Influensavaksina si bakside

Tok vaksina igår eg.
Tenkte det var lurt i min alder.
For jobben sin del og sjølvsakt..

Men idag kom baksida
Hovudverk,potte tett,slakk og har vond arm.
Snørret renn og gamla stakkar føler seg skral..
Om eg angrer…igrunnen ikkje.
Men trur det var ei lukke at legen på sjukehuset var sjuk idag.
Hadde nok ikkje komme innom døra..
Trur ikkje det er Korona..
Men får sitte her i sofaen og snufse for meg sjølv med turnus og hekletøy
Ikkje den store framdrifta..

Litt må ein følge med i verdeen.

No går det rundt oppi hovudet til gamla

Har sjekka turnusa no i to daga..
Kjenner at det er ei tid for alt..
Så no har eg ete spekesild med tilbehør og chips til dessert..
Heilt på trynet..
Men godt var det..

Har tatt med meg bunken heim og har nok nokre timar til..
Men,ikkje idag.
Fyrt i ovnen og kvekt lys.
Ute pågår julevasken og trur det vert brukt høgtrykkspylar..Høyres slik ut
Er kuling og regn.
Droppa til og med turen idag.
Kom litt seint heim.
Ute var det begynnt å mørkne og måtte redde noko ihus før vinden tok tak..
Ei grense er det for meg og.

Så her vert det kos.
Rett og slett supert og eg fekk lyst på is..


Går trekt med gardinene
Har liksom ikkje heilt ånden.
Men går på fram.
Alle monner drar.

God onsdagskveld💛

Søndag og tidleg mørkt

Kva skal vi med vintertid igrunnen.
Bryr meg lite om lyse morningar.
Den timen om kvelden derimot…
Men kven høyrer på meg..
Vore i kjellaren og prøvd å få arbeidslyst..men vart for svak..einaste som skjedde var at eg vart sur på heile greia…
Tenkre eg kunne male på noko av tapeten,men..nei…
Kjem vel i mål til slutt..
Burde nok skifta vindu i same snuren..
Ser ut til å verte eit dyrt prosjekt…
Men men.

Er søndag så eg slapper av med god samvittigheit..

har regna nooko volsomt.

Vakkert

Frisk luft er aldri feil…

Mens eg angrer litt på heile prosjekt oppussing trur eg eg heller ser om naboen har det bra..

God søndag

Vi får berre halde ut

Volsomt så media har satt fokus på vesle Hyllestad.
No er det noko som heiter at all reklame er god reklame..
Jau..
Men koronautbrot blandt leigearbeidarar på skipsverftet gjorde susen for kjendistilverelsen for ordføraren.og kommunen
Attpåtil eit unikt eit.ny mutasjon..
Vi er tilbake til normalen.visst ein kan kalle det det, i kommunen..forlengst..
Men skulle tru vi var smitta alle når ein ser fokuset..
Håper vi ikkje får ein ny pandemi her..
Men kven veit..
Idag fekk vi ei smeisande god marsipankake på jobb.
Frå ordføraren.
Kjekt😂liker ikkje marsipan..men resten var steikje godt..må innrømme..eg kasta marsipanen…ikkje pent..


Har tatt kvelden..
Godt sliten etter ei travel veke..
Men frihelg og skal nyte det

Huks meteren og handvasken.

God fredagskveld

Lufta hjernecella.

Rask tur etter jobb.
Men gjorde underverker.
Åt litt for mykje steikt lyr..
Men var smellgodt.Vert svolten av tur
No er det stearinlys,fyr i ovnen,tv og avslapping.
Gjeld å nyte augeblikka

God helg

Sjå kva eg fann i hagen❤

Trur maling gjer meg litt meir sprø enn normalt🙄

Held på å pusse opp kjellarstova..
Har malt taket..
Håper eg..
Mulig eg idag og har glømt eit parti..
Fint..?
Aldeles ikkje.
Men kan ikkje verte verre enn det var..
Skal ta bilde ein dag..
Men for å klarne topploket i dette nydelige høstveret ,vart det fjelltur.

Dagsturhytta i Fjaler

Nydelig for kropp og sjel.
Vakkert i vest fortida.

Utsikten på veg heim.

Litt for tidleg heime til å få med meg den vakre solnedgangen.
Men litt såg eg heimaifrå og.
Uansett magisk..
Nyheitene er meir skremmande.
Koronaen strammer inn grepet.
Trist men virkeligheit.

Livet er skjørt

Småsur gamla

Den følelsen..
Du veit når ein kjenner seg sur og småirritert og ikkje heilt veit kvifor.
Reine lemmenet.

Det er då eg held meg for meg sjølv.
Er ikkje vert eg blander meg med folk.
Litt sjølvinnsikt har eg endå..
Hjalp ikkje heilt med luftetur heller.
No har eg grytt i meg ein masse mat og chips..
Vart berre verre..

Starten var sunn og god…

Ser nett i solnedgangen eg og.
Godt eg har fri imorra.
Humøret snur nok om ikkje idag😁

Ser tv og lar humla suse.
Følelser betyr at det fortsatt er liv..
Hadde det ikkje vore mørkt skulle eg gått ut og jobba litt…

Går seg nok til
Ha ein fin kveld0

Ut på tur om gamla var sur

Hjelp med litt frisk luft og høg puls når eg er småsur..

Kom meg til og med på fjellet..
Det var eit helsikens slit…kroppen kjendes som eg hadde vore banka og innesperra i vekesvis..
Glatt og vått…men gjorde innmari godt.

Naturen sitt eige kunstverk

Betalinga for slitet..

Lenge sida sist..
Men ikkje så glad i våte og glatte stiar..
Kan jo bryte meg sund💞
Hatt meg diverse seilaser..
Nydelig høstdag og eg angrer ikkje på turen.
Er liksom ekstra godt å krype opp i sofaen.
Reknar med eg får sove til natta…

Godt å få sanke nye krefter.
Norge leder over Romania.
Eg har fått fram att smilet.
Verden er slett ikkje verst.
Til å med laga meg pizza.
Smakte ganske so godt…
Gjeld å kose seg..
No er eg klar for lang arbeidsveke

Søndagmorgenblues


Satte nasa utom døra,men drog den fort innatt..
Det er skikkeleg høstkulde.
Men nydeleg ver.Vakkert

Berre at eg er stuptrøtt og sånn sær
Lite søvn og kulden gjer at kroppen verker..
Sånn sur start på dagen..
Jaja
Har laga meg kaffi og krølla meg opp i sofaen.
Trur eg bør bli der ei stund,før eg klær på meg og kjem meg ut litt..
Går seg til .
Men kommunen vår er friskmeld att.
Var vel ikkje grunna ein pandemi vi ville på tv.
Men vi vart no satt på Norgeskartet.
Viktig at vi fortsatt er flinke med avstand og handvask.
Skummel denne Koronaen og veldig smittsom.
Livet er vorte ein smule annarleis.
Vi får nyte det så godt vi kan.
Sjå dei små gledane i kvardagen og smile så ofte vi kan.
Eit smil kan lyse opp kvardagen til mange

Ha ein nydelig søndag.

Psykisk helse


Verdensdagen for psykisk helse idag.
Viktig tema.
Mange som slit og høsten tek med seg tunge tankar.
Koronatida skaper og mykje aleinetid og einsemd.
Ikkje alle har nokon å snakke med.
Andre vil eller klarer ikkje snakke om dei tunge tankane.
Viktig å ikkje bere dei tunge tankane åleine.
Huks..vi har alle nokon som elskar oss og bryr seg.❤❤❤❤❤