Ein nydelig vårdag går mot natt Følest som om eg har funne ein skatt Rart kva sola kan gjere for kroppen Gir ein følelsen av at ein kan nå opp på toppen
Snart er det natt og eg må prøve å sove Om eg får det til det kan eg ikkje love Men imorra kan eg sove så lenge eg vil Iallefall til Ingolf vil ha maten sin
Endeleg er mars kommen og vi er i ein vårmånad Forlengst mentalt ferdig med vinteren og mørketida Den gir meg absolutt ingen verdens ting anna enn depresive tankar og null arbeidslyst
Kjem seg med vårsola og lengre dagar Prøver vakne og snu døgnet etter nattevakter,så så volsomt sprett er det ikkje i meg for å vere ærlig Men det er frihelg og vår:-)
No er det yr og smågrått ute så er heilt greit å vere inne Har vurdert å gå ut,men ser regnet kjem ned langs fjellsida og tenkjer at…nei… Det gidd eg ikkje No har eg godt selskap av Ingolf Gidd ikkje han heller Skiskyting på tv Burde gjordt noko inne om ikkje anna,så får sjå om eg får eit snev av arbeidslyst i løpet av ettermiddagen Viktig med god planlegging
Ser på den Amerikanske valgkampen og tenkjer at..Godt eg bur i Norge Der kan ein iallefall ikkje klage over at pensjonistane ikkje får plass i politikken Kanskje der og burde vore ei aldersgrense for å verte president Nabolandet vårt i nord skremmer meg og Uroleg verd Så lurer eg på kvifor kongen vår har vasa seg så langt avgarde på ferie. Kanskje han og burde valgt det som dei fleste andre gjer Ein snartur til Grand Canaria:-) Litt kortare veg heim om ein vert sjuk
Ha ein super fredag God helg frå gamla og Ingolfen:-)