For meg altso Arbeidshelg med kjekke kollegaer på ein koselig arbeidsplass er over Kvardagen kan av og til vere utfordrende, men koser meg. Men idag syns eg dagvakta vart veldig lang. Rart med kva denne klokkestillinga gjer med kroppen. Ute var veret flott og eg drømde om fjelltur Rakk det so vidt.Vert tidleg mørkt Og ikkje nokon lang tur Godveret var ein sagablott og regnet gjorde sitt inntog. Men eg er vasstett Flotte farger, men ellers vått og slept
Utruleg vakkert sjølv i skya ver, og regn som drypper. Gjorde godt for kropp og sjel
Var godt å komme heim. Eldstemann var innom og fyrde i ovnen So no er det godt og varmt i stova Eg har benka meg i sofaen med strikketøy og ser på farmen.
Vore ei super helg. Høsten på sitt beste. Stiv og støl etter gårsdagens yoga kom eg meg på fjellet Rekreasjon for kropp og sjel. Vidsyn.Dagsturhytta i Fjaler. Tenkte eg måtte innom den idag. Bruker ellers kun gå til varden eg
Tanker krefter og nyt augeblikka
Heim til børsa og tvaksjonen. Kjekt å kunne bidra som ei lita brikke. Mange bekkar små gir ei stor å
Fekk raspeballer hos ho mor i forbifarten. Berre velstand. Kvelden har senka seg.Fortsatt stiv og støl Er igrunne skikkeleg godt i sofaen med teppe,strikk og tv.
I morra er det slutt på fri og godveret Redd eg vert endå stivare i kroppen enn i dag
Innsamlingsaksjon Care Norge Og eg er klar Larris og,for skal tilbakelegge nokre mil Kjekt å kunne bidra til at kvinner som lever i fattigdon,får muligheit til å tjene penger,bestemme over eigen kropp og verte høyrt.
Klart det går ein del av pengane vekk til administrasjon. Men noko kjem fram. Er sånn hos oss og. Vi dreg ifrå utgiftene vi har hatt.resten er overskotet vi kan bruke.
Nydelig morgon,men kaldt høstver Sola varmer nok opp . Kjenner gårsdagens yoga på kroppen Armane er verst faktisk… Jaja…her må det nok trenast litt styrke.
Men ikkje idag… Vurderer ein tur før børseberinga… Men først meir kaffi
Kjære vene kor stiv eg er… Strekk og tøy. Inn med det meste,rak rygg og pust… Var rett og slett smerter.. ante ikkje at eg var så stiv og totalt uten muskler.. Helsiken. Ein fot rett bak ..Den andre dreg ein opp til kneet med sving innover… Der tok krampa gamlemor.. Under høgre fot.. Fytti… Ikkje ein einaste øvelse vart tilnærma lik det den skulle… Slapp av og nyt… Jau…lett og sei Men eg gjorde mitt beste og yogainstruktøren ho var fantastisk. Anbefaler på det varmaste. Men.gjorde godt… Og skal pine meg igjenn. Hadde tenkt meg på fjellet,men kjende at det nok var i overkant. Rusla meg ein tur etter vegen Nydeleg ute men no kjende eg at sofa,det hadde vore supert Tusla heim og la meg til bløyt i badekaret Hærlig. Fått i meg middag og krope godt opp i sofaen. Kaputt. Så får den flotte kvelden ute fred for meg. God lørdagskveld. Redd eg kjem til å kjenne det i morra
Tenker på onkel idag. Hadde vorte 73. Trur sola skin for han
Måtte nyte soloppgangen idag. Utruleg flott. Kolapsa på sofaen etterpå. Ikkje av sola,men av nattevakta. Kan ikkje sove vekk slike flotte dagar.Så sto fort oppatt Vakkert med desse flotte fargane. 14 pluss og har vore mykje ute Kveldshimmelen er utruleg flott. Sjelefred… Hadde det ikkje vore for at mønsteret til genseren eg strikkar er borte vekk… Har lett overalt. Under,over inni og oppå det meste. Papirdunken vart snudd på hovudet.. Finn masse rart… Men ikkje strikkemønsteret…må nok skrive etter eit nytt… Men pokker så irriterande…. Må nok kanskje vorte kasta…for tviler på det spøker….sporlaust vekke
I morra skal eg på yoga… Korleis det går er eit åpent spørsmål. Aldri prøvd ,og stiv som ein stokk… Men duger ikkje uprøvd.Kan bli innvikla
Nydelig haustdag og fri Nydelige oktober Kor heldige vi er som bur i dette vakre og fredfulle landet På fjelltur med veslesysta. Vått men flott tur. Alltid kjekt i godt selskap. Vakkert og stille Kvalitetstid Viktig å stoppe opp og tanke krefter Ned til fårikål Berre velstand. Kveldsroa har senka seg. Sofa,pledd tv og avslapping. Carpe diem
Sov.. Tungt og totalt utkobla. Igrunnen nett sovna etter nattevakt.
Der ringer telefonen… Eg slo av.men ga seg ikkje… Helt i halvørska tok eg den. Kva kontordama på auge pool må tru om meg veit eg ikkje. Ho fekk nok berre bekrefta ein mistanke.. Sa mykje rart Har de prøvd finne avtaleboka i veska i halvørska? Mykje i den veska… Legen måtte flytte time.. Ikkje enkelt når ein har mange avtaler den dagen… No må eg opp før hanen har tenkt å bevege augeloka… Men greit å få fleire ting unna på fridagen… Fått fyr i ovnen. Frys og er forvirra Krølle meg oop i sofaen. Sove og innever
Fekk ikkje sove. Godt på ein måte. Det å stå opp og nyte soloppgangen er nesten magisk. Sitte her i sofaen,inntulla i pledd. Godt grep om kaffikoppen,mens eg ser utover fjorden. Sitte her Lytte på radioen i bakgrunnen Fundere over livets hendelsar Lese aviser og nett. Noko er bra…andre ting ikkje. Livet er ikkje berre solskinnsdagar. Gjeld å gjere det beste utav det. Bruker ofte korte fjellturer, eller berre gå etter vegen til å klarne topploket. Då kan ein få ut det ein måtte ynskje av tankar,sortere dei og nullstille. Ikkje alt ein tenkjer som bør komme ut. Dei fleste av oss har vel seriøse og mindre seriøse sider.
Kaldt ute om nettene no. Vi nærmer oss vinter. Fått på vinterdekka. Litt for skummelt for meg tidleg morgon,og seint på kveld. Kanskje litt pysete,men er no meg.
Kanskje eg skal ta meg ein tur før jobb. Men først må eg våkne
Hausten har tatt tak Kulden gjer inntog og tid for fyr i ovnen og ullklær
Flott årstid med nydelig fargespel. Men,samtidig går ein inn i mørkare tider i naturen og sjela. Ikkje så glad i mørketid og vinterdepresjoner,men prøver å vinkle det positivt.
Snart ta på meg varme klær og rusle meg eintur Håper å få hjelp med vinterdekka til Larris. Tryggast med vintersko Pyse delux.