Grått og vått og sovever.. Tek allergitabletter sidan innsekt av ulike typar ser ut til å elske å syge glodet mitt,eller berre gi meg eit stikk. Klør..og trøtt vert eg av tablettane..
Har klart å slå oppi to kaffikoppa på få minutt så burde kanskje sove meir🥲 Har ikkje gidda fjelltur
Men,får frisk luft. stripa mi. Gjer seg med fotbad,men kjenner godt kor spikaren gjekk inn. Ta ein sjekk etterpå
Rett inn i foten. Det kjende eg for å sei det sånn.
Slutt på arbeidslysta og eg fann fram grønnsåpebad og etterpå rensa eg godt Kjenner det,men får ringe lege imorra og høyre om eg burde ta stivkrampesprøyte..
Går nok bra.
I går var ein dag då det meste skar seg.Følte meg ubrukelig og dum.. Idag regner det og eg tek ein roleg innesøndsg. God søndag
Kaffi og morgonstund på balkongen Dagen må nytast før veret snur imorra Utsikten vert hindra av tre som veks fort. Men ser litt sjø endå. Fekk litt ved under tak igår. Vurderer om eg orker idsg. Kanskje eg berre skal kose meg.
Folkestien på Sørbøvåg. Gått ein gang før,men denne gangen fann eg stien tilslutt.
Gleder meg til skilting for den er litt anonym Ny sidan sist eg var her. Kan bruke steinen til bord Klamrer seg fast skytebane og hus. Berre å rusle bilvegen tilbake til start Flott uteplass ved grendahuset og blomster ved døra Flinke Vakkert.
Oppatt til mamsen til kaffi og kos. Ferie er ein god ting
Våkna til solskinn og fuglesang Her kan vi nok kose oss dagen lang Ingolf kom nett inn frå nattevakta si Svolten og trøtt og ikkje særlig blid
No er det no slik at eg søv av og til Katten kan ikkje alltid få det som han vil Er slutt på den tida då eg sat oppe og venta på at tenåringane skulle ringe og verte henta
Drikk kaffi og funderer over livet generellt Glad eg ikkje er på ferie i telt For må innrømme det at før var berre kjekt Gjev meg no vondt i ryggen og mageverk:-)
I år er det heimeferie på meg Ikkje alltid ein treng reise sin veg Håper berre at veret gjer at steinane ikkje er glatte Då kan eg kanskje gå på fjellet atte
Er nemlig ikkje glad i våte og sleip sti Er så veldig lett å komme på gli Har ramla nok for å sei det på den måten Trur kroppen min er begynnt å bli roten
Heimeferie tek på Skal god helse til å berre surre rundt og gjere ingenting.
Grått ver ute idag. Boka er lesen ferdig. Må låne fleire bøker av Samuel Bjørk.. Funne anna bok imens Men idag må eg ta meg sammen og finne fram støvsuger og mopp. Først kaffi Ting tek tid. Men har ferie
Vorte hekta på for meg ny oppdagelse. Samuel Bjørk. Krim selvfølgeleg. Anbefalast. Lånt av veslesysta. Ferielektyre. nyheiter ellers..Gåsulv har fått bukse
Av og til så føler eg meg veldig dum I går var ein av dei gangane Vi har igrunnen overtala mamma til å prøve å bu i omsorgsbolig før ein søkjer fast plass på sjukeheim av og til så er det slik at ein ikkje klarer å bu heime lenger. No har ho vore på sjukeheimen ei stund,og der er jo internett og tv.Liksom alt ein treng
Omsorgsbolig er dyrt og med alt ein treng i tillegg så er det ikkje så mykje att. Vart riktig triveleg i leiligheita,heilt til mamma skulle koble seg på nett… Det var der jo ikkje
Burde jo eg ha visst,sikkert,men hadde jo tenkt at det var noko som vart ordna samtidig med sjukeheimem,,,
I dagens samfunn må jo folk nesten ha internett.Er jo der all kommunikasjon med familie og betaling av rekningar skjer… Så her måtte ein bestille mobilt breiband og det er ikkje billig.5000 for å få ,pluss månadsavgift.. Bindingstid når ein ikkje veit kor livet går,var ikkje eit alternativ.. Ho hadde nok ikkje flytta hadde vi visst det vi burde ha visst.. Uten er ikkje eit alternativ når ein er vand med å bruke nettet.
Så der er kanskje mi neste kampsak.Kor mykje tenkjer ein det er greit å måtte betale .. Ein ting er at det skal vere jamstillt med å bu heime,men kor går grensa tenkjer eg..
Vi har nok sove i timen,og ein tenkjer sjelden skikkeleg over ting før ein må forhalde seg til det sjølv Det gjeld jo alle ting Som lokalpolitikar fekk eg med ein vekkar.
Men ,nett må mamma ha,så det er berre sånn det er:-)
Så no har eg dårleg samvittigheit og fått meg noko å tenkje på:-)