Berre å vere tilstades i naturen
Kun høyre naturens eigne lyder
Litt sus
Litt fuglekvitter og summing frå insekt
Ro i sjela
Nyte morgonen og kaffien ved sjøen.
Tanke krefter til ein ny dag
Nesje fort
Hukser det som heimevernet sin bastion men no er det privateigd og nydelig ferieplass
Var på tur med LHL
Må sei eg sleit litt med å finne fram.
Lite kjend i eigen kommune.
Men vert slitet
Utruleg vakkert.
Og eg fekk med meg nokre stolpar på stolpejakta.
Flott tur for to og firbeinte.
Godt fornøgd og melde meg likegodt inn i LHL.
Støtta dei har eg frå før.
Men dei har mange hus og der er nok av jobb og vedlikehald.
Ikkje berre berre å sette i stand gamle bygg.
Men vakkert på Nesje..
Tilbake til normalen:-)
Var nesten som det var godt å stikke hovudet ut idag og kjenne den normale vestlandslufta strøyme mot meg
Temperaturen er fallen mange hakk.Tid for å kle på seg litt meir att:-)
Regnet gjorde godt for naturen og lufta.
Skylla vekk mesteparten av det gule pollenlaget som har vore overalt
No er vi tilbake til normalt vestlandsver
Desverre så fortsett elendigheita på Gazastripa.
Og krigane berre aukar i omfagn og blir meir skremmande for kvar dag.
Kva vert neste steg
Gjer noko med meg kjenner eg.Verden er utrygg
Forma mi er så som så om dagen så her tek ein det som det kjem
Viktig det og
Ha ein super tirsdag:-)
Avslapping i Førde
Er Førde ein stygg by…
Syns ikkje det eg.
Vorte veldig flott ved elva.
Etter behandling hadde eg nokre timar venting til flyet til dattera landa.
Alt for lummert i butikkane så kjøpte meg wienerbrød og tok med kaffien til elva
Vakkert og avslappande i parken.
Kvilebenker overalt
Båten er klar visst syndefloden kjem.
Dattera kom og prøving av solbriller.
Eg kjøpte kjole som passer.
Garderoben har på merkeleg vis krympa fleire størrelser..
Merkelig..
Kjekt med litt annarleis dag i Førde meir tilpassa formen.
No er regnet her og gamla og Ingolf har landa på sofaen.
Gjesp…
Avslapping og bilbingo
Litt småslakk her eg sit og nyt siste solstrålene før regnet kjem.
Vi treng regn så greit det.
Må berre stoppe opp att😄
Mildt og fint ute og godt med frisk luft.
Avslapping på høgt plan.
Eit år sidan sist bilbingo men var kjekt så det gjer eg gjerne og håper andre og syns ideen er god.
Sit i bilen istsdenfor inne.
Kan jo ta med stol å sitte utafor og.
Berre det ikkje regnar.
Gamla skal vere med i kiosken.
Lappar.kaffi og is høyrer med.
Gleder meg eg.
Krev ikkje den store anstrengelsen og den slit eg med for tida.
Men går seg vel til.
Til dess tek vi to her i huset verda med ro.
Ha ein super søndag
Sommer og sol
Mulig dette er sommaren for iår.
Berre å nyte sjølv om kolsen er litt stri fortida.
Ikkje så glad i pollen og varme men går no greit.
Får halde meg til småturane..
No viser tv skjermen bildet dobbelt så er nok snart tid å innvistere i nytt
Vel kan eg vere spalta men går ei grense
Trur eg må prøve å tvinge meg sjølv til litt kvar dag ellers vert det ikkje ferdig
Blikkstille på fjorden.
Ei nydeleg tid
Kaffi og krim
Frihelga er over
Sola dukka opp att og gamla har planta baken i solstolen og nyt føremiddagen på balkongen med kaffi og ktim
Supert
Her har eg tenkt å vere til det er tid for seinvakt
Viktig å kunne kunsten å slappe av
Ha ein super mandag
Slåball
Har ikkje slått ball sidan eg gjekk i barneskulen før idag
Då var det klart for slåball på det som no er grendahuset men og med litt kortare bane.og selvfølgeleg litt kortare å springe for oss med litt alderstillegg😄
Her er Olga..
Kjempekoseleg ettermiddag med trivelege folk.
Ein vert aldri forgammal til å leike
Gult er kult
Ikkje i alle tilfeller
Ekstremt mykje pollen fortida og stakkars alle allergikara.
Merker det eg og.Tungt å puste
Men fins dei som har det mykje verre
Alt er dekka av pollen….
Sånn er det vel når det plutseleg blir sommar i midten av mai og alt sprett ut på same tid
Nesten så eg ynskjer ei regnskur som kan vaske vekk litt og vatne i tørrt terreng
Fin men travel 17 mai er bytta ut med to dager pinsefri:-)
Litt kaldere ute idag merka eg,og skyer på himmelen
Heilt greit om det går over til litt meir normale tilstander
Litt trøtt endå merkar eg men kroppen tenkte det var nok søvn,så då var det berre å stå opp
Kaffi og frisk luft gjer susen
Litt sånn betenkt over kor fort eg syns tida går.Månadane berre fyk avgårde.Har nok med alderen å gjere
Føler eg har allverdens tid for plutseleg å oppdage..Nei,det har eg aldeles ikkje..
Må nok skru opp tempoet eitpar hakk.
Ynskjer alle ein strålande dag:-)
Skal eg og berre eg får start på kroppen
God morgen
Ser ut til å verte ein nydeleg dag
Skulle gjerne brukt den ute.men må til byen eintur.
Eller Førde.
Kjem sjelden på den har bystatus
Tannpleie og bedøvelse…
Det er ikkje det store akkuratt.
Gå på butikken men hengegjeip og talevanskar.
Burde kjøpe beis.
Og kost.
Kanskje og ein fuktmålsr så eg var trygg på om det er tørt nok
Det er slike fine dagar ein skulle ønska ein budde meir sentralt .
Men men.
Sånn er det no.
Norge kom på siste plass på lørdag og eg er igrunnen ikkje overraska.
Så trøster ein seg med at norske var med å skrive vinnerlåta.
Ikkje akkuratt det same..men tek med det ein får.
Igårmorgon var der ein litt spesiell type som prøvde haike..
Rar framtoning og litt spesiell kledd for å vere på veg heim frå fest..
Fint ver så eg fann det fornuftig å berre la han vandre vidare..
Las seinare om innbrudd av vandrande personar..
Men måtte no vere ein bil eller båt einplass.
Kom truleg ikkje ned frå oven.
Men smilte gjorde han.
Det skal han ha..
Ha ein super dag