Stilling av klokke


Kva skal eg med tidlegare mørke kveldar…og ærlig talt..treng eg det.
Eg treng at det fortsatt er dagslys når eg kjem frå jobb eg
Men er det nokon som spør meg?
Synd i nattevaktene rundt om som får ein ekstra time..
Sjelden det er same som får fordelen med den korte..
Himmelen ute er som eg føler meg..
Kan tolkast..

Strikk etter diagrammet og strikk tommel som vist der…
Ser ikkje eit einaste merke….
Så etter å ha brukt mykje unødvendig energi ga eg opp…
Får ta boka med til naboen

God søndag frå morragretten bestemor,som ikkje vart mindre gretten av ein time ekstra morgenstund

Prøver noko nytt


Har lenge hatt lyst å strikke votter.
Kanskje ikkje rett tråd og farger,men er jo ein test.

Ikkje vand å strikke mønster,men dette er enkelt og litt kjekt..
Til eg starter med tommel og felling

God helg

Soneterapi

Spennande
Behageleg terapeut,avslappande rom
Snakka,fekk nåler i øyrene,starta masseringa.
Var overraskande behagelig..
Klarde få med meg 15 minutt..

Innimellom kjende eg ho traff litt vondter men for det meste…

Eg sov og snorka ..Kunne sikkert høyre meg over heile bygget..
Ingen kan påstå at eg ikkje slappa av

Forredere og hekl.
God fredag

Bønder spelar ikkje tennis


Kunst av tøddel på Almuen.
Kjempegod kaffi og gigantisk skillingsbolle
Koselig kafe.
Har det i Dale.
Fekk alt for god tid,så la inn kosetid på kafeen.
Viktig å kose seg i ein travel kvardag.
Fri til mandag.Luksus.
Handla litt mat og vore innom Europris og handla til Ingolf…
Like volsom å ete som matmora

Spent på soneterapien.
Sikkert greit å bli kvitt all denne negative energien eg stråler ut

God helg

Fullt køyr :-)

Tankekøyret er det som er mest slitande
Hjernecella jobber på høggir natt og dag. Søvn har den ikkje tid til.
Og alle dei tema ein er innom då…Heilt vanvittig. Ikkje kjem ein stort vidare med tankane heller, for har liksom ikkje mandat til å løyse dei i søvne heller:-)

Når eg då til slutt sovnar…Då gjekk alarmen.Røykvarslaren slo ut i fulle sirener. Og her er det seriekobling.
Gamla var kommen i innerste kjellarboden før augene var skikkeleg åpne..
Ingenting og spore. Nok berre tett luft. Så vart utlufting .
Katten var like forvirra som gamla.

Søvnen stakk og av,så no sto eg til slutt opp.Hovudverken er begynnt å bli temmeleg forstyrrande,så tatt medisin:-)
Blir litt slitsom dag med lite søvn, sånn er det.
Kanskje eg burde hatt ryggmasasje idag og ikkje soneterapi.
Men kanskje det og løyser opp negativ energi og stresshormon:-)

Frihelg,så her skal det slappast av.
Berre senke skuldrane og la humla suse.Det er faktisk viktig i ein travel kvardag.
Ikkje er det lenge til jul heller …
På tide å tenke på presangar og forberedelsar…Plutseleg er det 14 dager att,og eg har gjordt null.
Skjedd ofte:-)Intensjonane er der ,men venter på stemninga og lysta.
Alt blir jo dyrare og dyrare..Her må planleggast:-)

No er det tid for kaffi og aviser:-)Ha ein fin dag

Budsjettdag kan og vere kjekt

Ikkje det at kommuneøkonomi og sparing er det hyggelegaste eg gjer,men opplegget idag var faktisk både innhaldsrikt og lererikt

Litt greit å kunne sitte med småbord godt blanda med politikara,leiarar og tillitsvalde i skjønn forening
Høyre dei ulike einingane presentere seg sjølv og deira prioriteringar, og gruppeoppgavene etterpå.

God betasuppe gjorde godt når vi endeleg fekk pause og mat:-)Blir litt hissigare stemning visst folk er svoltne:-)Har det med å ta litt lenger tid enn planlagt,men vi kom no imål med både budsjettdag og kommunestyre til avtalt tid.

Det er jo no jobben startar,og den er ikkje like kjekk:-)Berre for å nevne det

Imorgon er det Førde og injeksjon på auget.
Tenkte eg i tillegg skulle prøve soneterapi.
Ja ikkje på auget:-)Ikkje på sjukehuset heller
Men som ein pause på vegen.
Aldri prøvd,men skader ikkje .Trur både kroppen og sjela har godt av det:-)
Treng å roe ned tankekøyret:-)

Avslutta med luftetur og mat,selvfølgeleg:-)
No er det innekos.
Dvs….Eg må visst skrive oppatt eit referat eg ikkje får åpna:-)Jaja..Noko skal eg no ha og drive med

Ha ein super kveld

Firkanta


Føler meg litt firkanta fortida.
Sånn bokstavelig og overført.
Ingen grei ting igrunnen.
Det er kanskje bedre å vere rund i kantane.
Men er ein for rund blir ein plutseleg ein ål.
Den er litt sleip så den vil ein iallefall ikkje ha.

Musklaturen har stramma seg og hovudverken satt seg.
Gleder meg til frihelg.
Av og til er livet litt travelt.
Går seg til.

Berre hjernen min som ikkje heilt klarer slå av.
Irriterande når eg ikkje finn avknappen.

Regn ute..
Dagens lyspunkt..
Skal til frisør og få fjerna fartsstripa.

Men firkanta eller rund..
No er det litt meir kaffi og godmorgen norge..
Ha ein super dag

Rutiner

Alle har vi vel litt rutiner i liva våre.Ting vi brukar gjere:-)Nokon meir enn andre
Har morgonrutina mi…
Kaffi og nyheiter på nett.
Berre sitte i morgonkåpa,tulle rundt meg teppe.Kose meg med kaffikoppen,mens eg oppdaterer meg på nyheiter i fjern og nær.
Fin måte å vakne på.her må det gå litt langsomt:-)Bør ikkje tilsnakkast…
Dusjen tek eg om litt..Forkjølelsen heng i så godt den kan.Så tørkerullen får kjørt seg

Innsamlingsaksjonen igår satte nye rekorder.Leger uten grenser gjer ein kjempejobb.Set sitt eige liv i fare for å redde andre.
Kjempeflott at givargleden er så stor:-)
Viktig at vi er der og hjelper i land som vi ofte gløymer har katastrofer,når krig kjem nær oss.


Har funne fram att langtidsprosjektet mitt…
Passelig syssel no i høstmørket.Går berre veldig tregt…

Ha ein super mandag.Her må eg tutle meg i dusjen.

Her renn det over altso:-)

Når det einaste du treng er rikelig med papir og tørke nasa med,så er det ikkje så mykje meir ein orkar:-)
Sånn riktig skikkeleg forkjøla på tredje dagen…men det går jo over..Må berre vente å ha tolmodigheit

Lenge sida eg har vore s sylta.Er nok virus .Naboen fekk det før meg,så er nok vorte smitta
Men matlysta er på plass,desverre…
Eller mest søtsaker eg har kasta innpå.Ikkje bra..

Merkeleg når ein er sjuk.Vert glidande overgang frå natt til dag.Søv liksom stykkevis og delt og døgnet rundt:-)

Får håpe det gir seg like fort som det kom
Var visst flott nordlys overalt igårkveld.Var ute på altanen for å sjekke eg og,men såg ingenting..
No ser eg lite mot nord grunna fjellet,så skulder på det.
Ikkje var eg så lenge ute heller…Ganske kort for å vere ærlig.
Har no testa meg for corona for sikkerheitskuld..Men det har eg ikkje

Fantorangen var med på maskorama:-)Litt artig og spesiellt.Fekk i det minste fram smilet mitt.Blir mykje tv -titting frå sofaen desse dagane
Nyheitene ellers inneber mykje elendigheit

Vore nydeleg ver i det siste,men vinteren lurer nok rundt hjørnet.
Fått lagt om dekka etter nokre kalde morningar.Skummelt med sommardekk når det ligg is i svingane.
Men sidan det er gjordt,så kjem det vel mildver antar eg.Men det får så vere.
Iallefall så gjer det godt med kaffi nedi ein endå litt sår hals.Men den har komme seg.Halsen altso:-)

Ha ein super søndag

Når uroa spreier seg og ting vert litt svart
Er naturen god å ha i all si prakt
Berre rusle rundt og ta det inn
Gjer godt i både kropp og sinn

Kvelden har senka seg og dagen er vorten kveld
Godt med ein fridag før jobbehelg