Pengar eller kort/torever kjem fort:-)

Skikkeleg lummert ute og regnet lurer på om det snart får sleppe laus

Venter berre på at tore og lyn skal komme på besøk
Ikkje det at eg likar det.Tvert imot🙂

I morra er det oppatt på sjukehuset med dette auget.
Pengesluket må vere med om han vil eller ei.
Tek tid ser eg .3 timar…
Jaja…er som det er.

Prøve for ein gang skuld å skrive handleliste..Til Førdeturen altså😑
Sist glømde eg støvsugarposer…
Skal kjøpe meg ny kantklippar hadde eg tenkt.solid ein..Ikkje hjelp i noko sart noko når eg skal slå😀

Plastkassa..det er tingen å ha til å pakke vekk ting..
Godt pengesluket er stasjonsvogn❤

Handlelista er litt stor.Pengane må jo sirkulere…
Pengar og pengar fru blom..
Er jo eit kort…
Trur det er lettare å verte gjeldslave i desse korttider..
Er jo berre å trekke kortet og slå koden.
Har ein peng så ser ein jo kor mykje ein brukar og det er lettare å sette på bremsa..
Det er mi meining..
Syns det er skummelt med desse korta eg
Har jo sine fordeler men jammen er det bakdeler og☺

Er veldig glad i ville blomster
Nydelege å ha i vaser❤
Ha ein fin kveld

Venter på han far❤

Har forflytta min slakke kropp inn til naboen
Ingen heime .Slengt meg ned på altanen så lenge
Sola skin og har henta posten❤

Er fredelege nyheiter .
Verre med det skrekkinfernoet vi har sett frå England idag.
Vert kvalm ved tanken.Er så grusomt at ein klarer ikkje heilt ta det innover seg.Korleis kan det gå an at ein slik bygning er overtent på null komma null…
Grusomt

Ser på blomstene til ho mor

Har det så fint i hagen sin

Sender varme tankar over til London.
Håper sikkerheita vert bedre heretter.

Er når tragedier skjer ein ser kor sårbare vi er

rot overalt:-)

De aner berre ikkje kor mykje eg kan rote.Er nesten så eg sjølv vert imponert

Kan ikkje skjønne korleis folk klarer å ha det strøkent og der alt har sin faste plass

Ja det har det no igrunnen hos meg og.Det er  berre det at der er det aldri:-)

Og eg prøver.Forsetta er det ingenting å sei på,men det går liksom berre ikkje

Då hadde eg no ikkje fått gjordt noko anna,men hadde kanskje ikkje vore så dumt.

Mulig eg då hadde fått av meg nokre kilo

 

Det er meg eit stort mysterium kor folk klarer å ha det strøkent og nyvaska til einkvar tid

På jobb er eg faktisk ganske ryddig av ein eller anna merkeleg grunn

I tillegg må eg lære meg å kaste.Utruleg kva eg igrunnen samler på av ting eg ikkje har bruk for..

Men ein kan jo aldri vete.Plutseleg treng ein det og då har ein kasta det…

Veit at det er litt sprøtt…

Har meg ei ryddetokt innimellom og vert kjempefornøgd kvar gang,men plutseleg er eg tilbake i gamle fotspor

No skal eg snart ordne kjøkkenet…Ein flott anledning til å få orden i rotet der iallefall….I det minste få litt meir system i skuffer og skap

Om eg får det…Ja det gjenstår å sjå men må iallefall prøve:-)

Jaja..Har vel mine gode sider eg og,men dei er igrunnen litt vanskeleg å finne

Eg er strengt tatt best på å kose meg.Lese,strikke litt, eller berre sitte med tv og data

Skikkeleg latmannsliv.Men det er eg til gjengjeld veldig god på:-)

 

#Humor#ironi

 

 

 

God morgon eller?

Ikkje enkelt å dra på åra kjenner eg

Er ikkje 20 år lenger

Antar det er influensaen som gjer at kroppen er stiv som ein pinne

Ilt overalt og tenkjer at no går det berre ein veg…

 

No er eg no stiv og støl frå før, så vert nok berre forsterka

Morgonen er no ikkje god uansett:-)

Volsomt til gremjing av meg

Er ein bagatell som går over:-)

Men må liksom få det ut

Fyrt i ovnen har eg og.Husekaldt og eg har ikkje varmepumpe

Litt regnfullt og tungt ute så går ikkje glipp av noko.Ikkje det store sommarveret,men igrunnen så er eg ei uverskråke

Likar å gå tur i rengnet berre det ikkje direkte høljar ned

Fordelen med å vere sjuk er at eg har ein god unnskyldning for å ikkje gjere noko verdens ting:-)

Kan ligge på sofaen uten det minste snev av dårleg samvit

#ironi#humor

 

Stakkars meg😂

Dette er dagen kor sofaen er min beste venn
Sjuk og slakk
Forkjølelse antar eg
Kroppen føles som bly og det er tungt å puste..
Stakkars meg…
Best å trøste seg sjølv.Ikkje bygda å lite på😚
Ser på bilde og slapper av på sofaen
Går nok over☺Kroppen treng berre å kvile

Sikkert ikkje tolt slektsstemnet☺

Vakkert ute.
Skal ha meg ein tur inn og smitte naboen om ei stund..
I allefall sjå om det står bra til.
Kanskje litt på avstand☺
Treng kanskje ikkje direkte utfordre sjebnen.
Lettare å puste ute enn inne

Men går nok over…så får no ta livet litt med ro.

Fantastisk god luft

Det duftar så nydeleg av regnvåt natur

Har gått ein tur i regnet og vart aldeles ikkje sur

Det lukta så fantastisk av tre,og regnvått gras

Syntes rett og slett at det var ganske knas

 

Har hatt det flott i helga og kasta maten inn

No føler eg meg oppblåst og har gått opp fleire trinn:-)

Er jammen godt det no går mot veker uten fest

Så kanskje gamla kan få av seg

ein smule sideflesk

 

Har landa i sofen og mimre no litt

frå dagen igår og så smiler eg litt

Først stoppa vi på nede med campingvogna

Der fekk vi litt kaffi så vi ikkje sovna

For der har mamma trått sine barnesko

Der bur og han onkel og han er god

Passer på naboen og låner ut dusj

I tilfelle systa skulle føle seg tufs:-)

 

No har eg tatt og kokt meg litt makrell

og den skal eg ete med poteter utan skrell

Skal eg vere ærlig så sjønner eg meg ikkje på

kvifor vi må ete dei med skallet på

#dikt#humor#ironi

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Slektstreff er tingen

Vår herre har åpna alle sluser og vasker vekk spora etter gårsdagen
No hadde no vi ein kjempekos dag og trur vi oppførde oss bra.
Nekter å tru at vi sette slike spor at han måtte fram med høgtrykkspylaren..
Men kven veit..Sikkert stått opp med feil fot først

Her er bygda eg stammer frå

No er det no søskenbarnet som har barndomsheimen til pappa og søskena
Iķkje han som er avbilda☺

Kjekt å møte familie. Nokon hadde eg aldri sett..Sånn er det no berre.
Hadde oss ein tur til Eivindvik på kyrkjegarden etter hyggeleg matstund i Austgulen

Middag og overnatting på Brekkestranda
God mat og koseleg selskap.Til å med veret var på vår side igår

Vakkert ved sognefjorden

Måtte jo passe på at vi fekk i oss nok kaloria..kunne jo hende eg gjekk ned eit gram😙

No er eg på veg heim.
På ferja…
Håper veret har letta litt til eg er heime..
Er ikkje råd å gå ut av bilen

Kor i h…er dei høghela sandalane mine..

Rett og slett borte vekk.
No lurer eg på kor eg har gløymt dei att
Dritgode å gå i…eller var..
Finn dei ikkje..Ikkje så lenge sidan eg hadde dei…

Uff..

Har plukka meg ein blomsterbukett og feira eg har bursdag❤

Fekk roser av den mellomste av superungane mine☺
Myrsnipe er vi jo alle☺Men dei har vorte mykje godt…
Trur eg har vore i overkant masete og stressande..
Dei har no i det minste lært korleis det ikkje skal vere…
Ikkje verst det heller…kjem innunder kunnskap som ikkje ein får studiepoeng for..
Den burde vore meir verdsatt.Er den kunskapen som gjer at ein har knaggar å henge ting på.
Kjekt med studiepoeng men er mykje ein kan lære uten å få det og..

Sjølv er eg glad i å jobbe med menneske…Eg er sikkert ikkje alltid verken kjekk eller grei men på det jamne er eg slett ikkje verst😁

Viktig å snakke seg sjølv opp og når ein har bursdag er det lov…

Glad i jobben og arbeidsplassen
Hatt to kjekke nattevakter med supre kollegaer..
Men av og til vert eg drittlei det meste☺Er heilt normalt tenkjer eg.
Men det går seg til att☺

Er litt slik som himmelen.Veldig skiftande❤Men eg er god på botn berre ein grev djupt nok:-)

God helg

 

#humor#ironi

Fredag❤

Helg❤
Fri og gamla og pengesluket skal på slektsstemne

Nattevakter får og med seg nydeleg soloppgang.Iallefall når nattevakta i heimetjenesta varsler.
Utsikta mi er på hi sida

Vakker morgon og når søvnen truar med sitt nærver er det godt med frisk luft.
I natt er eg ovenpå😁Tolkast som ein vil

Måsen tok morgonstellet.Tidleg oppe

Eg er glad at eg snart kan sove

Så er det å prøve å finne noko ein kan ha på seg i morgon

Ikkje berre berre når alt eg har er forlite😑
Skal ikkje vere enkelt
No er ikkje her anna enn bunnpris☺

Jaja…Har ete på meg kiloa sjølv så lite hjelp i å sukke og stønne
Håper på sol i morgon☺

Pengesluket står no å venter…
Har ikkje slike problem.
Stakkaren får knapt ein vask

Får berre rette meg opp å vere like stolt som måsen

Sansehage❤

Har sånn koseleg hage utanfor avd.eg jobba
Det meste takka vere helselaget og eldsjeler og til nytte og kos for bebuarar og oss som jobber

Hønsehus har vi og❤Brune og kvite høner

No hadde vi fått ei lita fontene❤
Kos
Tatt bilde på nattevakta må vite😑
Gode utemøbler og bålpanne til å steike lapper på.Ikkje utstyret det står på

Eg er ikkje glad i å lage mat i det heile og iallefall ikkje over åpen eld☺så det overlet eg til andre☺Hadde ikkje vorte mykje av det visst eg hadde ansvaret skjønner de.Godt vi har ulike kvalitetar.
Er kos å kunne gå rett ut i ein triveleg hage i trygge omgivelsar
Håper på litt sommerver så vi kan nyte det

 

Var kjempefint halv fem idag.Flott utsikt:-)

Fekk med oss soloppgangen før regnet tok over

For meg som har sovedag er det no passe ver.
Sove litt lite kjenner eg, men slit meg vel gjennom ei natt til☺

Får kose meg på sofaen litt til tenkjer eg