Endeleg etter Førdetur er eg havna i sola Livet er hærleg om kneet gjer ilt Nyt å få lese nokon av bøkene mine.. Har fortsatt eindel uleste
Kaffi og softisBelønning Gjorde godt må eg sei. Litt vel hett å farte og igrunnen irriterande at ein må vere inne mesteparten av sommaren Reknar ikkje med at den vert så lang
Hadde meg eit sjukebesøk til pappa Kjedeleg å ligge på sjukehus..så kva har eg å gremje meg for igrunnen.Men livet kan vere litt opp og ned:-)
Altanlivet kan anbefalast. Så lenge det er vind er det passe hett og null knott Saknar å gå tur…. Men går no på fram.
Får lese litt meir og fundere på om eg får slått denne plenen i morgon:-)
No sit no gamla her… Er utruleg kor mykje ein skulle ha gjordt når ein ikkje klarer å gå noko særleg… Foten er som ein gjenstridig hund som nekter gå ut.. Dvs…er kneet som streikar… Skulle slått plenen….men men… Går seg vel til etterkvart får eg håpe…
Er no fint ute så får no tid å lese bøkene mine… Overskya men sommartemperatur sjølv om det bles… Sola kikker no fram innimellom…
Pengesluket fekk seg ein førdetur… Han syns ikkje noko om det.. Du kan lære deg å sjå deg for murra han… Gjekk radikt inn for måtte jo gjennom før tunellen stengde..
Trudde ikkje eg hadde brote.men strekt det som strekkast kan… Hadde visst og slått leggen kraftig… Veit eg ingenting om men det gjekk jo fort for seg… Kom til å verke som p… nokre dager.. Syns det er gale nok no.. Skulle ha gitt seg etter 10 dager.. Visst ikkje er det røntgen…
Kjørde over Lavik heim.Måtte det grunna stenging av veg.Flott på Lavikdalen -Idyllisk :-)Men for kneet var bilkøring ikkje tingen. No er kneet berre hovent og dritilt for å sei det pent… Skulle nok ha helde meg iro…Farleg med fjelltur;:) Samme kor ein snur seg er rompa bak… Kunne gått mykje verre så slapp vel heldig unna fallet…
Redd desse rolige dagane kjem til å få vekta til å stige… For smertene tek ikkje matlysta.Den får berre adrenalinet til å stige
Gamla fann selvfølgeleg ut at vondt skal vondt fordrive… Pusta og pæsa meg på Bygdeheia meg allergi og ryggsmerter.. Ryggen har godt av det og allergien vart nok ikkje verre… Men pusta som ein kvalross på tørt land
Sat på benken og funderte på om dette no var så lurt…
Luffa bortover og kjende ei kveikande smerte i kneet…merka eg hang fast før er på eit vis slo salto og landa utfor ein skrent….Tenkte i det eg for at no sler eg meg ihel…. Sikkert gjordt seg bra på youtube… Men var ikkje det store… Forruten dritilt kne..litt skrammer og masse lyng i håret kom eg no frå det på eit vis… Klarde stå på foten sjølv om tårene spratt…Stakkars meg men ikkje brudd for sto på foten. Kom meg no nedatt ved eiga hjelp. Turen var alt anna enn god..
Rekna ikkje med at det er brudd…vridd kne og vondt.. Så var funne fram frosne grønnsaker.. Ein tek det ein har.. Var vel nokon som syns eg fortjente ein lærepenge… Nesten så eg vart imponert over min eigen salto Hadde aldri fått den til visst eg hadde prøvd
Får heller gå til lege visst det vert verre…no får eg berre hadet så godt når eg ikkje hsr bedre vit…
Har ikkje funne tid og ork til fjellturar i det siste. Kan jo skulde på veret… So no sit eg no her med drittill rygg… Pokker til greier og no kan eg angre…
Må prøve å komme meg ut i terenget idag..trur ikkje det vert verre… Må skjerpe meg…rart med det.. Sjølv om eg veit kva som er lurt så har eg alltid ein unnskyldning…
Er no i det minste sol… Venter litt og prøve å overbevise meg om kor godt det hjelper på ryggen visst eg tek ein tur i marka… Akkuratt no frister det ikkje……
Var så idiotisk at eg bevega meg opp til klesnora for å henge opp litt klær… Trudde at sida det var sol så var det nokonlunde trygt..
Hadde eg ikkje visst bedre skulle eg tru eg hadde gått opp naken. Har myggstikk overalt. Klør som berre det.Hivde innpå ein alergitablett og det dempa kløen litt
Tok meg likegodt ein tur på utsikten sidan eg alikavel ikkje klarer å vere i ro.. Burde nok sikkert gått litt meir på fjellet att….men ikkje idag.. Skal slå plenen Hadde eg altså tenkt…men trur eg venter litt… Orker ikkje fleire myggstikk på ei stund
No skjønner og begrip eg ingen verdens ting. Sat her i ro og mak og hekla og så er heklenåla borte vekk…. Sporlaus vekke… Må antageleg vere her einplass men eg finn den ikkje. Kjent etter i og mellom sofaputer og tepper…null.. Har til og med brillene på… Mulig den er gått til streik..for når sant skal seiast så er det nok ei logisk forklaring… Måtte eg berre forstå logikken….
Etter 15 gjennomristingar og kroppsvisitering av teppet ga nåla opp
Masser av bilder av kongeskipet på tur i Åfjorden Dronninga har vore på utflukt i Hyllestad Kjekt det .Ikkje så ofte det skjer det eg veit Men no har dei no rett til litt privatliv dei og
Ikkje sett snurten av kongeskipet i Skifjorden Sikkert likegreit Men sol har vi fått.Ikkje direkte bikiniver men lagå… Sol er sol…
Hadde meg ein rusletur til grensa…måtte nyte godveret litt Men det var før… Har krølla meg opp i sofaen og nyt sola herifrå..
Litt tett i pappenTolkast som ein vil Ei veke til ferie.Skal bli godt.
Den beinlause kaster ting rundt om ute høyrer eg.Vind Tørker lettare opp då og det trengst.. Er mildt sagt temmeleg vått.
Vurderar om eg skal fyre i ovnen men litt usikker på om eg gidd røyse meg frå sofaen..
Nokon som har orden på ljå og grasslåttVart retteleg pent i” Parken”.Eg er imponert