Ikkje alltid ein har så veldig lyst å gjere nokon ting Klør veldig på hendene så er usikker på kva eg igrunnen har tatt i Gammelmannskløe sikkert:-) Har smurt på alo vera og tatt alergitablett Det er det eg har i hus
Klør jo berre meir når eg klør men klarer ikkje la vere Hatt eit strøk beis på deler av balkongen Må ha eit til,men var ikkje tørt ikveld og var rasande masse mygg.Der går grensa
Liten rusletur og så til Reset frisør og få litt farge på fartsstripa og bryna.. God som nyMadam Mim Merkar kor mykje mørkare det vert om kveldane I morra er det august Tida fyk avgårde Før eg får sukk for meg er ferien og ein sagablott
Tur i skog og mark imorra.Nei,det trur eg ikkje Burde nok ..Hjelp for ryggen,men har liksom andre ting eg og har lyst til i ferien:-)Handle mat,blandt anna Kanskje ein liten tur på vegen.Må sjå an veret
Litt usikker kva eg har vore borti på turen igår,for eg held på å klø meg gal på hendene I all den vegitasjonen så kan det vere kva som helst
Målet og deler av turen var fin.Det andre kan ein gløyme Tituren er målet,men om det blir veit eg ikkje
Skulle vere nokre stolpar og på denne turen,men den eine var for langt unna min forstand til at eg fann den Var høgt,enkelte plasser var direkte skumle å passere.Vanvittig med gras som skjulte stien deler av turen Gjekk i perioder bokstaveleg talt over stokk og stein Er andre vegar å gå,og det trur eg hadde vore lurare.. Vurderte ein annan tur heim,men når ein går aleine og er retningsvill,så sikrer ein Veldig fint oppe med hytta Idyllisk No har eg no vore der. Heit og litt yr fekk eg på turen. Om eg anbefaler den Tja,gå før graset veks seg så høgt og gjerne ein annan veg
Idag er det meldt overskya,men ser regnet kjem Skal ikkje gå anna enn min vanlege luftetur idag,kjenner eg Gleder meg til frisørtime til kvelden Mange ulykker fortida Til lands og til vanns Gjer noko med ein Ha ein fin dag
Igrunnen merkeleg kor fort ein gløymer korleis ting var sist vi gjorde dei Ein huksar dei koselege detaljane som på dette bildet,og gløymer at stien opp første delen stort sett besto av glatte steinar,tett skog og tildels glatte parti Men det gjer den Fekk nesten pustevanskar i varmen.Klaustroforbi Tok jo aldri slutt Men trefte ein kjekk type på eit tre:-) Det tok evindeleg tid Endeleg litt utsikt Og langt att:-) Går sånn jamt opp og innover heile tida Fin men litt lang tur for meg Traff ei som eg ikkje har sett på lenge oppi fjellet.Kjempekoseleg .Hærleg avbrekk på klatreetappen.Fekk liksom ny giv No var eg altso både varm og sliten Og her var det vind.Så på med vindjakka.Komme seg i ly bak varden Premie:-) Vakkert på toppen og mykje utsikt
Men så skal ein heim Gjekk fort første delen Så kom dei glatte og bratte partia Tok si tid
Om ryggen vart bedre Tja..Ikkje verre Men no fekk eg ilt i knea:-)
Vi skal få fiber i bygda.Seint men godt Vart berre eit problem Vi sa ja til kabeltromlar og den var grei Såg det var mange maskiner i sving og ting gjekk unna Samtidig som vi ikkje tenkte meir på det
Vi skal ha bilbingo på lørdag.Kjekt Men så dukka det opp eit problem Plutseleg var det ein conteiner og mange små gravemaskiner der vi brukar ha basen Dei sto støtt parkert Då går det ikkje med bilbingo.. Gode råd var dyre og fekk fat i den hyggelege unge mannen eg hadde snakka med før Dei hadde reist på ferie alle mann,sa han..No vart det hans problem
Ikveld kom han og flytta maskiner Vår lokale entrepinør hjelpte han og flytte conteineren. Så no er alt i skjønnaste orden Tok nokre timar for han å køyre så ros skal han ha.
Mottoet er Viktig å spørre om lov først(,sjølv om han ikkje kunne noko for det) Men stjerne i boka Nett som på sundagsskulen Der var det stjerne eller fisk vi fekk for oppmøte Alt ein minnes:-)
So sit eg her med kaffikoppen min Ser ut og tenkjer du store min Det er skyer på himmelen ,ingen blå flekk Lurer på om eg skal ut å blåse dei vekk
Ryggen den verker og gamla er sur Legen har sagt at eg må ut på tur Er eindel vind og god temperatur Iallefall visst ein skal gå seg ein litt svette tur
Skal psyke meg opp for det er bra å gå Hjelper på ryggen å komme opp og stå Men sove litt lite og sur og lei Idag er eg ikkje det minste grei
Ut å gå sa legen På stia og i ulent terreng Einaste måten å få knekken på ryggplagene Veit jo det,men er eit tiltak Imorra..Syns det såg ut som det skulle komme regn idag eg,men tok feil..Men ny dag og nye muligheiter Då må eg berre finne meg ein sti ein plass Er jo positivt å gå tur då,det visste eg jo men den dørstokkmila når ein har problem med å strekke ut ryggen er høg Altfor høg I tillegg må eg sjå etter når eg skal strø sukker på havregryna mine Andre gang no eg har salta..Kan skulde på at eg ser dårleg,men ser ikkje etter er sannheita Smaker elt anna enn godt kan eg sei dåke:-) Skal vel igrunnen ikkje bruke sukker heller,men det må eg altso ha
Idag har eg kun lese ut boka God bok som eg gjerne anbefaler Viktig å slappe av Bestillt meg ny tv har eg og Det eg har er like ustabilt som eigaren Har tenkt på det lenge,men idag så slo eg til Før eg ombestemte meg.Sånn klikk og hent.. Kanskje eg burde bestillt eit større..Det kan vere det einaste Har liksom ikkje så g0d greie på desse tommane Trur det eg har er større når eg tenkjer meg om og det var det:-) Jaja for seint no Men går nok bra,tenkjer eg Får berre sette meg litt nærmare Nytt er det no iallefall og eg kan bruke nettet på det.Fungerer ikkje på dette Vil iallefall ikkje snakke med mitt nett:-)
Angrer på at eg ikkje tok den turen i skog og mark Hadde vore lurare det enn å ete heile kvelden Blir veldig sliten i pusten av oppoverbakker så det tek litt matlyst og
Morning på altanen for Ingolf og meg Nyte kaffikoppen og berre kose seg Ganske kaldt i lufta når sola gjøymer seg Dukkar opp og seier Eg har tatt ferie eg
Hadde ikkje meir brød Veit det ikkje er in å ete karbohydrat Men er jo det eg likar best Brød og poteter Spagetti og ris:-)Alt går i grisen Fekk ånden over meg og laga eitpar deigar Så no har eg brød i lange baner og litt rundstykke Ete alt for mykje middag har eg og.Vart brosme og masse poteter:-) Til dessert Rundstykke med brunost Var godt,så håper brøda og er bra Har no brød ei stund
Ikkje ofte eg får slike arbeidslyster Burde igrunnen rydda hist og her,men no er det laurdagskveld og eg må slappe av:-) Kjekt med ferie
Nei,var nok ikkje den idelle behanddlinga for ryggen den der myrvandringa,falla vart heller ikkje så godt mottatt Men,sånn er det no Om noko så er den hakket verre Er nok nokre låste musklar einplass
Ute har det regna godt og naturen seier takk.Det gjer desse stakkars hagebuskene mine og Idag har det vore regnbyger til no Har i det minste fått rydda litt innomhus.Slik oppreistaktivitet,for bøying er det verre med:-)Går nok over ein gang
Skal vere så bra for trimmen og helsa ellers å vase rundt i våt myr har eg høyrt Visst ein då legg inn eit eller tre litt hasardiøse fall som endå godt ,så kan ein jo kanskje gi ryggen følelsen av å vere hos kiropraktor
Kunne ikkje heilt gi opp den der stolpejakta over myra.Og idag fekk eg vite det eg trengde.Traff ei som er ferdig med alle236.Var der det var så innihampen vått sist at eg slo det frå meg Men no har det vore opplett nokre daga så eg tenkte att.La gå
Turen opp til den flotte dagsturhytta vi har i kommunen var fantastisk Den ber i det heile preg av å få mykje kjærligheit og at mange bryr seg om den Men derifrå og over myr og mark var det ei anna sak Skjønte denne gangen at svarte stolper med refleks er det ein skal gå etter,før dei vert rosa,eller til merka rød stein..Ein må passe på:-) Var iallefall komme ganske mykje meir vatn frå oven på den andre sida av haugen.Sleipt og glatt .Merka var nok greie dei når eg fann dei.Sleit litt enkelte stader,men kom meg innatt på.Litt av ei løype..Ein kaver seg opp og bort.For så og måtte heilt ned på andre sida,noko som var heilt på grensa for meg idag.Tett før Røde kors måtte ha henta meg ut:-) Så var det oppatt,gjennom myrane og endeleg overatt på den andre sida Trur sjelden eg har vore så glad for å vere ferdig med ei løype. Glad eg valde denne dagen og ikkje ein våtare Løypa er nok grei nok den,men kjedeleg og løyste no iallefall svetten:-) Kroppen fekk kjørt seg den Steike godt å få innta vatn og sjokolade ved dagsturhytta Har i mange år hatt lyst til å gå den vegen,og no har eg fått haka av det God trim ,men vart vel mykje våt myr 2.2 km sto der..Vart då 4.4 pluss nokre ekstra metera som eg gjekk Ikkje så lett å vite kor ein er alltid Men,fann innatt på rett veg Må innrømme at det smakte kjempegodt med mat då eg kom heim.Har igrunnen ete sida.Her kan ein ikkje risikere å gå ned eit gram:-) Ryggen er akkuratt som den var då eg gjekk.Fortsatt like idiotisk,men får sjå imorra om medisinen har slått an.. Ha ein super fredagskveld