Grått

God morgon til ein grå dag
Litt som eg og føler meg idag
Grå
Enkelte dager er slik
Og heilt greit
Ikkje alle dagar ein føler at sola skin inni eller ute:-)

Heilt stille på fjorden
Trollsk med skodda som heng litt rundom
Inne er det lite trollsk
Meir normalen med kaffi og teppe og God morgen Norge

Seinvakt så kroppen har litt tid å komme igang
Morgenfugl er eg ikkje:-)
God mandag

Med bilde frå arkivet:-)

Søndagsro

Gå tur uten regn
Våken etter god natt i seng
Pizzabaking og søndagsfred
Til og med fått henta meg ved

Tv kos og hekletøy
Det spraker i ovnen
Rett og slett gøy
Ingolf har funne plassen sin.
Nett som eg har funne min

Søndag og fri gjer godt for sjela
Så får det heller vere med resten av verda
Idag har eg rett og slett nok med meg sjølv
Endå godt at eg ikkje likar øl

Funderingar

Verda er ikkje det den eingang var
Krig og elendigheit
Menneskeverd og hensyn til barn og hjelpelause er ikkje lenger viktig
Der ein før slåst med knyttnever nyttar ein no kniv
Volden brer om seg og eg lurer
Kva er grunnen?
Det å vere ung i dag er ikkje enkelt
Mykje tøffare enn då eg var ung
Vi var igrunnen heldige som slapp all påvirking og mobbing som no foregår på nett
Mange fordeler med teknologien,men jammen er baksida og ganske så svart

Klart det var tøfft for mange før og.Men samfunnet no er vorten tøffare
Vi krev mykje av dei unge og det er lett å få følelsen av å ikkje vere god nok:-)

Mange tankar som svirrer rundt i eit gammalt hovud på morgonkvisten
Tidleg våken og kaffikoppen gjer susen
Ute ser det ut som det vert ein regnfull og tung dag
Men det går mot vår

God torsdag

Kongen har bursdag

Gratulerer med dagen
Flott konge vi har.
Oser tryggheit og ro

Morfaren min hadde og bursdag denne datoen.
Han er borte for lenge sida , men minnast han ekstra denne datoen.
Ser han vandrer rundt med hendene på ryggen.
Minner er gode å ha

Ser sola ute..
Kanskje eg tek den rusleturen før jobb..
Litt meir kaffi først.
Så ynskjer er kongen og alle andre ein strålande dag.

Det regnar trollkjerringar

Rett og slett skikkeleg drittver ute
Turver er det ikkje og vind og regn stopper til og med gamla.
Så etter jobb turen idag vart avlyst:-)

Har heller kosa meg med god middag, Fått fyr i ovnen og slått meg ned i sofaen med teppe og hekletøy
Nett det eg treng:-)
Ingolfen er hjartens einig

Så her sit vi
Polske bønder stenger grensa til Ukraina. Misfornøgde med vilkåra
Verden er ei einaste slagmark føles det som
Sjølv så prøver eg å få kvardagen til å normaliserast etter at vi mista bautaen vår Sånn er livet:-)
Men, kvardagen går vidare og vi må finne vår veg vidare uten.
Rart når ein plutseleg vert den eldste i familien
Er då eg kjenner skikkeleg at eg er ikkje nokon ungdom lenger. Tvert imot
Snart pensjonist 🙂
Går mot vår og lysare tider.
Prøver å få litt arbeidslyst, men den forsvann med regnveret:-)
Har no i det minste fått vekk dei røde heklagardinene på kjøkkenet.På høg tid:-)

Kom seg:-)
Fortsatt lyst ute og våren kjem nok om ikkje så lenge…
Det er fortsatt lyst ute:-)
Slett ikkje verst

Ha ein super kveld:-)

Treng ein søvn?

Selvfølgeleg gjer ein det.
Men kor lite søvn kan ein klare seg med.Det er det eg føler kroppen min tester ut.
Og det vil eg sei..
Vert sliten av lite søvn..
Igår var eg på min vante augesjekk.
Trykket vil ikkje ned og synet er same elendigheita.

Høgdepunktet er Olefine…
Kafebesøk må til.
Mat må eg ha..
Tidlegvakt idag…
Mulig eg kan rekke litt søvn..
Eller skal eg lage kaffi…
Dagen blir kva eg gjer den til

Ha ein super dag

Ingolfen her…


Ligge på teppe?
Kan ho berre gløyme..
Er ikkje mitt problem at ho har vaska og støvsuga..
Og kor er det teppet som låg der lurer eg på…
Surt er det og
Kjefter og gneldrer..eg let det gå inn eit øyre og ut det andre..
Naboen har øydelagt gjøymeplassane mine..Det vert ikkje nemt
Heldigvis står klatretreet mitt endå..
Her er ikkje noko sikkert..

Men vi har no fått litt frisk luft før regnet igjenn ødela morroa

Tankar ei morgonstund

Ute rett og slett høljer det ned
Sånn skikkeleg ufyseleg drittver,tenkjer eg i mitt stille sinn
Brrrr.
No var planen ut i hagen og dra saman all kvisten etter at naboen hadde fiksa utsikt…Men ,…må sei…No fristar ikkje det..
Kan jo lette så ser det an…

Har i det minste fått nokre timar søvn.Ikkje verst berre det
Tek si tid før alt er tilbake i kvardagen
Men ,morgonstund har gull i munn seier ordtaket.
Eg har mine tvil om det,men set pris på kaffikoppen og roa.

Bakdelen med lysare dagar og meir sol er at då ser eg jo og støvet.
Iallefall når eg har på brillene
Ikkje bra

Så no har eg laga meg ein plan i hovudet
Her skal det vaskas og ryddast .
Starta med stor iver på taket i stova ein dag:-)
Vaska ein vegg,og der var det slutt på den energien…
Brytaren vart slått av og eg har ikkje funne att påknappen endå
Men ,eg er igang..
Treng ikkje gå så fort:-)
Var mest for å få tankane over på andre ting og fysisk arbeid gjer godt for psyken min:-)
Men idag har eg igrunnen mest lyst ut…Visst veret berre og finn avknappen:-)

Nyheitsverda er berre fæl….Skremmande
Så her må ein gripe dagen og nyte den så best vi kan,mens vi kan.
Ha ein super onsdag

Gull verdt

Når ein kjem heim frå jobb til rydda tomt nedanfor huset kjenner eg at tårene ikkje er så langt unna.
Er fortida litt vel lettrørt .
Tårene fyk rundt frå før.
Tusen takk til den supre hyttenaboen
I dag har han jammen jobba hardt.

Eg har fått utsikt eg ikkje har hatt på åresvis
Bakdelen er jo at det og vert innsyn…
Og meir vind.Mwn det er verdt det
Så imorra kan eg dra litt kvist og få ut litt følelsa på fysisk aktivitet..

Den er nok ein smule i overkant men kva gjer no det…

Carpe diem

Gjordegodt å besøke grava til mamma og pappa.
Tenne lys og minnast litt før oslofrøkena og mammaen tok beina fatt og gjekk folkestien på Sørbøvåg.Brodder anbefalast der som ellers:-)
Fekk slik eiga ro vi gjekk der.

Engler i snø og kaffikos i gapahuken. Var rekreasjon for kropp og sjelkvalitetstid før turen gjekk heim til fastelavenboller og skiskyting..
No er eg og Ingolf der vi har likt oss best dei siste dagane..
På sofaen
Syns litt synd på Terjai Bøe med 4 bom på ståande og gratulerer dei tre norske med medalje..
Søndagen er snart over og kvardagen starter att.
Litt ny kvardag men det går seg vel til