Hatt fri idag og den har eg tatt heilt bokstaveleg
Skal eg vere ærleg så har eg ikkje gjort nokonting. Berre luffa rundt i huset og tenkt på alt eg burde ha gjordt.. Slått plenen foreksempel…men graset var litt vått Fjelltur….naij…
Så i kveld tenkte eg at eg no iallefall kunne tusle meg på utsikten Plutseleg stoppa ein bil og ei super dame lurte på om eg ville vere med på fjellet.. Ikkje rette skoa sa eg… Men ombestmmte meg
No er arbeidshelga til ende Hatt det kjekt men no har gamla ramla ned i sofaen med heile si bredde Hadde igrunnen gledd meg til litt utetid ikveld,men skodda sig inn fjorden og litt sånn sur skoddevind så er ikkje så frestande
Men klarde no å komme meg på ein liten fjelltur etter jobb…og ikkje høge greieneEr ei stund sidan sist så var på høg tid
Kjende at det burde eg ha gjordt litt oftare.. Litt for makelig anlagt desverre Skjønner ikkje korleis folk klarer å leve sundt og fylgje diettar Er vel heller sånn at eg bør få opp aktivitetsnivået… Litt mykje stillesitting… Men å gjere noko med det…tja… Men men…. Kanskje eg skal rusle meg ein tur i skodda før Beck kjem på tv
Skikkeleg sånn kose meg inne dag. Dei skal vi ikkje kimse av Alle treng vi å senke skuldrane og la humla suse
Har rusla meg ein tur i duskregnet Var koseleg skal eg sei dåke Likar å rusle rundt og kjenne på alle friske duftene regnet bringar med seg Er skodde eller tåke,så fjellet frestar ikkje .. Kjenner det gjer godt å berre nyte det å vere til
Vore hos frisøren og fått farga hesteragget.. Gale nok som det er om det ikkje skal vere grått Mens eg sat der så ringde det frå tannlegen i Førde.. Ville berre minne meg på at eg måtte vere ute i god tid. Var nemleg sykkelløp Tour des Fjords..
No hadde eg no skjønnt det, så hadde avspassert…Får no med meg litt endå Kom meg no inn og ut av Førde før det tok laus..
Godt eg tok meg ein kopp kaffi og ein bolle … Vart bedøvd i heile munnen..Ikkje enkelt å vere til tannbehandling Ikkje lurt Ikkje fått i meg verken vått eller tørt før kl 21… 7 timar…Føler fortsatt at det er litt ekkelt.. Men fekk no rensa opp. Fått igjenn litt av betennelsen så får gå med mellomromsbørsten i lomma heile dagen….må skjerpe meg.. Syns igrunnen eg er bra flink eg men….
No er eg sliten og verker i munnen.. I morra har eg heldigvis fri
Mykje god mat og for mykje.. Ikkje vert det særleg med bevegelse heller Anna enn for hjernecellene Men i dag kobla dei og ut Jakka mi la eg overalt og hadde det ikkje vore for god hjelp av fleire støttekontakter, hadde den nok vore på kurs endå
Hadde flink sjåfør og vi måtte jo ha både mat og kaffi på vegen. Så langt alt vel..
Var på Plantasjen.. Ruska no med meg 4 like sommarblomster og 4 buketter Så langt alt vel Kom meg i kassen og smart som eg var la eg 3 i ein pose.Den eine måtte ein jo ha for å få koden
Betalte .tok posen og i bilen Kjempekupp tenkte eg…. Til eg skulle bytte bil
I posen var 3 sommarblomster. Dei andre ligg nok att på disken på Plantasjen Det var det kuppet
Godt eg er kommen heim Skal på tur med Pengesluket i morra. Lurer på kva då eg skal gløyme.. Den tid den sorg
Senga er flott Ellers er det nærmast eit kott Så kurslivet går gått sjølv om her er heller smått
Moderne idag å måtte bevege seg lite Men visst du er stor trur eg du her vil slite Fordelen er at ein treng ikkje snu Kan heller ikkje i dusjen vil eg tru
Men utsikta frå senga den er kjempeflott Veger litt opp for at dette er eit kott Er ikkje plass til lenestol Då må eg nok reise heilt til Gol
Er rikeleg med puter så eg sit igrunnen godt Er no berre bra å sitte med føtene opp
Det er mørkt i gangen men her er det lyst Så eg skal ikkje komme med så godt som et knyst
Er fint på Skei og eg har det no godt Litt lærdom i knollen har eg no og idag fått Så no eg no snart endeleg får meg litt mat Håper eg det vert noko godt på eit fat
Fyttikatta for ein elendig kondis eg har Fantastisk ver idag. Litt sånn utafor og småtufs etter nattevakter.. Vekta den berre ballar på seg ,og eg gomler sjokolade og syns synd i meg sjølv… Ikkje rart det går gale..null sjølvkontroll Ilt både her og der har eg og… Men kava no meg til slutt ut
No er vi ferdige med feiringa for i år Og det uten at eg fekk så mange fleire grå hår
Eit nydeleg ver og fantastisk stemning Kva er vel bedre og sommaren er i emning Komiteen var super og det var veldig kjekt Nesten som ein skulle tru vi alle var i slekt
Eit fæla arbeid å røre i graut Er ikkje for pyser og ikkje for naut Her lyt ein ha krefter og tunga beint i munnen Men såg no ut som det ikkje brann i bunnen
Med dyktig veiledning og råd frå kokka Gjekk alt heilt supert og ingen sukka Ein hærleg dag med latter og løye Gjeld å ikkje ta seg sjølv så veldig nøye
Flotte kaker og takk skal de ha Vi klarde det jammen og vi hadde det bra Takk til alle som kom og var med oss Og håpar at vi ikkje skapte formykje kaos