Pinn stiv

Skal ikkje vere enkelt
Ryggen har bestemt seg for at den vil vere pinn stiv
KVA eg har gjort for å ha det slik er uvisst
I dag hadde eg frå før bestilt time på bailine
Brukar funke godt når korsryggen slit

Var veldig behagelig å ligge der
Var verre då eg var ferdig
Måtte få hjelp til å knyte skoa
Det er då ein føler seg lur

Møte klarte eg òg å gjennomføre
Fann det klokast å droppe alt eg hadde tenkt i Førde
Brillene får berre gnage litt til

Men på veg heim måtte eg berre innom Kiwi i Dale
Gjekk greit å få tinga opp i handlekorga
Men å ta dei opp på rullebandet.steik ilt og umulig
Plutseleg dukka ho bak meg fram og hjelpte meg
Veldig snillt ,men tenkte vel at skulle ho komme seg heim var det vel berre å hjelpe den gamle heksa


Litt bevegelse tenkte eg. Det må vel hjelpe

Same nytta som smertestillande
Fint lite
Så no ligg vi her

Håper det blir bedre i morra

Men matlysta er god
Må ta med det positive
🩷God helg

God morgen:-)

Pinsa er over og alle er tilbake til normale tilstander
Det same er veret
Det har ikkje endra seg sida pinse heller
Veldig stabilt og bidrar til at det blir nok vatn i bassenga til kraftlaga
Ikkje for at det ser ut å hjelpe på straumprisane

Lite nedbør i vinter så den kjem no
Står i stil til forma mi
Snart juni
Dagane fyk avgårde i ein volsom fart syns eg

Kongen skal på besøk til dei siste fire kommunane han ikkje har besøkt
Dronninga er sjukemeld
Må vere heilt lov i deira alder
Bøyer meg i støvet

Uro i verda
Gjer noko med meg.
Det meste vert usikkert

Må kanskje komme meg utav pysjen snart eg eg
Ting tek tid

Ha ein super tirsdag

Avslapping

Sit og les om han som seier han fann 7ooooo på soverommet
Det hadde altso vore noko
Dratt ut nattbordskuffa eller kikka under senga og der låg dei
Hadde gjordt godt i pensjonskassa:-)
Men slike under skjer ikkje hos meg
Sikkert ikkje hos andre heller
Men er jo l0v å drøyme

Ute plasker det ned ,så nokon luftetur før jobb blir det neppe
Litt yr er greit,men dette frestar ikkje
Trengst litt jobb inne og så heilt greit
Men ikkje endå
Er ikkje det beste pinseveret for dei som har fri
Akkuratt passe jobbever

Ha ein finfin lørdag

God pinse

Gamla og Ingolfen ynskjer alle god pinse

Lufta har gått ut av ballongen
Sein/tidleg betyr for meg:trøtt

Litt lite søvn
Vore hos dattera på nydeleg taco fredag
Før eg rusla heim og havna som eit slakt på sofaen
Sove litt har eg og trur eg

The Voice i bakgrunnen


Småregnar ute så heilt greit med sofatid

Fjorden er grønn for tida
Har sin sjarm
Nyt pinsefest
Gamla skal jobbe i helga
Nyt helga

Treg

Av og til og litt for ofte
Knirker det i både rygg og hofte
Berre det å komme i sving
Verkar som ein umulig ting

Gjer litt godt å kunne klage
Mens eg ventar på å få mat i min mage
For er det ein ting som funkar og er utan plage
Er det det å klare å ete alt eg må behage
Ha ein super dag

God morgen


Stille og roleg morgen,men meldt regn
Fortsatt litt sliten etter 17 mai feiring
Rart med det
Å vere i komiteen kjenner ein i beina sjølv om det er kjekt
God mat,og kjekke folk
Meir kan ein ikkje ynskje seg

Rømmegraut og kaker
Ser ut som det smakte

I dag er det jobb
Men ikkje endå
Først slappe av og drikke kaffi
Nyheitene er mindre koseleg lesing

Ha ein super mandag

Fantastisk

Her er det berre å nyte
Tidleg oppe
Tidleg luftetur
No
Berre nyte til seinvakt
Livet er ikkje verst

Lang dag

Litt slitsom dag med mykje kvalitetstid
Innom sjukehuset eintur
Tek si tid med vegarbeid her og der og ei gamlemor som ikkje er av dei raskaste på pedalen
Innom Bailine for høgst tiltrengt smertebehandling for ryggen
Gjorde godt


Kafébesøk på Olefine må til
Litt mat måtte eg ha
Kvalitetstid med dattera
Litt handling måtte og til
Mat må ein ha og diverse andre nødvendige ting
Ikkje så ofte eg bevegar meg ut i verda🥹
Førde varta opp med nydeleg vårvær
Regnet kom først etter vi var komne i bilen
Var igrunnen glad eg kunne sette L på bilen og la frøkena overta
Kom oss trykt heim
Her enda dagen
Kjennes ut som eg har sprunge maraton
Kor er forma henn?
JajaGår seg til Fri imorra
Ingolf stakkar nekta å gå ut i dag tidleg
Temmeleg sær når matmora endeleg dukka opp
Mat måtte fram fortare enn svint og borte vekk var han
Kjem vel att når han vert svolten

God natt frå meg

Godmorgen:-)

Veret er flott ute det,men temperaturen er heller laber
Ikkje for det
Er ikkje uvanleg i mai,men tosifra temperaturar er å foretrekke

Ryggen er i det minste bedre
Sola skin
Fuglane syng
Snart 17 mai
Gauken høyrde eg 2 mai iår
Tidleg
Då kunne ein sette seg på marka sa dei før
No er det så kaldt at det frestar iallefall ikkje .Men reknar med at det endrar seg litt etter litt
Ferdig med gensaren eg strikka på og funne fram ein ufo eg hadde liggande
Litt overgang å gå frå tjukt til tynnt garn
No har eg litt pause,for mønster er ikkje mi sterke side. Når det i tillegg skal teljast ut frå her og der går det ei kule varmt
No ligg det på pause
Igjenn
Fritt ord prisen er utdelt til ei tøff dame Hilde Waage
Er tøfft å vere skeptisk til det andre trur på og grave i etablerte sannheiter Gratulerer:-)


Vorte lite tur og trim på meg i det siste
Ingen stolpejakt eller turer anna enn utafor stovedøra
Håper det kjem ei tid for det og
Av og til er det slik
Ikkje alt går etter det ein sjølv har tenkt eller gjerne vil gjere
Må berre innfinne seg med at slik er det av og til

Snart lage meg litt frukost kanskje
Sit her godt innpakka under pleddet mitt med kaffikoppen
Litt godt med ein roleg start på dagen
Seinvakt

Ha ein super tirsdag:-)

Flåklypa

Når ein ser fjellet frå vegen er det som å sjå flåklypa i miniatyr
Heldigvis har fjellet ei bakside
Det var der eg tusla meg opp i dag
Etter ein lang dag med kommunestyre og opplæring var gårsdagen stor minus for ryggen
Sitte syns den fortsatt ingenting om
Ligge derimot.
Men kan jo ikkje gro fast i den sofaen

Vakna til nydelig sol
Berre å nyte mens den var der

Kjekt med fine turer i nabolaget der ein slepp bruke bil
Kollektiv er her jo ikkje
Var godt for sjela
Om det var godt for ryggen er eg usikker på
Men går på fram
No må gamla ta seg ihop og prøve gjere litt heime
Ting tek tid
God helg🩷