Helgemorgen

Ja då.Eg veit det er nyttårsafta,men fått vane å høyre på helgemorgen på Nrk.
Nyheiter med meir.
Greit program syns eg.

Snart nytt år og har ikkje utretta det store i 2022 heller.
Kjem nok heller ikkje til å skje neste år.
Ikkje har eg nokon nyttårsløfte
Dei brukar så alikavel gå i vasken
Nokre private håp og mål har ein jo alltid.
Varierer litt gjennom året.
Verdensfreden og våre litt hissige nabo i nord skremmer meg.
Vi er ikkje perlevenner akkuratt..

Kvelden igår gjekk med på å rekke opp det eg hadde hekla dei siste dagane og rette opp feil.
Blir ikkje så lett trådlaus iallefall.
Ikkje arbeidsledig heller.

Har vore vind og regn i heile natt..
Ufyseleg.
Skal vel gå mot kulde og is..
Regner endå så dryg ut mirgenbesøket hos naboen.
Innever,men er håp
Ha ein super dag

N0 koser eg meg

Funne engelske krimseria på nrk som eg ikkje har sett før.
Så her er det hekling og krim..
Ute er det høljregn før det nok blir til snø.
Men eg har tak over hovudet og koseteppe.
Kva treng eg vel meir.

Trur det akal verte greit å komme tilbake til kvardagen,for har vorte vel mykje søtsaker og mat..
Kjem jo knapt i kleda

Litt kjekt å hekle på duken att.
Gir jo eit håp om at den vert ferdig eingang
Litt greit å skifte på.
Greit syssel no i mørketida

Snart nytt år og nye muligheiter.
Eller syns igrunnen vi går mot tøffare tider.
Usikre.
Men vi får håpe det beste.


Men tilbake til krimserien min

God morgen

Slakk og småtufs.
Trur ikkje eg tåler å ha så mykje fri🎋
Er vel meir att eg igrunnen har tid å kjenne etter.

Funne meg ei bok frå bunken.
Har hatt lesepause ei stund,men trur det er tida til det no
Litt sånn tussemørkt om morningen no
Inne i den mørkaste årstida.

Eg lengter etter vår.
Når eg ser på sprengkulda i usa,så er eg vel heldig,tross alt.

Litt bedre i dagslys.


Om boka er god får tida vise.

Glad i blomster men grønne fingra har eg ikkje.
Trur ikkje dei liker sremma mi heller..
Snakker nok for mykje,sikkert.

Burde nok funne på noko fornuftig,men blir med tanken.
Held meg til serier og avslapping.
Litt vel mykje sjokolade men sånn er det🎍
Ha ein super dag

Tid for leik og moro

No må det seiast at tegning ikkje er mi sterke side,men som vanleg så deltek eg jo …
Tegn kvarandre fort ..
De ser kva eg tegner….

Spele og kosedag.
Frå gruble ,jenga med barnebarn med fleire til kunstnerisk utfoldelse..
Ikkje mi sterke side..

Kjekt å ha tid til fellesaktiviteter..

No er helgedagane forbi og barnebarna er reist heim.
Glatte vegar så eg skal halde meg iro.
Bør støvsuge,ser eg.
Ser ut som eg et på golvet.
Har nett hatt meg ein leieaksjon for å finne den råtne mandarina.
Kjende lukta,men fann den tilslutt🎋

Henge på ei maskin,kanskje og rusle ut eintur..
Ha ein super dag

Drypper på tak

Sterkt underdreve for det høljer ned.,
Vinden rusker godt og det er sånn flott..inne og kose meg ver.

Sit og nyt morgenstunda med kaffikoppen.
Har gått til ferdig god middag hos naboen kvar dag.
Eldstemann kokkelerer hos bestemora.
Flink med grytene og har ikkje lært det av mor..

Men eg er god på å ete.
Funne fram att hekleduken
Litt må eg gjære i regnveret
Frester ikkje til gåturer.
Snøen låg no julafta.No er det berre utriveleg.
Syns litt synd i min mellomste so ser ut til å starta sin eigen juletradisjon
Coronajul.
Andre året no og litt trist for oss andre som tenkte vi skulle få julafta i samla flokk.
Ikkje så ofte det skjer,men godt han hadde ein anna flokk å feire jula med..
Felles sjebne felles trøst❤️
Men slik er det ofte.
Livet har sine eigne kromspring.
Glad vi lever i eit trygt land enn så lenge.
Godt med julefri
Ha ein super dag.
9

Kvelden før kvelden

Julefreden har senka seg hos gamlemor.
Godt oppi godstolen,med pledd og hekletøy
Fyr i ovnen og julegodt.
No er det nyheiter og tv-underhaldning.


Ingolf kom innatt i full fart.
Snø er ikkje det store.

Kjenner at endelig er julestemninga kommen.
Kvit jul er det og.
Ikkje at eg treng det.slakk og sliten men med godfølelse.

God jul.
Ta vare på deg sjølv og dei rundt deg.

Solsnu 🥳

Endeleg snur sola..
Kvar dag blir pittelitt lysare.
Stas🥳
Idag hadde farmora mi bursdag
Så tenkjer litt ekstra på henne idag.

Gjesper og drikk kaffi.
Skyene heng tunge på himmelen.
Kva valør nedbøren kjem i er uviss.
Nok ei salig blanding.

Blir nok ein fin dag uansett.
Carpe diem

Julefri❤️

Julefreden har senka seg.
Avslapping,hekletøy og julefilm.
Stemninga må opp eit hakk,

Vel og merke er eg ikkje heilt klar for jul.
Men,det er ikkje så farleg.
Imorra skal eg pakke inn julegavene og rydde litt,så er det viktigaste gjordt
Kanskje nett dra over golva.

Først er det solsnu❤️❤️❤️❤️

God morgen:-)

Ute er det skikkeleg ruskever
Mildt og skikkeleg regnver
Litt usikker på om skøytebana ned til vegen no er heilt vekke,eller eg fortsatt bør ha brodder:-)
satser på at eg kjem meg ned bakken heil uten brodder,men kan vere eg må ombestemme meg
Ikkje så lurt med beinbrudd.Ikkje så sprek lenger:-)

Psyker meg opp til dusjen.Då er det gale,men kroppen er ikkje så veldig medgjørleg om morningen.
Ikkje så lurt å reise på jobb uten heller.
Bør helst lukte så nokonlunde greit.

Men kaffi gjer susen,og må ein så må ein.
Nærmer seg julefri:-)
Ha ein super dag

Vannstell gir og resultat❤️


Om ikkje anna så trivast kaktusane i mitt selskap❤️

Sjølv har eg landa i godstolen med strikket mitt.

Fekk liksom godfølelsen då eg traff på dette hjarte på lufteturen min idag.
No høljer det ned,og håper isen forsvinn frå vegane.

Varmer godt.
Kos å berre sitte og nyte kveldsroa.
Eller ettermiddag er det vel.
Mørkt uansett.
Skal nok gjere litt eg og idag,Men no treng eg berre litt kosetid