Tida flyg og prinsessa mi er vorten 6 år og snart skulejente. Litt artig å sjå kor frøkena veks og med henne interessene
Lykketrolla har dukka oppatt som trolls.Litt forandring på utseende men lignar litt på forfedrene. Ponnyane som dattera mi voks opp med er igjenn på banenForandra seg litt dei og men ikkje mykje Ikkje alltid enkelt å halde seg oppdatert
Skal verte litt knall og fall framover. Men det høyrer med
Har nok regna meir der eg var ,for alle klærne på snora var tørre Sikkert i grevens tid eg fekk dei inn for ser mørke skyer truer Må ha meg ein tur til naboen før det braker laust
Tida flyg og sommaren er borte vekk Gjekk meg ein regnverstur etter jobb Får vere mi jonsokfeiring Hadde liksom ikkje lyst nokon plass så har ete ein god middag.fyrt i ovnen og koser meg med tv og hekletøyet
Sånn er det når ein er giddalaus.
Det som eg syns er litt trist er at no vert det litt mørkare for kvar dag… Tida går fortare enn godt er
Går no litt på fram med desse hersens gardinene.Men endå lenge til eg er i mål.
Men sidan veret skal fortsette å vere litt utidig så er det jo eit håp
Naboen skal flytte. Megatrist, men eg skjønner dei Er kort veg til barnehage og skule i nabokomunen her vi bur.Fin veg og
Til vår kommunale barnehage og skule er det 25 kilometer på smale vegar utan rekkverk mange plassar.Om vinteren er første 10 kilometerane reine risikosporten til tider. Jobber ein i den andre enden av kommunen er det grei nok.Ein tek ungane med. Jobber ein i nabokommunen som mange gjer så er det håplaust Mange som jobber i nabokommunen og omvendt. Supert.Men syns det burde då og vere greit at ein kunne ta ungane med…
Var kjempeglad då naboen flytta hit. Er vel faktisk einaste ungane under skulealder i heile Skifjorden… Men ikkje lenge. No er her for det meste pensjonistar.Så er det vi på pluss minus 60 og nokre få unnatak. Resten er hus og hytter eigd av folk frå Førde og Bergen. Ingenting ivegen med deimen for å få ei levande bygd treng vi fastbuande barnefamiliar Det betyr skattepeng i kommunekassa. No vert det ingen Skammar meg no over å vere eindel av det politiske livet i Hyllestad. Kan då ikkje vere slik vi vil ha det.? Skifjorden vert ein utkant kva kommune vi tilhører, men vi er no liv laga uti her og Reint trivelige er vi. Så la oss få behalde dei unge og la dei ha ungane i barnehagen i Fjaler. Skal vi få lys i husa må vi snu tankegangen Feller ei tåre for naboen og hadde eg hatt små ungar idag hadde eg gjordt det same Kjære politikarar Ingen skam og snuEg har trua
I tillegg så er hotellet i kommunen konkurs… Ligg i andre enden men eg bryr meg Megatrist det og
Og det med høgtrykkspylar.. Her er det berre å halde seg innadørs i tilfelle han får det for seg at eg bør spylast på sjøen…
Det ein kallar skikkeleg drittver. Har nett vore innom naboen ein snartur..Kan ikkje sei at lengre utflukter frister akkuratt no Kanskje visst han går over til å bruke hageslangen Var i Portugal dei hadde trengt dette veret.Han har nok bomma litt..
Fyrt i ovnen og slapper av. Lite anna eg gidd gjere Slepp no tenkje på å slå plenen i det minste. Kjem rikeleg vatn i vassmagasina så dei på austlandet får billig straum. Her er nettleiga så vanvittig dyr at straumprisen er mindre viktig. Vi betaler så det svir uansett
Om eg sakner litt godver… Ja…iallefall er eg lei ein kropp som er stiv og støl..men det hjelp lite å sture.. Så får hekle og lese litt meir. Skal ha meg ein regnverstur om ei stund..Frisk luft må eg ha
Storbrann i Portugal og nett vore brann l London. Mange liv går tapt. I kamp mot elden har vi ikkje så mykje vi skulle ha sakt Naturkreftene er sterke og vi mennesker strekk ikkje alltid til ,sjølv med gode hjelpemiddel.. Skremmande Her i vest er det regn og slett ingen sommarfølelse.Lite vi kan gjere med det. Får ta det som det kjem.Hjelp ikkje å irritere seg over det heller. På østlandet er det godver. Sånn er det no berre
Eg slapper av.Forkjølelsen vil ikkje sleppe taket helt..den klamrer seg fast. Lihestklyvet idag…Dei slepp no verte solbrende og får dusje undervegs. Glad eg slepp. Har faktisk aldri vore på Lifjellet, så mulig eg burde ha tatt meg ein tur…Haster ikkje Lenge sida eg var på fjellet i det heile. Ikkje hatt lyst eller ork. Får ta på meg vestlandsbunaden og rusle meg ein tur etter vegen…men ikkje nett no Rart med det…sånn opp og ned kva ein orkar og ikkje…
Les nyheiter på nettet: 20 passasjerer alvorleg skadd av turbulens .trudde bagasjen i hyllene var sikra…skummelt.Brannen herjer fortsatt i Portugal…
Trist….
Kanskje eg skal lage meg litt middag.
Bevege meg vekk frå sofa og tv. Hekler no litt innimellom…og rekker opp…tek si tid.
Sånn drittdag idag.Sov lenge og vel Trur det tok litt på igår Fekk i meg frukost og rikeleg kaffi Sånn skikkeleg piss sur. Det er då eg er glad eg er aleine. Rett og slett ei gammal pottesær kjerring
Då høyrde eg Gale Lise.. Fysøren for ei megge..!!! Sjå til å få på deg regnkleda og kom deg ut…! Passer deg ikkje å mulke på den måten…
Gamla labba avgårde.. Låg eindel småbitar av tre og ein rull takpapp på vegen..la det til sides og tenkte….ikkje onsdag og åpe på bossleveringa idag.?..sikkert nokon som har mista dyrbar last…
På tilbakevegen kom ein bil på innsamling.. Håper dei fann det meste
Litt blomstrar det mellom ugraset mitt og
Litt kjekt med roser
Denne har vokse seg stor.. Brukar å verte tatt av vinden desse buskene mine.
Gjorde godt med ein tur i duskregnet.. Tenkte eg skulle laga lasagne til middag og strengt tatt burde eg rydde litt idag og… Ser ikkje ut.Uff…. Får rive det dårlege humøret utover husarbeidet…då går det iallefall unna
Ja ikkje slike på himmelen då sjølv om dei sikkert er flotte å sjå på..
Hadde meg ei lita ryddebye idag.. Mykje halvferdige prosjekt Trur eg må ta meg skikkeleg ihop
Har no strikka ferdig sokkane.. Ser med store auge på det store gardinprosjektet mitt.. Korleis eg kom på det er ei gåte… Fekk jo ein glup ide.. Starta bra men så gjekk eg lei.. Gale Lise er det ikkje hjelp i for ho drit i handarbeid..
Men fekk no rydda litt i noko av rotet. Ikkje gale berre det
Funne fram prosjektet… Er eg heldig så kan det jo vere eg får lyst å hekle litt… Litt synd med alle desse halvferdige prosjekta mine…tanken bak har jo vore god. Er litt slik bortkasta arbeid å peng