Basar og julegrantenning

Regnet hølja ned
Inne var det lunt og koseleg
Vi var ikkje så mange men kosa oss vi som var der
Den årlege tradisjonen må haldast ved like:-)

Gode heimelaga julebrød og pepperkake og sjølvsagt kaffi attåt:-)
Vann litt gjorde eg og
Uventa men kjekt

Som alle andre bygder så treng ein pengar til drift av grendahuset,eller gamleskulen som det igrunnen var
Den gjekk eg på den gang bygda var full av ungar .No har vi kun ein barnehage og ein skule i kommunen vår.Folketalet går ned:-)
Men ekstra kjekt er det når dei som er utflytta kjem heim på basar:-)Og alle andre og såklart

Akkuratt passe ver til å gå på basar
No er det sofakos og tv resten av kvelden

dunk,dunk

Det dunker og banker i topploket
Har gjordt det nokre dagar og reknar med det kjem av forkjølelsen
Tenkjer på dei som har migrene og kjenner denne dunkinga nesten dagleg

Tek liksom frå ein vit og forstand:-)
Akk ja,det går no over
Ute er veret heller trist etter nokre kalde dagar
For min del betyr det lite ,,for formen har sagt innetid no i fleire dagar
Men snart desember og jul
Har bestillt ei julegave eg..Litt seint ute sikkert
Innkjøp til barnebarna overlet eg ansvaret for til foreldra.Eg aner ikkje kva dei likar.Greit berre å kunne betale.Kunne jo gitt pengar då,men greit med pakke til jul syns eg
Har no funne fram adventslys og advendtsstjerna
Dvs,Det er ein ring:-)
Lys ute har eg ikkje,men kan sjå på naboen sitt,for der lyser det veldig fint
Tenkjer kvart år at eg skal ha ei lita lyslenkje ute,men kjem aldri så langt

Kanskje eg kan dulle meg til å sette på ei maskin med klær
Må få orden på eposten min og idag

Black friday
Eg treng lite anna enn julepresanga og når eg ikkje har fått ynskje så er det dumt å handle inn
Ha ei super helg:-)

Heksa på loftet:)

No går dagane her mest med å halde seg roleg og på sofaen
Hovudverk og forkjølelse
Kva type veit ikkje eg, men sliten vert eg iallefall
Idag er liksom dagen då det meste skjer seg
Var ein app som hadde låst seg på telefonen,så gamla tenkte det var lurt å restarte
Jaja.Appen virka att den ,men ikkje jobbmailen
Det gjekk derimot ikkje å logge seg på der att.Må nok antageleg nedom jobb for å få løyst floken, men fakerten så irriterande.Såg det kom ein mail eg burde ha lese,men …
Sånn går det når ein ikkje tenkjer så langt

I eit anfall av å føle at eg fekk gjordt noko kom eg på at julekappane til kjøkkenet sto oppe på kryploftet..Det måtte no vere noko eg meistra sjølv med litt feber
Ned med stigen
Rydda rundt,trudde eg og kravla meg opp.
Kasse sto så langt unna at eg då ikkje nådde den uten å stige heilt opp
Fann gardinene kjapt og skulle gå ned

Der sat eg som ein idiot
Stigen slo opp då eg gjekk inn på loftet
Tung må vite
Og selvfølgeleg så hadde eg ikkj rydda godt nok
For stigen den hadde så lagt seg oppå ei plastbøtte som stod på golvet.Den sto heilt inntil kleskapet og bom fast
Der sat eg ..Skjønnte eg kunne ordne fadesen med å få dratt til meg nederste del av stigen…
Men korleis fekk eg fat i den uten å tippe fram
Ikkje så bøyeleg lenger:-)
Kom på at eg kunne evt,ringe naboen…
Men,for å ringe må ein ha med telefonen
Det hadde ikkje eg

Fekk til slutt tak i nederste delen og kom meg ned…Litt av eit syn og tok si tid
Lurt å tenkje før ein skal gjere noko sjølv om det ikkje krev så mykje i utgangspunktet
Reine komedien:-)
Uff
Så trur eg skal halde meg iro resten av dagen

Jaja så står eg her

Vurderte om eg skulle innom matbutikk for å kjøpe med meg nokre få ting eg hadde gløymt før tannlegen

Men. Er ser ut som eg er delvis lamma etter all bedøvelsen hos tannpleieren så tenkte. Tek det på vegen
No tenkjer eg det var dumt
Litt lenge i kø
Men har fått sjekka augene


Ete middag på Coop og drukke kaffi på Olefine
Handla mat så kortet nesten streika
Snart jul og maten er dyr
Må handle mat til Ingolf på neste stopp
Ellers vert det spetakkel
Gleder meg til å komme heim på sofaen🎶

Plaskregn

No regner det i hytt og pine
Veit ikkje om ein med det får vaska husa sine
For det er jo snart jul og vaskegenet kjem fram
Ikkje hos meg,trur eg er bak fram

Er stappa forkjøla snufser og sukker
Skal på køyretur imorra og tanken gjer ikkje at eg bukker
Men må nok ta timane som eg har fått
Ellers blir det dyrt og i jula blir det smått

No håper eg på at isen vert vekke
Og ikkje nattefrosten kjem og lager eit drittglatt dekke
Har ikkje lyst til anna enn å sove
Men skal gjere det etterpå det kan eg love

Håper eg snart er forkjølelsen kvitt
Den har herja i vekesvis som eit mareritt
Men eg er ikkje aleine om denne plaga
Så får finne meg i det og gjere lite innimellom slaga

Dei usynlege heltane

Julebord på dugnad er mykje jobb
Det skal handlast inn
Maten skal forberedast
Poteter og kolrabi skal skrellast
Det skal dekkast bord og mykje meir

I grendalaga her og andre stader er dette på dugnad
Som oftast utførd av få usynlege som jobbar trutt og anonymt og ikkje minst gratis
Mat skal kokast og den skal serverast
Etterpå skal det ryddas
For ein innsats seier no eg
Blir berre så imponert
Igår var det julebord på Sørbøvåg
Eg var så heldig å få hjelpe til på sjølve kvelden
Barnemat mot all den jobben eg slapp unna
Eg berre skumma fløyten og blir kjempeimponert
Men, sånn er det jo med dugnad uansett kva ein jobba med
Før på dagen hadde eg besøk av ei som samla tomflasker for idrettslaget
Og her er lange avstander og mange kilometer med bil


Desse damene fortjener all ros dei kan få og maten var super:-)

>Slenger med eit der gamla og er med
Eg hadde det berre kjekt trass forkjølelsen

Glad det ikkje er idag
For fint vinterføre er no klink is og det høljer ned
Gamla har tatt paracet og funne fram rikeleg med snytepapir.Skulle tru eg hadde festa:-)
Innedag seier Ingolf,og eg er så einig:-)Håper forkjølelsen snart gir seg for er lei den no
God søndag

Akk ja:-)

Det laver ned
Så her er trimmen sikra om eg vil eller ei
Forkjøla,så vert liksom litt ekstra tiltak denne trimmen
Plogen legg flotte hauger i innkjørselen,så den er det greit å få vekk i det minste

Så lenge snøen er lett går det greit.
Verre når det no skal bli mildare å gå over til regn

Glømde å ta inn ved ,så her sit eg å prøver å psyke meg opp til å ta på meg kleda å gå ut å hente
Det tek tid altso

Blir nok mykje meir i løpet av dagen
For så vidt nett starta
Vinter er grei når det er kaldt og snøen ligg iro
Vestlandsvinteren er ikkje slik
Men sånn er det med den saka
Flott ver på Beitostølen ser eg på tv
Kjekt at nokon ser sola
Ha ein super lørdag.
Gamla må hente ved:-)

Vinter

Kaldt men flott,men no kjem snøen
Og det skal lave ned nokre dagar
Men så skjer det som skjer her vest
Regn
Og eit forferdeleg vinterføre
Passer meg serleg dårleg sidan eg må ut og køyre i verskiftet
Men,ingen spør meg:-)

Men no er det vakkert og fint å gå
Litt glatt enkelte stader.Så måtte vere litt obs

Fin tur:-)Men det var igår
Fortsatt flott ute,men skyene heng snøtunge og venter på å bli kvitt alt det kvite

Gamla har fyrt i ovnen og funne seg kaffi
Småforkjøla og frys
Berre å lade opp til snømåking
Ha ein super fredag:-)

Brrrrr

Huttetu og snufs og gjesp
Steike kaldt syns eg sjølv om varmepumpa går som aldi før
Husekaldt
Fekk ikkje skifta glas i år heller så til neste år må eg
For vel er det bra med litt lufting, men trur det er mykje energi som gå til spille

Jaja
Forkjøla og ein smule morragretten
Tatt paacet og funne kaffi så verden går seg nok til
Glatt ute,så fann fram broddar på turen min igår.
Er litt fint og desse dagane.Lite nedbør og måneskin om kvelden:-)
Men kroppen min er ikkje så glad i kulden den
Og endå er det ikkje så mange minusgrader

Ha ein super onsdag:-)