Dette var tungt.. Lenge sida sist og er ingen høg topp.. Men.kom meg no opp Kaffi i sekken og gledde meg til pause.. Kaldt på varden. Opptatt framfor der ein sat i ly så rusla ned til dagsturhytta. Der var det varmt og stille. Rekreasjon for kropp og sjel. Traff kjendsfolk og Fleire som nyt solveggen🥰 Ikkje alle som er så tregstarta som meg Kaffikos før oslofrøkena gjekk nedover att med meg. Valde ein annan veg enn opp. Ikkje så lurt kanskje.. Null sol størstedelen. Nydelig ver vi har om dagen Kjenner det gjer godt.
Men kondis er eit fremmedord. Tett for pusten forsvann… Tok si tid.. Om det gjorde berre godt veit eg ikkje.men frisk luft skader nok ikkje🥳 Blir berre så innmari svolten
Tidleg morgon etter klokkestillinga Tulla meg godt inn i pleddet mitt og sit og ser ut på stille sjø, frosen mark og ein bil som stakkars er heilt nedfrosen Godt eg ikkje må ut å skrape..Pyse seier Ingolf:-)han gjekk ut
Blir nok varmare når sola får tak Vakkert ute no,men nettene er kalde
I dag skal eg nyte søndagsfreden og ikkje gjere nokon ting Muligens ein spasertur når sola får tak:-) Ser at mange nytter sjansen til å gå fjellturer i godveret
Orker ikkje det eg ,men nyt bilda til dei andre:-) Er lov det og
Nyheitene vert tristare dag for dag At nokon skal gi seg i desse krigane,det verker å vere heilt uaktuellt Menneskeliv er heilt uvesentlig.. Her gjeld andre reglar,som eg ikkje forstår
Ikkje apotek i min kommune Så idag vart det mor og dattertur med ferje til Askvoll. Heimturen tok vi uten ferje.. Går ikkje så ofte
Nydelig høstdag med oslofrøkena Har vinmonopol og klesbutikk der må vite. Plutseleg hadde eg kjøpt ny strikkakjole🥳 Var ikkje tenkt..fall berre pladask Kjøpte litt meir enn planen på apoteket. Rart kva ein plutseleg får bruk for
Mat handla vi og på tilbakevegen… Godt eg ikkje går ofte på butikken Kveldsturen er unnagjordt. Kaldt men flott<img src="https://cdn.blo Tablettane hjelper mot smertene i kroppen trur eg.. Så langt alt vel.. Kan snu God fredag
Flotte desse kalde og klare oktobermorningane Rutene på bilen er frosne Vegane kan vere glatte. Sola skin og gamla tankar krefter til ein lang vinter Starta på medisin eg håper tek betennelsen i skuldra. Demper smerter og gjer meg kvalm iallefall
Men,hjelper det er det verdt det. Må halde ut meir enn ein dag🥳
Sove godt og fekk vakne av meg sjolv Ingolf har fått mat og gått ut. Kattelivets gleder Har meir enn nok med å lage kaffi Ikkje snakk om morgonstemning her i gården. Skikkeleg B menneske
Trur eg må hente meg litt ved å fyre i ovnen Varmepumpa går men syns kulden bit seg fast i veggane. Tid for å skifte vindu.Men til våren kanskje.. Energilekkasjen trur eg er stor. Gjesp Gidd verken lese eller høyre på radio Bør feste nokre tråder i ein løpar i løpet av helga.. Småsur her eg sit🥳 Ikkje alt eg tenkjer som egner seg på trykk.
Kven skulle tru at vi to skulle bli bestevenner Er der når eg treng deg som mest og når eg ynskjer deg vekk Kjeft preller av Trufast som få Irriterande og allrid svolten. Prikk lik meg Meg og deg Ingolf.
At det skal vere så tungt å stå opp om morningen? Det meste knirkar og hovudet banker Gamla er B-menneske Har ikkje alltid vore slik Var omvendt då eg var ung og sprek Men,ting forandrar seg og vi og Vi skifter meiningar og forandrer smak Heldigvis, kan ein vel sei Er ikkje alt som passar seg å gå med heile livet, og det å halde på dei meiningane eg hadde når eg var ung og uten livserfaring hadde vel vorte vel einspora Viktig å ha eigne meiningar om ting.Vi ser heldigvis ting frå ulike vinklar Og det som er bra for nokon, kan ha andre konsekvensar for andre Kva vi meiner om ting kan vere påvirka av mangt
Og viktig å godta at andre ikkje meiner det same som ein sjølv, uten at dei er idiotar for det
Volsomt som eg tenkjer så tidleg …Må drikke meir kaffi:-) Mørkt ute,så kva ver det er det veit eg ikkje Iallefall er det høst og temperaturen er deretter
Snart jul visst ein skal tru butikkane og handelsnæringa Burde nok tenkje over julegaver tidleg i desse tider der prisane er til å grine av men har eg? neidå… Kjem litt seint i gang kvart år eg
God morgen Norge på Tv.Koseleg selskap på morgenkvisten Nyheitene er mindre hyggelege Er vorten tøffare tider og i Norge Krigane ute i verda fortset . Glad eg sit trygt enn så lenge
Her hos oss er det digital innsamling. Greit å sleppe lange køyrestrekningar med børsene, men vi misser nok nokre av dei som ikkje er så på den digitale verda
Men beundrer dei tøffe politikarane hos oss, som bader til inntekt for Redd barna Eit bad pr.10000:-)Trur kanskje vi skal vere glade for at vi bur i ein liten kommune.. Eg er pyse, så har ikkje meldt meg på den gjengen som bader. Ikkje glad i å bade generellt og slett ikkje i denne temperaturen To har bada,og såg ut som dei syns temperaturen var akkuratt passe:-) Betviler eg,men dei er gode på å late som iallefall.Men blir flotte videosnuttar:-)
Eg syns det rekk med å gå ein tur for rosa sløyfeaksjonen til kreftsaka. Men eg har gitt til Redd barna ..Det syns eg er viktig Ungane vert den uskyldige parten i alle konflikter
Pakka meg godt inn i teppet og vurderer om eg skal ta ein tur i friskluft før jobb.. Idag har skyene overtatt.
Der har du meg idag Vakna med tett hovud og vond hals Føler meg sånn elendig
Så no sit eg her med kaffikoppen og håper på eit under:-) Finns dei har eg høyrt Tatt ein paracet og håper hovudet klarner litt
Har ikkje stemme, men kan sikkert verte ein lettelse på jobb Eg tyt. Fortsatt kraftig vind ute og Men vakkert Nyheitene handler om krig i verda og krig i familierelasjonar Det siste er eg usikker på om vi treng vite noko om For meg er det ei privatsak som ikkje nødvendigvis må få store overskrifter
Men, nyskjerrige som vi er så er det dette som vi vil lese Rart dette fenomenet igrunnen Men sånn er vi
Kjenner at idag skal eg berre ta verda med ro til eg skal på jobb Slumre litt her i godstolen Det er trass alt lørdag:-)