Ferien er over Og normale tilstander i vente. Slutt på late dager der ein ingenting gjer. Sikkert like greit. Nytt dagen til fulle. Etter ei regnfull natt har sola lyst opp tilverelsen idag
Avslutta dagen med tur på Einingsfjellet. Heksa på tur. Ikkje rart folk ser litt skremde ut når dei treff meg. Trafikkert fjell😂
Vakkert og eg er full i kleggstikk.. Helsikes kor dei bit.
Skoa er supre dei. Hekta i ei rot…heldt på å gå skikkeleg gale og eg er litt skjelven endå… Fort gjordt men syns eg har ramla nok😎 Tilbake i full jobb imorra.lenge sidan sist.. Går nok bra. Kanskje greit å komme inntatt i daglege gjeremål.
Siste helga av ferien… Her må det altså berre nytast. Når det då er meldt torden lyn og søkkvåte tilstander må det handlast.
Var overskya på morningen ,så tok meg ein fjelltur Håreisande tilstander på toppen
Men flott temperatur
Gjer seg med ein god start på dagen Prøvde meg på eit bad i fjæra hos naboen sånn svett og forkava frå fjelltur… Rett og slett kaldt… Vaska no føtene.. Var berre å gå heim å dusje 1🙂
Olsokfeiring i Korrsund. Spelemenn og båttur..
Her er gjengen klar for ein tur på sjøen. Eg vart att på land. Ikkje så glad i disellukt.
Gamla tusla rundt så lenge. Men mamma og oslosysta hadde hatt ein fin tur. Kan ikkje vere med på alt 😄 Kjøpte meg vafler og kaffi. Mange gjekk for rømmegrøt såg eg… Men….eg skulle ha stekt fersk torsk til middag.
Koselig plass.
Heim og skifta… Gjeld å ikkje gi opp. Inn i fjorden for å prøve med dette badet.. Var mykje kaldare idag. Varmare enn herute og fekk no bada.. Sola forsvann då eg kom så var rask.
No venter eg på regn og torden. Overskya.sola gløtter fram av og til og veeeeeldig lummert. Tatt med meg kaffi og bok og satt meg i trappa Livet er ganske flott. God lørdagskveld❤
Når temperaturen ligg over 30 grader må eg avkjølast.. Held ut til langt ut på dag…Men fann ei strand
Over 20 grader og nydelig rett og slett. No er eg ikkje nokon racer i vatnet…tvert imot. Satsa på ein plass med aktivitet og håpa nokon hadde redda meg
Gjorde godt men no er eg like oppheta. Måtte litt lenger inn i fjorden.så tok litt tid.
Kjøpte meg sandaler i ferien.
Gode.. No måtte eg no selvfølgeleg køyre meg delvis over og nesten nedi ei grøft… Godt det find hjelpsame unge menn. Han ville vel ikkje nett ha meg der så best å hjelpe meg vekk. Hadde tenkt å gå på fjellet men er for hett for gamlemor. Heldigvis vind. Sommer og snart slutt på ferien. Må nytast😍
Plutseleg var det sommer att. Skal få sommar i morra og visst. Gamla koser seg alt ho kan på solsenga. Les krim til eg nærmast kikker under senga😎
Misser sola litt tidleg og myggen er svolten så trekt i hus
Hatt ein tur i nyeskona.. Steike gode.
Litt småbløtt. Men supert å gå tur sånn i kveldinga før myggen tek heilt av.
Hundedagane. Ikkje sett ein einaste hund eg😁 Rart navn i grunnen.
Skummelt med alle brannane rundt om. Trist med folk som misser livet på ein grusom måte. Der trengst det regn.så ikkje fleire liv går tapt. Naturkreftene er ikkje å spøke med
Gamla har handla og det fort og gale.. Kanskje eg burde kjøpt sko som var litt meir sklifaste.. Var gode å gå med..Hatt meg ein prøvetur. Trengde nye men kjøpt på impuls… Ikkje bra antagelig. Men dei låge vanntette skoa mine måtte gå i bosset i fortere veke. Kjøpte ei bukse i same slengen… Prøvde altså.. For størrelsen på klærne veks i takt med alderen… Surt…Men må innsjå realitetene.
Klagde å styre unna klesbutikkene i Førde. Liksom brukt nok peng i sommar… Men…måtte stoppe i Dale.. Plutseleg var det gjordt…
Men.sånn kan det gå
No må eg jo bruke dei og. Ellers er det jo bortkasta.
Er flott når ein kjem seg ut.Viktig å vere skodd🤣 Ikkje høge fjell på meg.. Men…Får no frisk luft i det minste.
Viktig trur eg. Det og av og til finne fram barnet i oss .Evnen til å glede seg over dei små tinga i livet. Ikkje berre sjå hindringer, men muligheiter.
Plaske i sølepytter og nyte sommarregnet som piska mot ansiktet
Sjå på meitemarken som tek turen over vegen
Plukke blomster i vegkanten. Finn alltid noko positivt ein kan få auge på, sjølv om livet kan butte imot.. Gjeld berre å få auge på dei
Ein får vere som ein er når ein ikkje vært som ein sku.😀
No fekk vi no det regnet vi ville ha, og det i bøtter og spann. Bør lufte meg litt ,men gruer meg til å ta på vestlandsbunaden. Lenge sida sist… Null energi. Skulle ikkje tru eg hadde hatt ferie i snart 4 veker… Trur eg må tvinge meg sjølv i bevegelse snart. Har rikeleg eg kan gjere inne… Men….
Fått i meg mat selvfølgeleg… Det klarer eg uten den minste anstrengelse.
Kunne kanskje i det minste hente bosspann.Både her og hos naboen. Litt grei kan eg vere på ein god dag🤣
Får hente fram litt vilje der energien mangler. Vi trengde jo regn….berre det stoppar
Hatt meg ein rydde i papir dag. Og eg har rikeleg. Salig blanding av viktige og totalt uviktige ting som burde ha vore kasta for lenge sida… Noko i papirbosset. Noko kan eg ikkje ha der så det må eg nok brenne… Skremmande kor mykje som samler seg opp… Har mykje å ta av. Yrer ute og lummert Droppa gå tur. Måtte hatt regnjakke og gadd ikkje.Blir berre så hett og svett.
Hadde i staden kvalitetstid med jr Mykje kjekkare. Får kanskje rydde litt imorra og visst eg gidd. .
No er det TV. Mange branner rundtom, så vi treng regn. Er ikkje så store mengdene som kjem ned når det yrer men gjer godt for vegetasjonen.