Vitamin i kvar stråle

Nydelig sol og sterk vind.
Kjenner energien berre veks på energilageret.

Naturen førebur seg på vårfregnene sprett ut som paddehatter
Ingolf stakk til naboen…måtte hentas..
Gjekk bra idag og.
vakkert men vindfullt.

tid for innekos og tv..
Verden er desverre ikkje like fin overalt.

Dagens styrketrening

Utruleg kor mykje kratt og småtrer her er.
Tek jo over heile naturen.
Så har hatt meg nokre timar med eldstemann på rydding og ved til vinteren jobbing.

Han styrer motorsaga.Gamlemor dreg kvist og samler ihop kubbane

Rekreasjon for kropp og sjel og trim for slappe muskler..
Fekk ferdig middag til og med.
Reine luksusen..
Kosa meg..
Skulle igrunnen vaske idag,men…
Utsatt…
Til og med laga fastelavensboller..
Men må innrømme..Er sliten..
Men det på ein god måte
Leggetid

Ørnemat!!

Er to flotte ørn som held til her.
Ser dei ofte,sånn ca kvar dag,men dei held seg høgt oppe,som regel
Speider etter mat…

Ingolf var ute og sonderte terrenget ,som vanleg ,og eg gjekk på den faste runda.Trim må eg ha
Sånn nesten heime ser eg opp mot huset mitt..
Det var då eg nesten fekk hjarte i halden og tenkte,,,,Ingolf,,,
For tett over huset mitt der kretsa desse to ørnene.
Nesten kommen heilt ned i runda si, og klar til å stupe for å fange byttet..
Eg jogga…Fekk fart på den gamle skrotten..

Ropte litt sånn panisk på Ingolf..
Der sat han.Kongen,,og skua ned på meg frå berknausen sin…
Ikkje visste han at Ørn er farleg for katter,
Men han kom som eit skudd.Sprang vel fordi eg sprang..
Kom til å tenke på kallen og katten…

Ingolf er nok ikkje vand å ha ørn og rev rundt husa. Ikkje lert å passe seg for dei.
Idag gjekk det bra,men kan fort gå gale..Var nok ørna som tod den forrege katten

Ørnene forsvann att når byttet var vekke

Ingolf hadde seg ein liten tur utatt no i kveldinga.Eg tenkte …tek meg ein dusj imens…Såg ikkje ørnene..
Men idet eg om utatt frå soverommet med kleskift,melde Ingolf han ville inn.
Eg let opp døra i god tru eg…Glad han kom inn så fort…til eg såg kva han hadde i munnen..
Eg tok eit langt byks inn baderomsdøra…Æsj..

Døra ut sto åpen,og ikkje veit eg om Ingolf gjøymde eller åt musa…Ser den ikkje og eg orker ikkje leite..Og det eg ikkje veit har eg ikkje vondt av
Ingen kjedeleg dag med den nye sambuaren

Det er ikkje greit

Kjenner md heile meg at krigen vi no er vitne til ikkje er greit
Ingen av dei andre krigane som rår i verden heller
Kvifor skal det vere slik at vi løyser konflikter med vold og makt?
Gjeld privat og politisk

Maktdemonstrasjoner der ein bruker andre midler enn komunikasjon er for meg heilt meiningslaust
Syns generellt det vert brukt mykje vold og makt i samfunnet og på det private,
Ender aldri bra.

No er eg rett og slett redd for verdensfreden.
Når stormaktene rasler med sverda er det alvor..

Tankane mine på morninen…Står i stil til gråveret utanfor glasa

Husarrest…er det greit..Helsing Ingolf

Sol,rolige vindforhald og fantastisk turver..
Var altso det eg tenkte..
Så mens gamlemor kjefta og smellte over kattehår overalt og støvsuga som ho skulle sette rekord,så gjekk eg..
Neimen ikkje eg som ba om å få komme dit..

Kosa meg glugg og bestemmte meg for langtur..
Var berre eit sår i gleden…eg kom meg litt for kort,før gamla gjekk lufteturen sin..
Låg mange hundre meter framfor ho,men trur de ikkje ørneblikket hennar fekk auge på meg..
Dvs ..ho såg nok ikkje det var meg, men ante nok ugler i mosen…

Innnnnggggoooooooolf..
Du veit det var som nokon hadde putta på ho penger..
Til slutt fann eg det best å svare og snu…
Fekk kjeft og vart geleida i hus..
Husarrest…
Så her har eg måtte vere inne i timesvis,.mens ho fekk både tur og jobba med ved..
Jaudå..slapp utatt.
Men då var sol vekke og dagen var ødelagd..

Skal nok stikke av att…Eg er konge og ikkje trellog rett og slett sur på heile fruentimmeret.

Ikkje verande ute


Så her ligg vi.
Eg fordi eg er småslakk og bør sove..
Ingolf fordi han ikkje orker bli våt..
Blei vekt av telefonen så håper søvnen kjem att i stormen.
Skikkeleg uver ute.
Rister og skaker i huset..

Her blir vi nok til jobben kaller..
Håper vinden løyer..

Skremmande tilstander

Må innrømme at når eg sit og ser på nyheitene med uroa i Europa,så kjem covid langt bak i rekka.
Vert liksom ufarleg i samanhengen…Blir kvalm og får ein uggen følelse i heile meg.

Veret står i stil til den følelsen
Skikkeleg drittver ute,for å sei det som det er.Til og med Ingolf har drygt lenge før han kom seg ut døra.Tok mange forsøk

Er stappa tett og fortsatt forkjøla.Tok den obligatoriske morgontesten,men den viser negativ

Er nok negativ på dei fleste måter antageleg.
Igår var eg på årsmøte i fagforbundet
Skikkeleg koseleg å kunne ha møte og treffe andre.Vi var få,slik sett var det greit i desse tider:-)
Litt greit å ikkje berre treffe andre digitalt,sjølv om mange kurs og møter gjerne kan haldast digitale fortsatt for min del.Slepp lange reisetider og utgifter.
Men det passer jo ikkje for alle det heller.

Nattevakter på tapetet.Sånn er livet i tredelt turnus:-)
Vakna tidlegare enn planlagt,så må prøve å få ta ein soveperiode seinare.Ikkje alltid det funker…når eg må.Ellers sovner eg på sofaen rett som det er

Prøve strikke meir på prosjektet…Krysse fingrane for at det fortsatt går bra–
God onsdagsmorning

Verden i fare


Frå nydelig morning til snø,vind og trussel om verdensfreden.

Skremmer meg skikkeleg..Farleg…
Og kva skjer no…
Frys frå før og blir ikkje mindre redd av å høyre på Stoltenberg.
er då ein ynskjer ein er like sorglaus som katten

Marerittprosjekt..
Rekt opp alt og starta på nytt..
Kjenner frustrasjonen tek overhand.

Vorte mykje sofa og soving idag.Slakk..
Så får no det heller berre vere at sola skein..
Til og med katten er forkjøla.

Får teste meg i morra tidleg.
Kan no vere forkjølelsen som fortsatt herjer rundt..

Ingolf har rydda seg plass i vinduskarmen..
Sånn bak ryggen min og med utsikt..
Fast plass.
Funne seg fort tilrette.
Men fader kor mykje kattehår.
Nesten gløymt kor mykje lodne katter røyter..
Bakdeler med det meste..

Men ,denne genserenn kan by på problem…
At noko så enkelt kan bli så vanskelig…

Strekk ut..helsig Ingolf

Nydelig ute idag..vore på tokt i fleire timar..
Tek på.
Så no ligg vi her..
Eg og gamla

Tek oss ein middagsstrekk
Gamla er litt slakk…seier ho..
Ikkje veit eg..
Eg for min del er i fin form…må berre lade batteria

Må jo passe huset