Koster å vere kar

Koster å ha bil og.
Larris har nemlig vore på sin årlege sjekk.
Det tok tid.
rusla rundt i Førde imens.
Mykje vatn i Jølstra og

Raķk frukost og middag.
Mett endå.
Iallefall tørst
Var nok salt i maten.
Var innom nærmast alle butikkane.
Kjøpte meg eit måleband.

Larrisen vart no ferdig etter fleire timar.
Kosta skjorta den servicen altso.
Skulle tru han hadde fått nye deler av gull.
Men,sånn er no prisane.
Går ikkje eit einaste kollektiv tilbud hos meg.
Bil må eg ha
Så tenkte eg at..
Godt eg ikkje fann noko eg hadde lyst på før på dagen🌻

Dekk må han og ha…
Ikkje grenser🙂
Sånn er det med den saken.
Får heller spare på andre ting.

Fekk meg no måleband

God helg🌻

Ventetid

Har vandra meg til Olefine og kjøpt meg frukost.
Rundt meg samlasr pensjonister til føremiddagstreff.
Ser ut som det er fleire slike frukostklubber.
Andre ser ut som dei tek frukostpausen her og vandrer vidare.
Likar meg her.
Lun atmosfere og gode boller .
Har kaker og då.men eg er mest glad i bollane.
Kan det Naustdal bakeri .
Angrer på at eg ikkje tok med bok.
Men,får kjøpe med eit sudukohefte.
Skal vandre bort til handelshusa etterpå.
Mange timar å fordrive så rekk innom alle butikkane.
Sjekke kva dei har.

Trøtt i trynet

No er ikkje det å stå tidleg opp mi greie.
Så når eg no har gjordt det ei heil veke,så kjenner eg at det altso er litt i overkant:-)
Men bilen må på service og eg har fri
Langt til Førde,så sånn er det med den saken
Må berre få i meg litt meir kaffi først

Ser ut og ser berre svarte natta…Er nok begynnt å lysne,men grått og trist vestlandsver,så merkar ikkje så mykje til det
Eg er altså retteleg blid om morningane som de skjønner
No har eg tatt meg ihop i fleire dagar,så idag kan eg få vere litt mygla ,sånn aleine i godstolen

I bilen kan eg berre la leppa henge
Må iallefall utstyre meg med regnklær,for blir nok ein våt dag i Førde og
Er eit stykke frå verkstaden til eg kjem ned til butikker og tak over hovudet
Lange slike dagar.
Blir gåande i timesvis å surre
Bedre når det er godver og ein kan ta seg ein tur 🙂
Frihelg:-)
Har mykje eg burde ha gjordt,men om eg gjer noko det får tida vise
Må ta ein alvorsprat med meg sjølv.
Ha ein super fredag:-)

Folkevaldprogram

Nok ein lærerik dag.
Fin start for nye og gamle lokalpolitikarar.
Lover godt ,tenkjer eg.
Viktig å starte med å bygge felles forståelse av kva vi skal og ikkje bør jobbe med.Kva er greit og kva skurrer

Litt pauser innimellom og diskusjonane fortsatte då og på tvers av partia

To dager der kommunestyre,vara og leiing fekk tid å snakke saman og og snakke om forventningane til kvarandre.
Nyttig informasjon og gruppearbeid der vi var inndelt på tvers av parti er nyttig.
Treffast meir uformelt og diskutere på vennskapelig plan er viktig.
Skaper forståelse og respekt,trur eg..

Ytre Sogn snakka om deira rolle.
Kva bruker vi media til.

Super lunch idag og.
Rakk ikkje i raspeballemiddagen🙂

Storm og regn ute..
Frester ikkje til tur..
Burde nok..
Men..ikkje no..
Godstolen frester meir..

Dagen starta i det minste fint
Ser ut som eit skrukketroll som har krympa inn…
Sånn kan det gå

Politikaropplæring

Kjekk og innhaldsrik politikaropplærin idag.
Dagen starta først med kommunestyre og valg.
No er alt på plass..nesten
Mange nye fjes i kommunestyre og som vara.
Trivelig

Flinke kurshaldara frå Ks
Gruppearbeid og opplæring går hand i hand.
Er god læring
Ny dag imorra.
God lapskaus til lunch.på hotell Sognefjord

Ny dag i morra.
Eg gleder meg

Hiv og hoi

Steike for eit ver
Er vel i slikt ver folk dreg på uversafari
Det treng ikkje eg,må vite
Heldig antageleg
Får det gratis rett utafor stovedøra
Har til og med fridag og kan nyte det

Har storma på i heile natt og fortsatt.
Det regnar frå alle kantar og ein har det best inne

Eg og Ingolf har inntatt kvilestillingen vår
Eg i godstolen med kaffikoppen,og han ved beina mine
Høyrer og ser ut på uveret

Kan vere godt med ein slik innekosedag og
Så lenge eg slepp ut:-)
Må inn og besøke nabokatten,men venter litt
Er det lengste eg har tenkt å bevege meg idag:-)Håper eg

Må leite etter eit måleband så eg får målt kor langt eg er kommen på den juleduken eg hekler på.Veit kor lang den skla bli,menikkje kor lang den er
Best å få oversikt
Ein eller anna lur plass har eg det nok
Har mange slike lure plassar
Har eindel klær eg må stryke.
Endeleg har eg ein dag eg ikkje finn unnskyldning for å sleppe:-)

Ha ein super mandag

Fredag

Utruleg kor fort tida går
Plutseleg fredag att
Litt småkaldt og overskya
Det er høst
Litt dårleg med søvn,men sånn er det med den saken
Ingolf kom nett inn.
Volsomt med mas til han fekk mat
Han har ingen søvnproblem.

Skjønner godt at folk venter med å kjøpe bolig fortida
Litt vanskelig å vite kva ein har råd til når rentene stig.
Driv og kjenner etter om viljen har lyst å gjere noko før jobb.
Kjennes ikkje slik ut.
Men,litt må eg nok.
Men,ikkje endå
Litt meir kaffi og Godmorgennorge.
Ha ein super fredag🥳

Rekreasjon for kropp og sjel


Vekk med fartsstripa og eigenpleie hos Ingrid på For deg frisør
Fasaden er viktig veit de
Det indre er meir skjult
Sikkert like godt.

Nyte naturen

Få litt frisk luft

Ser at desverre var det kun håret som fekk eit løft

Godt med fridag.
Helgejobbing for tur.n
Nyheitsbilde er berre trist.

Fått litt mange ting eg har lova?så får ta eit skippartak.
Ikkje alltid eg har lyst å hekle så må gjere det når ånden kjem over meg

Rentene stig

Glad eg ikkje har høge lån

Eg skal kose meg med 71grader nord..

Hausten tek grep

Vore ei fin frihelg
Sola har skine og gamla har tanka krefter
Unntatt eit auge som verker
Trur ikkje eg har fått noko rusk i,men får sjå det litt an.Går det ikkje over må eg nok ringe eksperthjelp:-)

Fann litt blomster i hagen
Redda inn ein bukett før regnet no har tatt styringa
Grått og vått og septemberver:-)

Er liksom så mykje lettare å gå tur når sola skin:-)
Orka ikkje fjellet.
Dårleg kondis og best å ikkje forstyrre jakta:-)Hjortejakt må vite

Hyttenaboen har rydda skogen fint. Ihelga kutta han kvist
Imponert over innsatsen.
Når det regnar på presten så dryp det på klokkaren
Utsikta kjem seg

Litt lei av å lese om politikartoppane sine aksjehandlande ektefeller
Dukker alltid opp ett eller anna, som ein strengt tatt burde halde seg unna
Men verda går vidare og er viktigare ting som skjer
Kriminaliteten aukar ,syns eg
Skremmande utvikling

Godt eg ikkje handlar med aksjar

Er det ikkje det eine,så er det det andre
No er det ikkje alltid like greit å følgje med på kva partneren styrer med.
Det ser vi jo i media.
Er jo positivt at ein stolar på kvarandre sånn i utgangspunktet, tenkjer eg

Er sånn..tillit er bra,og kontroll er bedre…Det er litt slitsomt i det daglege

Greit eg slepp den problemstillinga
Eg har nok med mine problem ,og ikkje pengar til å spekulere i aksjer.
Hadde nok vorte eit tapsprosjekt:-)Manglande info og kunnskap

Men som vi ser så skjer det i alle kretser.
Jaja. Dette får andre enn eg ta meg av

Slakk i både ånd og vilje fortida
Eg og Ingolfen har tatt helg
Eg i godstolen og Ingolfen ved beina mine
Begge har vi ei felles interesse.
Mat
Dvs å ete den:-)
Kjenner det skal verte godt å berre slappe av ei helg
Tanke krefter for å komme sterkare att neste veke

No lurer eg berre på kva det neste nyheitsbilde viser…
Ha ein super fredagskveld