Tur langs Teige eller Rutlevatnet


Skremde opp ein orre
Veit ikkje kven av oss som skvatt mest
Eiga ro å gå i naturen
Høyre bekken sildre og vatnet som ligg der stille og mystisk
Men fader kor vått det er i marka no
Uten støvler går ikkje
Viss du då ikkje likar å bli våt på beina

No er eg sånn godt sliten
Laga meg kjøttpudding som smakte ganske bra
Hadde tokt litt meir krydder🥹
Men er mett og vel så det
Godt med lyse kveldstid
Sjølv om veret ikkje er på godsida så nærmar det seg varmare tider

På ukjend sti

Skulle merke siste løypa vi,trudde eg
Men når ein har ein son og svigerdatter som likar seg i naturen så kjem ein seg plutseleg på oppdagelsesferd

Vågane først


Budd i bygda i over 60 år så var kanskje på tide å gå denne stien
Nokre rotvelt gjorde den litt meir utfordrande og støvler er EiT must
Men lurer på
Kvifor har eg aldri gått der

Takk for turen❤️

Ser ut på ein litt grå dag
Trur det er meir snø på Lifjellet enn det var i vinter
Høgaste fjellet eg ser
Eg vil ha vår
Er jo det då
Snøklokker og krokus
Men kan gjerne bli litt meir sol og gjerne høgre temperaturar
Ikkje meg imot
Påskeveka har starta
Her er det seinvakt
Veit ikkje om eg har lyst til noko før det eg
Strikke litt kanskje
Går no på fram
Må prøve å bli ferdig med prosjektet på eit vis
Nyheitene er like triste som før
Makt er ikkje alltid ein bra ting

Ha ein super mandag

Sommartid


Vi ligg no her vi som EiT slakt
Står klokka er over åtte
Kjennes ikkje slik
Flytta meg frå seng til sofa
Tek kaffien litt i liggande stilling
Småforkjøla og slakk i tillegg

Likar igrunnen best lyse kvelder eg
Men desse skiftene gjer meg heilt surrete

Dei protesterer i USA
Skjønner dei godt
Merkeleg politikk der borte

Gjesp
Meldt regn i dag og
Er litt sånn småkaldt
Mars
Gleder med til litt meir varme og skikkeleg vårfølelse
Kom på at eg treng nye dekk til bilen
Dyrt med bil men her går det ikkje uten

God søndag og påskefri for dei som har det

Påskestemning

Har no klart å få litt påskestemning inne sjølv om veret ute er grått og trist
Stiv og støl etter gårsdagen så passa perfekt
Plutseleg høyrde eg musikken til isbilen og etter nokre månader pause
Fann ut at eg kunne spandere på meg ein heller dyr is
Meget fortjent tenkte eg
God var den og
Fann til og med påskepynten
Mykje godt
Pause frå forberedelsene til stolpejakta i dag
Tek resten imorra
Litt tid til 1 april endå
Bør rydde litt lyng hist og pist
Det tek eg etter kvart trur eg
Utruleg kor ting veks når det ikkje er husdyr som er det opp
Litt sauer og geiter hadde vore tingen

Ha ein super lørdag

Ut på tur. Og litt sur

No har ikkje eg så veldig god gps på telefonen
Når eg då har satt koordinat som eg skal finne att.
Det seier seg sjølv at det tek tid
Lang tid
Når eg då etter å ha satt koordinatene måtte fjerne nokre punkt så gjekk det litt i surr
Fjerna andre enn det eg trudde
Så skal jo retningsville meg først fatte det
Eg gjekk jo der eg trudde eg skulle sette opp ein stolpe. Det stemte jo ikkje. Og det tok si tid før eg såg skikkeleg etter på kartet i regnveret

Fins ikkje dårleg ver
Brrre dårlege klær har eg høyrt
Gløymde då klissvåt sti,høljregn,sleipe berg og fjellsko som langt frå er tette Og ikkje minst. Tung sekk
Må innrømme at av og til havna stolpene der det måtte passe
Banka dei nedi og tenkte
Er det jakt så er det jakt🥳

. Vått,glatt og tungt
Men fekk trim og kom heil heim
Tok timesvis
Men får ordne til påske i morgon

God helg

Deprimerande

No får vi att for det fine vinterveret
Det regner dag ut og dag inn. No sludder det
Meldt opplett frå 06 til 08 søndag
Blir nordavind
Men opplett er opplett
ser ut som søndag er dagen denne veka

Skikkeleg surt ute no
Vinden gjer at det føles endå verre liksom

jaja

Berre
å ta på seg vestlandsbunaden

Les i nyheitene om partistøtte som er brukt til studietur til USA
Ugreit i mine auge
Men det er mi meining

Bensin og diesel skal bli litt billigare
Positivt for oss som bur langt frå god infrastruktur
Verden er utrygg og vi blir sjølvsagt påvirka

Dagen må snart starte her og sjølv om det er utriveleg ute

Ha ein fin fredag

Tolmodigheitsprøve

Det å gå tur med meg som kartansvarlig og ansvar for kor stolpar til stolpejakta skal opp er ein prøvelse for nokon kvar
Trur det var bra for blodtrykket til alle at turen var ganske kort
Men ein tredjedel er på plass
Gjenstår den brattaste og lengste og to korte
Frist 1 april
Dei kjem nok opp
Berre synd det er meldt stabilt drittvær
Men. Fekk hjelp i dag
Vi fekk frisk luft og enkelte fekk til å med testa tolmodigheita
Må jo vere berre supert på ein torsdag ettermiddag

Brrr

Skikkeleg marsver
Frå å ha regna sidelengs i kuling til nattefrost
Ikkje rart eg fraus inatt
Jau eg hadde dyne på

Ikkje rare framgangen på strikkeprosjektet som de ser

Har igrunnen fri men er kommunestyre
Så der rauk den fridagen🎶
Meldt litt sol i dag men kven veit
Syns skyene varsler snø
Men sola jobber på

Snart påske så bør vel kanskje finne fram
Litt påskepynt
Jobbepåske på meg Iår
Den siste før pensjonen

Heilt greit
Skal ingenplass
Ha ein super dag