Skal vere så bra for trimmen og helsa ellers å vase rundt i våt myr har eg høyrt
Visst ein då legg inn eit eller tre litt hasardiøse fall som endå godt ,så kan ein jo kanskje gi ryggen følelsen av å vere hos kiropraktor
Kunne ikkje heilt gi opp den der stolpejakta over myra.Og idag fekk eg vite det eg trengde.Traff ei som er ferdig med alle236.Var der det var så innihampen vått sist at eg slo det frå meg
Men no har det vore opplett nokre daga så eg tenkte att.La gå
Turen opp til den flotte dagsturhytta vi har i kommunen var fantastisk
Den ber i det heile preg av å få mykje kjærligheit og at mange bryr seg om den
Men derifrå og over myr og mark var det ei anna sak
Skjønte denne gangen at svarte stolper med refleks er det ein skal gå etter,før dei vert rosa,eller til merka rød stein..Ein må passe på:-)
Så var det oppatt,gjennom myrane og endeleg overatt på den andre sida
Trur sjelden eg har vore så glad for å vere ferdig med ei løype.
Glad eg valde denne dagen og ikkje ein våtare
Løypa er nok grei nok den,men kjedeleg og løyste no iallefall svetten:-)
Kroppen fekk kjørt seg den
Steike godt å få innta vatn og sjokolade ved dagsturhytta
Har i mange år hatt lyst til å gå den vegen,og no har eg fått haka av det
God trim ,men vart vel mykje våt myr
Ikkje så lett å vite kor ein er alltid
Men,fann innatt på rett veg
Må innrømme at det smakte kjempegodt med mat då eg kom heim.Har igrunnen ete sida.Her kan ein ikkje risikere å gå ned eit gram:-)
Ryggen er akkuratt som den var då eg gjekk.Fortsatt like idiotisk,men får sjå imorra om medisinen har slått an..
Ha ein super fredagskveld












Ofte naturen er den beste medisin 🙂