Avslapping


Slapper av,rett og slett.
Fått fyr i ovnen,fått kaffi i koppen,funne fram evigheitsprosjektet og tatt kvelden
Håper eg slepp rekke oppatt meir.
Nett komme oppatt der eg var for veker sida
Sånn er det når ein ikkje passer på.

Skjønner ikkje kvifor ein må brenne koranen.
Kan vere ueinige om det politiske og religiøse men trakke på kvarandre si tru er vel ikkje nødvendig.
Fører berre til meir strid og ueinigheit.

Mi meining.
Surt ver ute.
Hadde liksom planer om å få gjordt litt idag men stort sett kun skifta gardiner i stova.
Ikkje so farlegmå ha nokre kasser opp på krypeloftet,men er vel bakvendt åleine.
Får ta det ein gang avkomma er innom.
Desse bratte stigane ballanserande med kasse i hendene er litt kinkig.

Må strengt tatt rydde oppå der,men tek det til sommaren.
Mykje boss sikkert
Er lat.
Litt for lat,ser eg på vekta.
Ete gjer eg desto meir.
Jaja…
Er eg sjølv som må endre fokus..

Men idag skal eg kose meg.

Der er vi to

God fredagskveld

Vakkert

Forkjøla gamlemor og slakk i kropp og sjel,men for eit syn.
Vakkert.
Kulden har tatt over for mildveret.
Køyr forsiktig.
Ta vare på kvarandre.
Funne meg ein kopp te,fyrt i ovnen og inntatt sofaen.

Ser ut på den flotte morningen med truande skyer i nærheita.

Ikkje så farleg.
Eg skal sove🥳

God morgon


Til og med eg smiler når eg står opp til denne flotte himmelen.
Og endå meir då det gjekk opp for meg.
Eg har fri.🥳Skal ingen verdens ting.

Har funne kaffi i koppen og krølla meg opp i sofaen.
Berre lekkert.

Skal rusle meg ein tur og stikke innom naboen..
Men ikkje no.
Kjenner at energinivået er på veg opp.
Får prøve bruke det til noko fornuftig.
Spørre naboen pent om å få vaske litt meir klær.
14 dager er litt lenge å vente🥳🥳
Gleder meg til ny maskin.

Berre å prøve fylle oppatt bufferkontoen🎈
Blitt dyrt å leve .
Og mange som slit.
Forskjelen i samfunnet vert større.

Vi kan jo håpe at verdensbildet endrar seg,men redd vi er inne i nye tøffare tider som vil vare..

Ha ein super lørdag

Og til slutt var all fargen vekke og det er grått

Ikkje min dag

For nokon var fredag den 13 mindre heldig..
Eg heng litt etter.
Sov dårleg ,men gjekk greit heilt til eg sat å venta på augepooi.
Hadde kjøpt meg ein kopp sjokolade.
Problemet var..den havna på bukselåret og ikkje i mage.
Så her var det å prøve vaske vekk det verste.
Fekk hjelp til golvet og bak..
Kaldt med klissvåt bukselår i minus 11..
Godt eg hadde boblekåpe..
Kom på at eg hadde på meg klokke..Det skal ein ikkje på operasjonssalen.
Putta den i kåpelomma og sidan var den borte vekk.
Huksa ikkje på den då eg tok på jakka
Antar eg sjølv har rive den ut ilag med telefonen utanfor sykehuset eller på butikken.For då eg trengde den…ingen klokke
Kan ikkje tru nokon tok den..

Ikkje min dag.
Mulig dei høgare makter meinte at eg ikkje trengde aktivitetsklokke..
Men er som å kaste peng ut av vinduet..

Kjøpt meg vaskemaskin og idag..
Litt ventetid.
Vasker hos naboen,men ikkje det kjekkaste ein gjer med desse straumprisane…

Men slike ulykkesdager er best å legge fort bak seg.
Sykepleiarane på auge pool var kjempeflinke.
Eg hadde folk som køyrde meg…sikkert lurt.

Gått turen min og laga meg god middag.
Pengane fekk fart på seg,men sånn er det av og til.

Syndaren…
sjelefreden.

No må eg fyre i ovnen til mesterens mester..
Så tek eg litt lørdagsgodt på ein fredag…
Det treng eg🥳

Vinterdepresjon

Nokon elskar vinter

Ikkje eg.
Snøen er grei visst den ligg iro og i passelege mengder,men isete vegar er det verre med
Godt sola har snudd og dagane vert lysare.
Gleder meg til vår
Energinevået er langt under null.
Gidd ingenting
Men det er som det er.

Hatt fri idag og berre kosa meg.
Digg.
Nyheitene er som vanleg berre trist.
Verden er ikkje berre fryd og gammen.


Blir denne ferdig nokon gang?

Sofatid er lekkert

Sånn strekk ut på sofaen mens eg prøver å halde meg våken.
Farmen og nyheiter i salig blanding
Eg er ikkje åleine.
Godt eg har vinkelsofa

Arbeidshelga over.
Fin helg med kjekke kollegaer.
Men,er ikkje 20 lenger kjenner eg.

Verdensbildet er ikkje så hyggelig.Skremmer meg

Ha ein fin søndagskveld

søren og:-)

Når ein vakner til beinfrosen bil og minusgrader, så tenkjer eg at…Søren og
Kvifor la eg ikkje noko på rutene igårkveld? I det minste tok opp vindusviskarane så dei ikkje fraus fast….
Etterpåklokskap er og ein klokskap.
Søv i det heile for mykje fortida. Og lenge.
så her sit eg klokka ti i pysjen og med kaffikoppen
Har seinvakt, så gjer ingenting, men planen var å få litt ut av dagen:-)

Om ikkje anna så fekk eg baka litt boller til frysen igårkveld
Litt greit å ha tenkjer eg.
Jadå. Veit at eg bør unngå karbohydrat. Men eg elskar det, og det visast
Poteter ,ris, brød og spagetti:-)Nam…
Må nok snart få på meg litt klær og ta ein luftetur før jobb…
Det veit eg er godt for kropp og sjel. Men piggsko antageleg
Det er vinter og veldig vekslande ver.

Ha ein fin fredag:-)

Kor er startknappen

Klokka er over 10 og eg sit fortsatt her med morgonkaffien.
Opplett ute og eg har bruk for ein luftetur…
Men kor er startknappen?
Ingenting i vegen med planane på fridagen,verre med utførelsen.
Ikkje uten grunn eg ikkje har nyttårsforsett.

Men,snart klar.
Ha ein super torsdag

Eg har gått i hi

Herrefred for eit ver det er ute.Må innrømme.Idag går eg ikkje utom ei dør.Trimtur skal gjere godt og ikkje føre til varig skade.
Ute er det rett og slett ikkje verande

Ingolf var ute då eg gjekk på jobb idag..
Eg kom seint heim,for stakk oppom naboen på vegen heim .Så var jo litt seint.
Ingen Ingolf kom kjeftande og klaga sin nød over regn og matmangel.
Låste opp døra…Og der sat han. Svolten men fornøgd…
Må sei eg tenkte…er eg vorte heilt sprø. Han sprang meg jo nesten ned idagtidleg på veg til bilen…Og ein katt kan ikkje komme seg inn aleine…

Så måtte sende melding til jr….og nabo….Har du sleppt inn Ingolf?…
Heldigvis så hadde han trefft på bossdunken min som var på ein flytur i vegen.Skulle berge den,då Ingolf melde seg og klaga si nød .Så han hadde jo syns synd i stakkaren…
For det er stemme på Ingolf..Det skal han ha…
Fekk beskjed av han at dette syns han tydelegvis ikkje noko om,men når pus får mat,så er alt berre velstand.
Kjende eg vart litt sånn uggen av ein katt som plutseleg hadde komme inn gjennom låste dører:-)Noko eg altså skjønnte han ikkje hadde:-)

No har eg fått levande lys på bordet og batterilys klar.
I dette veret kan ein jo miste strømmen.Ikkje ofte det skjer,men litt smart å vre føre var:-)

Her skal det berre slappast av,kjenner eg.
Gidd ikkje noko for tida.Ta fram hekletøyet og prøve å gjere ferdig dette langtidsprosjektet:-)
Ingolf har sovna .Utslitt av ein lang utedag.

Ha ein super kveld