Fridagane er til ende og klar for jobb resten av påska:-) Nokon må det og Nyt fredagsmorgonen under teppe på sofaen og drikk kaffi Ser ut på stille fjord,skya ver og ein balkong som er begynnt å ta form
Vert koseleg til sommaren. Nyte morgonsola og ikkje minst. Komme til å vaske stoveglasa på normal vis
Ingolf tek å verda med ro på morningen Ingenting å stresse med Vi treng det og Ro i kropp og sjel for å møte kvardagen:-)Berre å vere .Uten noko vi skal eller forventnngar vi skal fylle Eller trur vi må fylle.Ikkje alltid andre forventar noko frå oss i det heile. Vi berre trur det Følelsen av å ikkje strekke til Som regel er det vi gjer meir enn godt nok. Ingen er perfekte Finns mange måtar å gjere ein ting på og alle kan vere like rette. Vi løyser ting i livet utifrå vår eigen ståstad
Fortida får eg liksom ingenting unna. Men, men, det vert nok bedre tenkjer eg Ingen fare for at ting forsvinn av seg sjølv heller. Må nok rydde i eige rot:-) Men det får vente til kvardagen kjem No nyt eg resten av påska heime og på jobb Ha ein super langfredag
Kva i alle daga,sa Ingolfen igårkveld Vi har fått påskesnø
Brrrr.. Har vore ganske så kaldt så var vel å vente,og vi er i mars Men eg vil ha tosifra plussgrader og vår eg Då er eg liksom i modus
Ser at påskeharen kan få sine utfordringar idag… Gamla får drikke kaffi og fundere på saken
Raspeballmiddag idag tenkte eg.Litt greit med fri når middagen tek litt lenger tid:-) Kjekt med familietid.Vert ofte lite av den og i ein travel kvardag der alle har nok med sitt.
Nyheitsbildet vi har for tida seier mykje .. Vert så makteslaus Skal berre slappe av og nyte fridagen i fred og ro Tusle rundt inne og berre vere treng ikkje ski og påskefjell for å feire påske
Var meininga å dele,men trur ho fekk berre to resten for på magisk vis ned i magen sånn uten at eg merka det:-) Ikkje farleg å gå på jobb når ein har kjekke kolegaer. Dei er det mange av…Like supre alle
Påskestemning.Kom heim til to dager påskefri og der dei tre gutane mine også idag jobba på balkongen min To sønner og eit barnebarn i sving.. Idag sit igrunnen tårene litt laust Eg er heldig:-)
Gamla har kolapsa i sofaen.Ikkje mykje arbeidslyst her i gården:-) Kaffi,sjokolade og tv… God påske:-)
Vakna heilt utsleten og med vondt i magen Sånn skikkeleg uggen følelse
Men,etter å i søvne ha draksa på kassar og flytta er det vel ikkje så løye:-) Problemet mitt var stort Eg hadde bil med hengar og skulle rygge ned ein bratt bakke… I tillegg var det ganske så trangt mellom dei bilane som sto der. Gjekk fort på skeiva kan ein sei Så eg tutla innatt og ba veslesysta om å vere så snill å overta køyringa..Ho var der no heldigvis ilag med andre eg ikkje veit kva hadde der å gjere:-)
Høyrer med til historia at eg ikkje har lappen for tillhengar og ikkje er glad i å rygge uten at eg må:-)
Vakna. Sjekka e¨posten Åpna ein frå Gjensidige Og der står det til overskrift: Er du vorten fotgjengar?
I nattas mulm og mørke er alle katter grå Kan godt vere Her er det søvnen som er fråverande Kjennes ut som eg er fillerista Men,går seg vel til Er vel berre kroppen som seier frå at no vil den ha litt fred og ro får eg håpe
Ute bles og regner det så det halve kunne vere nok Innever Så idag trur eg altso eg skal halde meg ganske så nær sofaen:-)
Putin ynskjer storkrig med nato les eg på nett Ikkje noko bombe Har vel lege i korta Skummelt syns eg Verdensbilde har forandra seg og lite vi kan gjere med det følest det som
Påska står for døra,så eg burde vel sikkert funne fram påskepynten og handla litt. Litt magert i kjøleskapet. Har prøvd å ete opp det eg har.Bli litt flinkare . Men,har fortsatt brunost:-) Jobbepåske:-) Er ingen påskefjellperson uansett ver og forhald Dei einaste skia eg hadde gjekk best bakover:-) Er det vår så er det vår. Vinteren er eg ferdig med Gledar meg over alt som spirer og gror
Og det sjølv om eg ikkje har fått eit snev av grønne fingra:-) Håper på at regnet tek seg ein pause så det i det minste er mulig å hente ved:-)Dette bilde er frå igår.Idag er det ikkje nokon stas å gå ut:-)
Ha ein super fredag Ta vare på kvarandre og følg magefølelsen:-)
No er eg altså så forbaska irritert å forbanna på denne orange typen som dukker opp overalt og kun vil ein ting Slåst Stakkars Dagny har måtte til dyrlegen og igår vart ho nesten uten pels
Kva slags type er det som mishandler damer?Kva gjer du meg Eg får jo ikkje gå i fred… No er vi omtrent jamstore,men den grådigheita han utviser den er litt vel dryg for meg og Men eg er kjempegod på å klatre i tre… Så igårkveld så havna eg høgt oppi i toppen på eit tre Lykka var jo at nokon høyrde meg skrike for livet i kampens hete Svaia godt oppi der og å komme ned var både spetakulert og utrykt Ikkje hadde eg rapeleringsutstyr heller
Så gamla vart varsla og ein ting skal de vite Akkuratt då var eg glad for å høyre stemma hennar Eg ropte ned at eg trengde hjelp å det fort
Altso,sa ho Eg har høgdeskrekk og opp der kjem ikkje eg
Så det var berre å bruke tida og prøve sjølv. Men,eg fortalde tydeleg undervegs i prosessen at dette var noko eg syns ho burde spart meg for
Den oransje flotte katten som trur han eig bygda aner vi ikkje kor høyrer til .. Hjelp lite å vere pen utapå når du oppfører deg som ein idiot,spør du meg Tryggast på sofane til gamla
Nedslåande påskebeskjed sto det på Vg Påska avlyst? Tenkte det minst måtte vere ei stor nyheit:-) Skiftande verforhald…Akk ja..Det er vel heller normalt vil eg tru
Eg våkna med vondt i beina så tipper vi får snø eg:-) Det er for meg ei dårleg nyheit No vil eg ha sol og plussgrader.
Israel har rykka inn på sjukehus i Gasa.Venter på utfallet Krig er aldri ein positiv ting Berre tapara
Lonnsforhandlingane er igang…Utfallet ser vi no om nokre månader
Lite positivt å få auge på i nyheitsbilde Men,sånn er det no Vi surrer no på med kvart vårt og lar som regel livet går sin gang.. Verden har best av å ikkje møte meg ein tidleg morgon før kroppen har løyst litt opp og eg har drukke nokre koppar kaffi:-) Ha ein super mandag
Tidleg vaken her hos meg fortida Har alt ein time bak meg ,men litt har eg no sove:-) Meir enn nok ro,seier kroppen Så no er paracet inntatt og kaffi i koppen Dagen kan starte
Nytt vulkanutbrudd på Island og denne gangen uventa Skremmande med lavaen som velter utover Her i vest ser det ut til å verte nok ein fin dag Vi tre søstrene held oss no mest innadørs Rart når eit heilt liv skal delast kor mykje det blir Følelselada og fint på same tid
Og vi har mykje att:-)
Snart påske og.Tidleg iår. Skal ha jobbepåske og heilt greit Har ingen planer uansett og kjekt på jobb og Kjekt med vår og lysare tider Alt spirer og gror.Iallefall hos andre Naturen forandrer seg frå grå og trist til grøn og frodig:-) Elskar denne årstida
Ha ein super dag Skal eg og berre eg får denne kroppen i gang:-)
Ein time var visst nok inatt ser det ut til No er eg lei av å ligge å vri meg og kjenne etter kor det verker Så har likegodt stått opp.Mulig eg sovner på morgenstunda,men ingenting å stresse med.Då sovner eg iallefall ikkje
Vi er midt i deling av ting og tang,så er nok grunnen Minnene surrer rundt i hovudet og det går liksom skikkeleg opp for ein at mamma er ikkje meir Ting tek tid og er utruleg kor mykje som skal gjerast. Vi er nett starta Men er noko av det ein må gjennom Sånn er livet
Brøda vart no etande dei,med brunost:-) Dvs har berre smakt på ett,men antar smaken er lik Satt på tven med program om oppussing av hus i Australia. Mulig det kan vere søvndryssande Nyheitene skal eg unngå.Gjer meg berre engsteleg:-) God natt