Ikkje alltid enkelt å få ut stolpar innimellom jobb og andre oppgåver
Så då må ein tole litt ver
Må innrømme at det er sjelden eg har gått så mykje tur i så vått terreng som siste veka
Så av og til må ein lage litt nye vegar
Der det er mest logisk .
er der det er våtast
Men vi får mykje frisk luft
Merking tek vi ein annan gang
Nydelig plass
Å sei det var lystbetont er å overdrive
Men kjekt selskap
Dusjen etterpå var høgdepunktet
Og så blei det spagetti og kotelett med is til dessert
Ville vore skummelt å miste kalorier
Kom heim til to brett med egg
Eldstemann hadde kjøpt med seg frå Døskeland
Berre egga som var her
Han var fordufta
Sånn er det når mora aldri er der når ein kjem på besøk
Men eg har egg til påske
Passa flott for eg var tom
Jobbepåske med fri torsdag
Nokon må det og
Snart pensjonist så er heilt greit







Ingenting er som en god, varm dusj etter et tur i ruskevær! 🤗