Gamla har landa i sofaen Heilt ferdig liksom Beina høgt og full avslapping Forma er ikkje på topp og det merkast
Hadde ein liten luftetur på Lutelandet med dattera Bles godt der ute i havgapet Ho jogga Eg pusta og pesa ca ein kilometer Kjennes ut som minst ei mil Rett og slett elendig form Men begge var fornøgd med frisk luft Litt avslapping før basar og julegrantenning Kjekk ettermiddag men merka at eg ikkje var heilt på plass😝 Jaja. Orda gjekk i ball. Det eg skulle sei var borte vekk. Godt å komme heim til sofa og tv Ha ein fin advents Eg må berre finne lysa først🌲
Vinden har roa ned verker det som Ingolf sit ute på trappa og kan ikkje heilt bestemme seg for om ute er den beste plassen Kjølig drag i lufta Eg skjønner han Har no bevega meg frå seng til sofa Laga kaffi Opptil fleire skritt Burde nok for kroppen sin del bevega meg litt meir Men ikkje no Korrupsjon, skandaler, krig og elendighet Vintersporten har starta på tv Handball Godt det er litt variasjon i EiT heller trist verdensbilde
For det er like dystert som morgonhimmelen
I dag er det basar og julegrantenning Kjekt og sosialt Ellers mange ting som foregår i vår vesle kommune God lørdag frå ei fortsatt redusert gamlemor
Eller det er rett og slett begynt å blåse opp Eg for min del er der eg stort sett har vore dei siste dagane På sofaen under teppet Kjem sterkare tilbake Personalmøte fekk eg med meg på teams Greit det finns slike muligheter
No er det rett og slett litt kjekt å kunne vere inne Fortsatt ikkje sjekka kor adventstinga mine er Er nokre dagar til søndag endå Ser på spillet og nyheiter Noko skal ein jo drive med
Serien om Petter og familien som reiser rundt og bur ilag med familiar i land rundt om i verda fasinerer meg Kjem så tett innpå korleis ein har det og dei kjenner på kroppen korleis det er å bu og leve sik. Må ha vore vanskeleg men lærerikt og all ære til familiane dei har budd med
Lærer mykje av det eg og Likar slike ekte seriar som syner det livet som det er, og tankane dei har rundt
Tidleg vaken idag,men ikkje rart etter all sovinga igår Litt og for å ta smertestillande:-)For smertene dei er der fortsatt Sånn er det no berre Må iallefall prøve å komme meg litt ut i frisk luft om ei stund
Skal vel vere bra ver idag og før veret snur Men fortsatt er det mørkt ute Står i avisa at bossavgiftene skal stige Grunnen er at vi er vorten for flinke å sortere;.)Rar begrunnelse Men når vi innfører ordning der vi betaler ekstra for kvar dunk vi levere med søppel,så blir vi jo automatisk flinkare å sortere. Papp og plast gir inga auking ,kun søppel Vi vart oppfordra til å bli flinkare å sortere.Så vart vi for flinke Skjønner at selskapet må få ting til å gå rundt Men kanskje konklusjonen vart litt feil Akk ja’ Blir nok dyrare uansett om vi er finke å sortere eller ikkje Ikkje enkelt dette her,Ikkje alt ein skal forstå
Har for god tid å fabulerer når ein ikkje orkar så mange andre ting Ha ein super dag
Den som sover synder ikkje er det eit ordtak som seier Godt er det, for mykje anna vert ikkje gjordt heller
Idag har eg stort sett sove vekk heile dagen Hjelp lite at det er sol når gamlemor er ute av drift Ryggen kjennes ut som den er av,, Eg er fortsatt stuptrøtt etter mange timars søvn:-)
Må prøve å halde meg våken litt kanskje Godt å få sove då Har vorte litt lite av det,men kroppen kjem vel til eit punkt der den kollapser den og Jaja går nok over dette og Planane mine for dagen er vorten utsatt Kanskje i morra Imorra er det ein ny dag
Fantastisk flott ute idag,men kaldt Hadde meg ein tur med matbosset Ja altso drog dunken til vegen Får vere bra nok tur Brodder og tjukke klær er eit must Så eg tutla meg innat og under peddet med kaffikoppen Bildet er ikkje frå idag.No er det skyfritt
Dagens plan er å finne ut kor eg har adventslys og stake Er liksom aldri der eg trur dei skal vere Merkelege saker Må og hente pakke Trur det er meir enn nok for idag Blir noko slapp av denne helvetesilden Men først tek eg ein lang kaffipause og kvil på sofaen:-) Lage meg frukost kanskje
Vaske til jul gjer eg ikkje Eg vasker om våren Må sjå kva eg driv med Men når eg har fått tørka litt støv Vaska over golvet og slengt på litt juledukar og nisser her og der så er det jul uansett Litt kjeks skal eg bake,men berre litt Lagar dei som eg veit forsvinn or boksane Ellers har dei mykje godt på butikken Elskar kjøpte havreflarn Bei svolten av å tenkje på det.
Eldstemann sende meg bilde av sursid som svar på at eg hadde fått helvetesild Likar igrunnen ingen av delane eg då Surrer no berre rundt her Ikkje så mykje som hjelper mot smertene heler så prøver late som dei ikkje er der
Har selskap av Ingolf- Han har ingen som helst medfølelse og syns eg bør ta meg sammen Ikkje med dei yngste han heller Vore ute og segla litt på isen,men idag er formen sånn passe så vart berre ein liten tur Men,frisk luft fekk eg Nei får strikke litt meir på sokken min. Få tankane vridd over på andre ting Ingen mønsterstrikking Må gjere det eg kan.Rett og vrangt:-)Går det og i ein støv Festing av ender får vere til seinare