Skodda eller tåka hyller inn fjord og natur her hos meg. Står i stil til morgonstiv og litt sånn kranglete rygg
Den norske krona er snart ikkje verd nokonting. Ganske så skremmande spør du meg ikkje så mykje hjelp i at lønna går opp når ferier og importvarer blir mykje dyrare Tenkjer på pensjonistar og andre som bur i utlandet men får inntekta si frå Norge.. Det må merkast for å sei det slik Euro og Dollarkursen er høg
jaja Eg skal ikkje flytte ut or landet,og heller ikkje på utelandsferie,men uansett bekymra
Skodda eller tåka går nok vekk i løpet av dagen:-)No vil eg ha litt godver. Her er vel vått overalt i naturen Ingen skogbrannfare hos meg:-)
Etter litt for mykje middag..Stekt lyr er lekkert..så sovna både eg og Ingolfen. Hadde tenkt ut,men den tanken får vere der til i morra.. Fortsatt mett og trøtt.. Av og til er det lov å vere lat
Får på eit merkeleg vis følelsen av at det er høst Det høljer ned og eg fyrer i ovnen Liksom ikkje det eg har lyst til å gjere i slutten av mai Men,sånn er det og om vi får sommar iår eller det blir som i fjor,ja det vil tida vise:-)
Lite eg kan gjere med det uansett. Idag er det iallefall innever. Ein eller annan gang idag skal eg nok ta lufteturen min,men ikkje no…
Håper at det blir eit lite opphald utover dagen:-)
Har strikketøy og bok og nyt siste fridagen I morra er det påan i full jobb att:-) Til og med Ingolf er lei drittveret.Han er desverre for glad i mat,nett som matmora.. Treng vere ute å trimme litt,uten tvil.Er trill rund Las om at overvektige kattar var eit problem på linje med at vi menneske har usunn livsstil.
Vi bør nok skjerpe oss,både eg og katten:-) Ser fotballtilhengarar har braka i hop i Bergen. Eller dei ødelegg vel mest for dei som er fotballtilhengarar. Sånn revalisering er ikkje bra for nokon.Har vel strengt tatt ikkje noko med sporten å gjere Burde vere heilt unødvendig
Volsomt som det høljer ned ute altso… No må vi vel ha strøm nok i vannbassenga til å klare oss resten av året:-) Kanskje eg skal bruke dagen til å stryke litt klær . Ikkje at eg har så mykje,men litt samler det seg opp. Har det med å utsette ting
Vel og merke var ikkje resultatet av pusteprøvane mine noko å rope hurra for,men idag var til og med yndlingsturen min eit slit.. Nesten på toppen og sånn skikkelig sliten. Innover fjellet var meir kos. Litt surt på toppen Vurderte om eg skulle snu eller gå nedom dagsturhytta.. Men,valde det siste. Jakter ein kondis så gjer ein det. Var familie på dagsturhytta,så gjekk ikkje inn. Var trøtt,sliten og svolten,så ville heim🥰 Litt skremd over kor lang tid eg brukte,men gjennomførde no planen . Idag var det tungt. Ikkje alle dager som er like Tur gjer godt etterpå1😁 Kondisen? Nett som med kart i handa. Eg går feil veg Men matlysta den har eg. Slepp til og med å leite
Alltid fint ver i pinsa har eg høyrt. Aldri tenkt over det,men kom meg for øyre iår og.. Flott tenkte gamla. Eg har fri.. No vil eg ikkje akkuratt kalle dette pinseveret for fint.. Bøtter ned frå oven i store mengder og vi held oss såvidt over frysepunktet..
Vi nærmar oss med stormskritt juni.. Håper på litt sommer iår.. Hadde gjordt seg Var innom grava til pappa. Må innrømme at i høljande regn kom
blomstene nedi i full fart,så får fikse seinare.. Valde nok feil dag. Innetid er ikkje så verst det heller Må nok ta på meg vestlandsbunaden idag og. Berre drikke kaffien først
Trur vi er gått inn i den nye istida eg:-) Liksom ikkje den store følelsen av at sommaren snart står for døra Men,lite ein kan gjere med veret,og har varme klær:-)og vestlandsbunad
Ser at pinseveret blir stabilt kaldt ,men muig vi ser sola:-)
Har igrunnen litt eg burde gjere inne både her og der,så trur eg skal prioriere det i fred og ro:-) Litt godt å har fri og nyte lang oppvakning med kaffi og Godmorgen Norge:-) Har nokre bøker eg gler meg til å lese ferdig,men er mest glad i å lese i solveggen… Så kan vere dei då vert liggande lenge
Ein ting er sikkert.Ikkje fjelltur i regn og glatte stiar..Iallefall ikkje idag Neste gang skal det vere iallefall opphald:-) Er no ei uverskråke,men alt med måte
Viktig å ikkje irritere seg over ting ein ikkje kan gjere noko med,har eg lært. Så her får ein gjere det beste utav livet:-)
Starta lengst vekke. Systadfjellet.. Når ein starter ganske høgt over havet så var det eit veldig lite fjell. Men nydelig sti.. Regna heilt vanvittig. Her skulle det visst vaskast vekk det meste. Ikkje dagen til å ta mange bilder. Det er høgde frå sjøgrensa og den er nokre høgdemeter unna😁
Forruten eit vanvittig regnver,våte glatte berg og fallfare var drt ein sånn kosetur I det eg sette meg inn i bilen slutta regnet… Trur det var meg det ville vaske vekk.. Var tenkt å ta ein topp til,men var både kald og skoa var utette.. Følte meg liksom ikkje så godt mottatt😁
Rett uatt i ytre… Her er det ikkje vaska til pinse.. Isåfall berre ei lita bye..
Må nok gå meg ei runde for eg frys. Men fekk no i det minste haka av tur 3 på 10-turen
Har utsett jakta på kondisen litt eg Må innrømme at fjelltur frister ikkje i regnver Ser jo at andre går der i alt slags ver,men ikkje eg Får heller ta den vante runda Men,kan vere regnet tek ein pause
Litt for tidleg våken.4 timar søvn er litt lite,men får vere fornøgd med det ein får Kaffi og God morgen Norge er heller ikkje å forakte:-)
Nyheitene er fulle av Amerikansk krigsskip og soldater i Oslo,eller Tina Turners bortgang Sjukdom og alder kjem til alle Kva besøket av krigsskipet i Norge gir av signaler kan ein jo tenkje seg Meg minner det på kor sårbare vi er og kor skummel verd vi lever i
I det minste er stømmen billig idag då.Gratis visstnok.Er vel då eg bør benytte anledninga til å vaske klær:-) Rekk mykje når ein er tidleg oppe:-)Visst eg orkar då. Frister ikkje å gå ut iallefall:-=
Vi er blandt dei dårlegaste på å godkjenne nye medisinar les eg på nett Det som i Danmark tek rundt 150 dagar brukar vi nesten 550 på. Har stor betydning når det gjeld medisin til til dømes kreftpasientar No veit eg ikkje alle grunnane til det,og kan vere at vi har andre reglar Men uansett syns eg det er litt for dårleg. Her kan vi forbedre oss Har så store konsikvensara
Kaffi og nyheiter her på morningen Godt å kunne sove ut og roe ned Seinvakt er medisin for meg:-) Ute er godveret på ferie og skodde og regn har overtatt. Må nok ut og lufte meg litt før jobb idag og,men det vert etter strake vegen:-) Energien brukte eg opp igår:-)
Viktig å nyte den siste godversdagen,tenkte eg Så bytta jobbklær med treningstøy. Klok av gårsdagens litt dryge påkledning,var eg kledd for sol og kald vind på toppen. Igår hadde eg innlagt avkledningsseanse og håper ingen såg meg.
Akkuratt passe topp for dårleg kondis. Kjende mestringsfølelsen tok seg opp. Einingsfjellet. Ein av dei to yndlingstoppane mine rett over kommunegrensa. Kort veg har eg og. Kjøpt nye sko som eg testa. Litt vide i foten men fantastisk god sole.. Kjøpt på nett. Sjelden eg gjer det,for har hatt nokre bomkjøp. Kan bli dyrt i lengda. Godfølelsen kjendes ned i terne,så rett heim å slå plenen. Ikkje stor så fort gjordt.. Berre at eg vart skikkeleg svolten, det var vel godt .med pomfritz og karbonader… No er eg småkvalm og har mista godfølelsen att…Lærer aldri