Drypp drypp,det regner på tak

Eller for å vere ærleg.Det høljer ned og vinden tek tak
Like godt når det først skal regne
Håper isen reiser fort
Vegen min ser ut til å vere ei skøytebane
Glad eg har seinvakt.tenkjer eg

Ingolfen var veldig på å gå ut idag
Gjekk nermast til angrep.Har ikkje villa ut på dagesvis
Han ombestemte seg fort, for å sei det slik
Var ei volsom kjefting. Nett som det er eg som har ansvaret for veret:-)
Gjesp:-)
Godt å kunne sitte her med kaffikoppen og vakne litt om litt
No syns eg det vert mykje styr med desse masteroppgavene til politikarane våre.Reknar med at no skal pressa gå gjennom alle,så dette kan ta tid
Kilder er viktig å oppgi når ein brukar dei. Det veit til og med eg:-)Men trist er det uansett
Sikkert ikkje berre dei som har glømt kilder…
Men å stå i ein offentleg gapestokk er heller ikkje enkelt.Går utover ikkje berre ein sjølv

Er litt koseleg å sitte sånn ein søndagsmorning
Godt innpakka i pleddet mitt med kaffikoppen.
Ser ut på ruskeveret og med tv i bakgrunnen som fortel meg kva som ellers skjer i verden:-)
og det er ikkje så koseleg

God søndag

Mykje ver

vinter kan vere fint det visst snøen ligg iro

Men kan bli nok av den.

No kjem mildveret
Når ein jobber i helsesektoren kan ein ikkje ha heimekontor sjølv om det vert stålis på vegane
Håper dei strør godt🙂
Lite ein kan stille opp mot naturkreftene

Fasinerande lys på turen min i ettermiddag.
Broddesko var tingen.
Til og med Ingolf er lei vinteren
For mykje snø…
Men blir litt lysare for kvar dag heldigvis
Gleder meg til våren eg
Har tatt fram att hekletøyet.
Ferdig med gardinkappe nr 1..
Berre to att.Det er håp🥳
Berre å riste meg sjølv av og til..
Er litt for lat..

Søndagsro

har funne fram hekletøyet
Skal bli gardiner og skal dei verte ferdige må eg nok hekle…
Har ikkje hatt lyst å gjere noko på lenge..
Kan ikkje fortsette slik..
Må ta meg sammen.
ikkje frester det å gå ut heller
Skikkeleg surt ute.
Så gamla vert inne.
Ingolf er einig.
Idag får Danmark konge
Syns det er fint at nye får sleppe til eg.
Fornuftig av dronninga visst ho følte at helsa ikkje strakk til

Skiskyting på tv.
Passer bra til veret og vond hals.

God søndag

20 dag jul

Då kjem Knut og jager jula ut:-)
Den forsvann hos meg før i veka.
Vart liksom så tomt:-)
Litt kos med eksta lys og pynt i denne mørke årstida.-)

Men alt til si tid
Fortsatt grått og tungt så igrunnen heilt greit at juleblomstene enno blomstrer.
Har hatt dei som har takka for seg
Sit fortsatt i sofaen med kaffikoppen.
Halsen er ikkje god,men tek vel nokre dager før den finn att stemma
Går så mykje virus fortida
Startvanskane idag er ekstra store kjenner eg

Har regna eindel,men vegen min er fortsatt veldig travel å forsere.Og eg har salta:-)
Skal vel tilbake til snø og endå meir is.Det er skikkeleg vinterkulde hos oss iår

Bør det vere slipstvang på stortinget?
Tja…Går fint an å vere pent kledd uten slips.tenkjer eg.
Treng ikkje gå i joggeklær og t-.skjorte,men slips…tja

Mykje vi skal diskutere ser eg
Kleskode er viktig i enkelte samanhengar

Kanskje eg skal prøve å lette rompa opp frå sofaen 🙂
Ha ein fin lørdag

Stemmelaus

Vakna til heller svært rusten og svak stemme
Har nok snakka formykje
Sikkert mange som hadde kjent på glede om eg stillna litt.
Men,fridag og einaste som høyrer meg er Ingolfen.

Skummelt føre om dagen så heilt ok å ikkje måtte køyre.

Snart skal vel kulden komme att.
Får verkeleg sving på straumrekninga denne kulden

Skummelt i verda og fortida
Utrygt
Skummelt mykje som skjer i Norge og
Sånn grøss og gru følelse.

Verden forandrer seg.
Endå er det trygt å godt hos meg med fyr i ovnen og koseleg fridag
Norsk gull på skiskyting
Har ikkje så store krav

Vinteren kan vere fin den men altfor lang.
Heldigvis har sola snudd

God fredagskveld

Har ikkje lyst

Sit her trøtt i trynet
Kaffi i koppen
Ser ut og tenkjer
Har ikkje lyst ut så tidleg
Første punkt er
Komme meg heil ned til vegen
Der står bilen
Opp til meg er det nemlig stålis
Har strødd .men lite hjelp i


No har det lagt seg snø over..
Gjesp…

Ikkje greit å vere B menneske før kl.q0

Ha ein fin dag🥳