På høg tid

No har no aldri eg direkte vore ei skjønnheit.men når gamla er sliten,i dårleg humør og i tillegg ser ut på håret som madam mim på ein dårleg dag,så er det kveld:-)
Igår var det endeleg frisør
Tusen takk Ingrid:-)Du klarer alltid å få meg til å føle meg bedre

Rart korleis ein ting som eit frisørbesøk gjer at ein føler seg som eit nytt menneske:-)

Var rett og slett heilt kake igår.Så etter jobb,frisørbesøk og middag sovna eg på sofaen.Vakna langt på kveld og flytta meg i senga.Så idag er eg tidleg våken må vite:-)
Men mens det lysner får eg med meg nyheitene og skal sjå tvseriane frå i går:-)
Rett og slett tanke krefter.

God onsdag

Mandagsro:-)

Litt godt å kunne sitte her og berre vakne i fred og ro og sjå utover sjøen
Stille og grått
Vinteren prøver å trenge seg fram og temperaturen er gått ned
Kjenner kulden liksom set seg i veggane

Treg start på morningen her i huset
Katten søv og eg sit no her.Stiv og støl og har meir enn nok med å tenke over det eg burde ha gjordt:-)
Burde nok starte dagen med å ta meg ein luftetur,men tek lang tid å komme igang

Valgkamputviklinga i Usa skremmer meg..Lurer på kva det ender opp i
Utrygg verden generellt
Skremmande syns eg og klarer heller ikkje berre la vere tenkje på det.
Endå er vi veldig heldige i vårt vesle land

Snart jul og
Fall for fristelsen å kjøpe havreflarn i butikken ..Den boksen varde ikkje lenge
Syns dei er smellgode og er jo totalt usunne,,Er nok heller ikkje meininga ein skal ete opp ein boks på eitpar dagar:-)Åleine…
Har prøvd å unngå sjokoladeinnkjøp men er jo ikkje bedre med kjeks.
Skal ikkje vere enkelt dette her
Tanken er god men viljen elendig:-)’

Må kanskje snart få baken opp av sofaen..Ha ein super mandag

Ut på tur.Aldri sur

Blir litt for lite frisk luft i ein travel kvardag.Iallefall no dei har sett klokka på vintertid.Mørkt når eg kjem heim omtrent..

Så litt greit å nytte Folkestien nær jobb til ein lita runde før eller etter jobb..
Går litt lenger heime,men idag med desse kraftige bygene trur eg at hadde eg først trakka over dørstokken hadde eg ikkje komme over den att

Er dukka opp diversen små figurer rundt om på stien.Må innrømme at idag var det ganske så mørkt inni skogen,men såg bedre igår

Vakkert
Får ro i sjela sjølv om regnet til slutt piska ned
Fortsatt ganske så vått deler av stien,men idag hadde eg støvla..Igår tok eg vegen deler av løypa liksågodt ..Orka ikkje verte våt på føttene:-)
Lov å fuske litt

Det beste med turer i ruskever er dusjen etterpå og ete middag godt inntulla i pleddet:-)Ingolf er til dels vel nærgåande:-)Treng litt kos han og..
Imorra er det fri.
Skal sove lege og berre kose meg er planen
Ha ein super søndagskveld

Kva er problemet?

Ingolfen her

Forstår ikkje kva som er ivegen med denne matmora
Idag,foreksempel
Skulle nett ut i eit nødvendig ærend på morgenkvisten..Sånn i full fart
Der ser eg bilen med gamla køyrer nedover vegen

Har ho sjekka temperaturen og yr.no?
Her vert eg utesperra i eit fæla ver og surt og kaldt

Og kom ho att til normal tid?Niks…Så eg måtte jo vandre rundt i nabolalget til ho kom att

Ga beskjed..Dette var ikkje pent…Er litt sur

No lurer ho på kvifor eg må ligge så tett innpå…Er ikkje ho som har frose heile dagen

Att dei tør


For nokre tøffings
Hadde eg aldri gjordt
Men ei veldig god reklame for kommunen min:-)Flott på gygrekjeften.Har aldri gått frå storaker og Porten som gjengen gjorde ,men ser fantastisk ut.Hadde nok med trappene og stien frå Lekva eg
Rett og slett imponert av dei tre som overnatta i hengekøyene:-)
Koseleg program

Berre elendigheit

Ser på nyheitene og dei er prega av drap og valg i Usa
Alle desse drapa vi les om no gjer noko med meg.Dei fleste er anten gjengbasert eller familietragedier.Mange nære relasjoner

kva skjer med oss.Kor er det det svikter ?
Iallefall berre trist

Kven som vinn valget i Usa gjenstår og sjå
I Norge er det og store svingningar i politikken

Eg sit berre her i sofaen,med pledd rundt meg og betrakter frå utsida
Regnet hølgjer ned.Det bles..Rett og slett innever
Må no på jobb,men har ikkje tenkt ut før den tid
Ingolfen trur eg tenkjer han blir i sofaen heile dagen:-)

Det er høst:-)
Når veret er slik er det greit å kose seg med inneaktiviteter

Ha ein super onsdag:-)

Trøtt

Er rett og slett trøtt heile tida eg
No sit eg her og kjemper med søvnen…Snart møte, så sove skal eg altså ikkje,men…
Augen liksom berre glir igjenn
Hadde det endå vore slik når eg vil sove.
Ligg der ved midnatt.Lys våken og tenkjer at…Eg må jo snart opp:-)Tel sauer og andre rare dyr
Kan jo skulde på lite søvn og dagvakt,men trøtt er eg uansett

Mulig det er veret.Skikkeleg haustver
Gjekk meg ein liten luftetur i ettermiddag mellom bygene
Kva gjer ein ikkje for å unngå å sove
Gleder meg til kveldens episode frå Lifjellet… i 71 grader nord.Og tenkjer på dagsturen min opp der
Er betydeleg raskare tempo på denne gjengen:-)
Puster jo litt desse og .Han med konstant kvilepuls er jo ute av dansen

Vurderer å fyre i ovnen seinare,eller sove..Men først er det grendalagsmøte:-)Vi skal jo ha basar der og 🙂
Ha ein fin tirsdagskveld

Glad eg ikkje må vere ute

Skal sei her er mykje regn og vind idag
Om ting fyk rundt eller ikkje er ikkje godt å sjå for fortsatt er det mørkt
Nesten uhyggeleg når vinden rusker slik
Naturen har uante krefter
Har auka på føler eg
Bedre å vere oppe å føle litt meir at ein har kontroll om ikkje anna enn på seg sjølv
Ingolf blir inne seier han:-)

Fantastisk innsamlingsresultat igår
Stolt over kva vi får til som eit lag når det er nødvendig å gi ei hand
Familiehus er viktig når ungar får kreft.
Få lov å vere samla som familie:-)

Vinden står rett på huset mitt så rusker skikkeleg og vinden lager mykje lyd.Ikkje lydtett hos meg og igrunnen ikkje vindtett heller:-)
Gruer meg til eg skal på jobb i denne vinden

Ha ein super mandag med eller uten uver:-)

Kos på Høstfest

Vore på haustfest i Skogkløver 4h
Flinke barn og unge i 4h og ikkje minst foreldre som stiller opp
Nydelig betasuppe med rundstykke
Flotte kaker og kaffi
Hyggelig selskap og ikkje minst
Basar❤️

Eg har storkosa meg.Så får det heller vere at det var nokre mil å køyre.
Avslutta dagen med tur i frisk luft
Traff hyggelige folk der og eg
Sosial og kos dag avsluttast framfor tv
Godt inntulla i pleddet mitt
I morra er det tilbake til normal jobbkvardag
Bør nok vere sosial litt oftare:-)

Søndagsro:-)

God morgen frå sofakroken:-)
Godt å nyte kaffi mens eg ser utover fjorden
Heng litt skodde her og der og det er litt trolsk:-)
Godversdagane er over for denne gang

Tvaksjonen idag er viktig:-)Håper dei får inn mange penger
Sammen for små helter:-)
Sjølv skal eg på høstfest i 4H
Koseleg 🙂
Ikkje alltid aktivitetane passer med turnus,men denne gangen gjer det det heldigvis:-)
Har sikkert godt av å vere litt sosial og.Det er eg ikkje så god på utenom jobb
Ingolf har vore ute eintur,men trur ikkje det var det store
Ikkje så glad i våt mark han.Likar helst godver:-)

Litt spent på kven som vinn valget i USA
Litt redd han med hentesveisen kan dra det lengste strået denne gangen og
For meg,heilt utruleg,men Usa er ikkje som Norge

Ellers så skremmer verdensbilde meg meir og meir..
Valget i USA har innverknad på den og.
Men lite eg kan gjere med det .Må nok sitte stille i båten og vente

Får putle på med mitt sålenge

Ha ein super søndag