Tankar ei morgonstund

Ute rett og slett høljer det ned
Sånn skikkeleg ufyseleg drittver,tenkjer eg i mitt stille sinn
Brrrr.
No var planen ut i hagen og dra saman all kvisten etter at naboen hadde fiksa utsikt…Men ,…må sei…No fristar ikkje det..
Kan jo lette så ser det an…

Har i det minste fått nokre timar søvn.Ikkje verst berre det
Tek si tid før alt er tilbake i kvardagen
Men ,morgonstund har gull i munn seier ordtaket.
Eg har mine tvil om det,men set pris på kaffikoppen og roa.

Bakdelen med lysare dagar og meir sol er at då ser eg jo og støvet.
Iallefall når eg har på brillene
Ikkje bra

Så no har eg laga meg ein plan i hovudet
Her skal det vaskas og ryddast .
Starta med stor iver på taket i stova ein dag:-)
Vaska ein vegg,og der var det slutt på den energien…
Brytaren vart slått av og eg har ikkje funne att påknappen endå
Men ,eg er igang..
Treng ikkje gå så fort:-)
Var mest for å få tankane over på andre ting og fysisk arbeid gjer godt for psyken min:-)
Men idag har eg igrunnen mest lyst ut…Visst veret berre og finn avknappen:-)

Nyheitsverda er berre fæl….Skremmande
Så her må ein gripe dagen og nyte den så best vi kan,mens vi kan.
Ha ein super onsdag

2 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg