Mandagsro:-)

Litt godt å kunne sitte her og berre vakne i fred og ro og sjå utover sjøen
Stille og grått
Vinteren prøver å trenge seg fram og temperaturen er gått ned
Kjenner kulden liksom set seg i veggane

Treg start på morningen her i huset
Katten søv og eg sit no her.Stiv og støl og har meir enn nok med å tenke over det eg burde ha gjordt:-)
Burde nok starte dagen med å ta meg ein luftetur,men tek lang tid å komme igang

Valgkamputviklinga i Usa skremmer meg..Lurer på kva det ender opp i
Utrygg verden generellt
Skremmande syns eg og klarer heller ikkje berre la vere tenkje på det.
Endå er vi veldig heldige i vårt vesle land

Snart jul og
Fall for fristelsen å kjøpe havreflarn i butikken ..Den boksen varde ikkje lenge
Syns dei er smellgode og er jo totalt usunne,,Er nok heller ikkje meininga ein skal ete opp ein boks på eitpar dagar:-)Åleine…
Har prøvd å unngå sjokoladeinnkjøp men er jo ikkje bedre med kjeks.
Skal ikkje vere enkelt dette her
Tanken er god men viljen elendig:-)’

Må kanskje snart få baken opp av sofaen..Ha ein super mandag

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg