå. Der for traileren frå postnord

Eg tok kloggane og rusla for å hente dunken
Der låg den vridd med litt ødelagt lokk på sida
Og trur de den var tømt.
Langt ifrå
Så her sit eg med matboss som nok lukter veldig om 14 dagar og skada kok på spannet

Om det er greit
Langt ifrå

Om då sum sjåføren ikkje såg dunken bak traileren som nok var den som hadde brukt utkjørsla mi, eller ikkje tok den med fordi den låg flat veit ikkje eg.
Kjenner eg er freista til å sperre vegen for store køyretøy..
Dunken sto fint den før den vart påkjøyrd

I alle fall er det greit å ordne opp når ein køyrer ned ting
Skjønner det er frestane å bruke private avkjørsler når det er langt mellom dei offentlege,men ikkje når det går på bekostning av andre
Og ein ser jo bossdunken og må jo skjønne at bossbilen ein møter skal ta den med…
Trudde ein forsto slike ting sånn heilt av seg sjølv eg…

Vil iallefall ikkje ha klage på luktande matboss om 14 dager….

Brrr.

Vart plutseleg slutt på sommerlege temperaturer og rett på følelsen av at
No nærmar vi oss vinter

Men,nydeleg morning er det
Berre å innsjå at her må tjukkesokkar og gensar fram og vekk med t-skjortefølelsen

Funne meg kaffi og rulla meg inn i pleddet mitt.Fått varmepumpa opp eitpar grader

Nydeleg ver,sa Ingolfen og ut på tur
Der er ikkje eg.Altfor tidleg…
Men må nok ut eintur eg og ,om ikkje i skog og mark

Dei siste dagane har eg faktisk festa enda på ein haug med restegarnsokkar.Har eindel att endå
Trur eg bør feste dei etterkvart heretter
Utsette ting ein syns er mindre kjekt er ingen fordel.Det berre hoper seg opp med mindre kjekke oppgaver som ein ikkje ser enden på
Har eindel slike,og det triste med det er:
At uansett kor lenge eg venter så er det ingen andre som gjer oppgavene
Ender med følelsen av å ikkje strekke til og alt ser litt håplaust ut
Ein av desse oppgavene er å vaske vindua ute
Ser jo ikkje gjennom dei
Men denne veka er det meldt bra ver,så får håpe eg får litt energi
Bør jo skunde meg litt skal eg rekke det før vinteren:-)
Litt kjekt med uteaktiviteter når sola skin

Fordelen med seinvakt.Ein har litt meir tid i sola no når det går mot mørke kveldar
Droner i luftrommet i Norge og Danmark.Ikkje greit.Kven og kvifor …
Vi er ganske sårbare og uroa i verden er ikkje så langt unna oss heller

Vi blir små brikker i eit spel

Ha ein super tirsdag:-)

Gamla og katten


Ein ting har vi felles
Begge er vi matvrak
Ja igrunnen likar vi begge å late oss og
Slenge oss ned i sofaen og la humla suse
No er ikkje Ingolf spesielt glad i å feste tråda han heller
Men støttende er han
Det skal han ha
Drittjobb
Men må gjerast
Litt frisk luft har eg òg fått mellom bygene

Laga meg fårikål
Fekk så lyst på
Er til i morra og
Kunsten å kose seg
No er det snart Kokkeskolen
Mens eg fortsett med jobben med å få festa alle desse endene

God lørdagskveld

Blir litt lei

Føler at uansett kva nettavis eg åpner så er det ein ting som går att
Desse to som ein ikkje helt veit om høyrer til kongehuset eller ikkje
Prinsesse og sjaman
Ikkje veit eg.Folk må igrunnen vere kva dei vil og gjere kva dei vil så lenge det ikkje går utover andre
Då blir det straks ein tanke verre
Går nesten under all oppmerksomheit er bedre enn inga oppmerksomheit

Kan ikkje vere enkelt å høyre til kongehuset i desse dager
Krig og elendigheit vert nesten heilt gløymt
I Usa føler eg at pressefriheita er vorten ganske så innskrenka.Skremmande når kontrollbehovet vert for stort

Har sove pittelitt etter nattevakt
Men,når ein vakner av eit brak og hopper or senga fordi ein trur nokon har ramla på golvet,så er ein i tankane på jobb.
Kjenner pulsslaga endå eg
Reaksjontida var det ingenting å sei på.
Skal prøve sove litt til på sofaen,men må roe pulsen litt først

Skikkeleg høst ute så vert innedag.Bør vel kanskje vaske berre pittelitt:-)
Men ikkje endå..

Ha ein super fredag

Regn

Fordelen med slike regnværsdager er

Ein treng ikkje ha den minste dårlege samvittigheit for å sove dei vekk🥰
Nattevakter
Viktig å ha nokon som støtter opp om meiningane.

Det gode katteliv

Ingolfen her
Kor godt dette livet er kjem jo an på kVA ein forventar
Bur i lag med ei nevrotisk gammal dame det koster eiendel å forstå seg på
Kvifor all sinne og frustrasjon skal gå utover meg er vanskelig å svelge
Tek jo helt av
Det var eg som burde vore på kurs om aggresjonsforebygging. Ikkje ho
Kan jo skremme fanden på flatmark med augene

Men eg får mat innimellom
Gir kos og prøver halde orden
Går tur og fanger mus.
KVA meir kan ho forvente


Men stort sett går det greit

Vi er igrunnen EiT bra team

Treng luft


Godt å starte opptatt etter ferien med kjekk kursdag
MAP kurs
Korleis møte aggresjon

Men innedag og kurs fordrer frisk luft og tur for å tømme hovudet hos meg
Vart ei runde på folkestien


Dukker stadig opp nye figurer
Ikkje alltid ein treng å gå dei lengste turane


Gjorde seg med nok ein tur ut
Kroppen og gamla er klar for ein ny kursdag imorra
Mjuk start etter ferien var lurt

Ut på tur

Ikkje til fots men med bil.
Må jo teste om det fortsatt er ulyd i bremsene
Var ikkje det

Målet var loppemarked

Alltid kos å Berre kikke
Kjøpte meg kakeform og ei mugge
Klarte å la vere å kjøpe ting eg ikkje treng
Alltid litt for fristande å ta det ein syns er fint sjølv om ein ikkje treng det
Kaffi og kaker var der og

Tok litt lodd på ei bok. Og kjøpte kaffi

Hadde jo sett feil på klokka med ein time så rakk tur på grava og butikk før det åpna
Kjekke med slike hendingar er at ein treff folk ein sjelden ser ellers
Var bra med folk då eg gjekk Kan bli vel mykje kø

No er eg megamett
Laga pizza då eg kom heim
Var for å ha til niste men no er det meste på forunderlegvis forsvunne ned i magen.

Vore lenge mellom regnbygene og sola har fått sleppe til
No er høsttemperaturen tilbake.
Vi tek ein tidleg kveld. Konstant trøtt

Kosedag


Frukost på Olefine
Massasje på Bailine
Kikking i butikker
Helgehandling og nye bremser på Yarrisen

Sjølv om eg nesten ikkje har gjort nokon ting er eg sliten
Føler for å gjere som Ingolf
Ta meg ein lur

God helg

God helg