Ikkje så mykje framgang med ryggplagene til gamla
Minner meg meir om meir om mi eiga mor
Altså når det gjeld ryggplager å gange
Utruleg kor vondt ein igrunnen liten ting kan verte
Men,det går nok over ein gang
Ting veks meg over hovudet
Ute så veks graset til glede for mangfaldet om ikkje for meg
Rengveret og den milde temperaturen no gir god vekst:-)
Skal no slå det eingang,men ikkje idag
Trivast best rak i ryggen fortida
Venter på sommar eg
Litt mindre regn.Ganske bra varme
Ser sola bak skyene så det er eit håp
No er det tid for marknader og sommerkonserter
Her er det Kvernsteinsmarknad og Sommargry.I tillegg til kunstkafe
Alt frå kvernstein til konsert med for meg ukjende band som Oslo Ess
Ikkje så enkelt å følge med på alt
Blir ikkje store sprella på meg
Mulig eg klarer kunstkafeen på søndag:-)
Er lov å håpe
Må innrømme det er litt kjedeleg å vere satt uta av spel
Merkeleg or hjelpelaus ein vert når ryggen sviktar
Var hos tannlege igår og rensa tannstein.Tannpleiar rettare sagt.Klarde å bite meg noko veldig ileppa.Ikkje så enkelt når bedøvelsen kom litt andre stader enn den skulle og følelsen er vekke
Ganske så tjukk leppe på venstre side:-)Ser ikkje ut
Sånn går det når ein ikkje passer på
Berre det å ligge i tannlegestolen var ei mare.Får ikkje å snakke om å komme derifrå
Følte med temmeleg lur.Neste time tek eg når det har ordna seg for å sei det sånn
Ellers så går det greit:-)
Andre har det verre
Iallefall må eg prøve å rydde litt rundt meg.Ser ut som ei slagmark
Får ta dagen til hjelp
Nyt morningen med kaffi og God morgen Norge
Litt greit å få litt nyheiter og underhaldning på morningen
Vakne i fred og ro
Ha ei strålande helg:-)




