Snart 2024.Godt nyttår❤️

Fin tale av kongen som vanleg.
Vert varm om hjartet av å høyre på han.
Den danske dronninga overlet trona til yngre krefter.
Fornuftig når helsa skranter.
Må vere lov det for kongelege og.

Stille og roleg nyttårsfeiring for meg og Ingolfen.
Tv og hekling på gamlemor..
Går greit å feire nyttår aleine og.
Vand med det men skjønner at einsomheita er tyngre på høgtidsdagsr

Snart tilbake til jobbkvardagen og trur det skal bli godt.
Nok aleinetid

Litt godt å komme igang att med normal kvardag


Håper all krigen rundtom oss roar seg ned?men ser desverre ikkje slik ut.
Trist
Trur eg har sett meir julefilmar iår enn dei siste 10 åra.
Tegn på at eg er vorten gammal antageleg
Treng litt motvekt til nyheitene
Kva 2024 bringer med seg veit ingen

Om ikkje anna har eg brukt siste dagen av året til å vaske fryseboksen og få oversikt over det eg har der..
Var altfor mykje av enkelte ting så her er målet for 2024 klart.
Bruk opp det eg har før det vert kjøpt nytt..
Tek tid🥳
Ellers har eg lite tru på nyttårsløfte.
Eg er for svak i viljen.
Meldt sprengkulde på starten av året…
Bles ute no ellers mørkt så ser ikkje kva som sjuler seg.

Ynskjer alle eit fint 2024

Ikkje bestevenner idag…

Rett før eg reiv ned heile vedovnen.
Av og til er den så kranglete at eg kjenner at eg rett og slett nesten får hjarteproblem.
Den vil berre ikkje
Veden er tørr. Eg har tennbriketter i alle utførelsa..men eg slit.

Ingen problem idagtidleg.
Nydelig ver på tampen av året.
I morra er nyttårsafta og plutseleg er 2024 der
Men ikveld var vedovnen sur.Eg og
No brenn det i ovnen
Pulsen mi er på veg ned
Varmepumpa gjer så godt ho kan
Husekaldt.. Men har pledd og snart gjer varmen frå ovnen susen
Flott ute men glatt.
Huks å vere forsiktig
Brodder er lurt.
Ha ein fin kveld

Innever

Ute er det vind og snø og eg er sjeleglad eg har feriedager .
Har sine fordeler med senilveka:-)
Kosa meg med nybaka grove rundstykke og brunost
Beste bollane eg har baka.
Fekk litt lang kald hevetid fordi eg måtte noko anna igår.
Hell i uhell
Med brunost var dei berre lekre.Mest berre havregryn og litt kveitemjøl.

Ser sånn delvis på sjakk.Spennande sjølv om eg aldri heilt har forstått dette spelet.
Må ut og hente meir ved og kjenner at eg ikkje har lyst…Men,vil jo ha varmen,så må nok bite i det sure eplet

Ikkje heilt i form.,men det går seg vel til
Heilt greit å ha sofadag:-)Ingolf er einig
Har ingen behov for å vere ute han heller

Fekk meg nye brødformer til jul.Perfekte
Brøda vart litt som rundstykka.
Har ikkje baka brød på lenge.Vart ikkje så vellykka sist.Skulda på formene:-)
Men denne gangen lykkast det bedre heldigvis
Eg er ikkje noko flink på kjøkkenet. Det må innrømmast. Men går fint uten og:-)

Fått lydplanke til tv-en så no er her flott lyd må vite:-)Vart stor forskjel.
Høyrer vel og merke litt tungt.
Litt kos å berre sitte inne og nyte julepynta hus.Ikkje så lenge før alt skal ryddas vekk att
Vurderer om eg skal ta fram hekletøyet att.
Hatt heilt aversjon for noko som helst hobby over lengre tid.
Kvifor veit eg ikkje.
Kanskje eg berre skal finne meg ei bok
Ha ein super dag
her hos oss skal vi ha innedag:-)

God jul:-)

Julafta er kommen og eg har som vanleg sove minimalt
Så no sit eg her og funderer i sofaen min
Kaffien er snart ferdig heldigvis
Julekvelden skal feirast hos mamma på omsorgssentet
I år er det ei litt annarleis jul der alle feirer jula kvar for seg
nokon aleine og nokon saman med familien på den andre sida:-)Sånn er livet

Meldt mildare og snø…s blir nok litt av eit føre.Best å reise litt tidleg
Koseleg i leiligheita til mamma og:-)

Ingolf har våga seg ut eintur.Likegreit,for han må vere inne når husmora reiser vekk.For kaldt å gå ute å vase:-)

Selskap i ein katt sjølv om eg igrunnen aldri har vore kattemenneske
Rart igrunnen korleis ein vert knytta til eit dyr
Mange einsamme på julafta.
Å vere aleine er ikkje å vere einsam, men for mange er det å sitte aleine ein slik dag tungt
Nokon ser på jula med glede,men for andre betyr den uro og bråk.
Ingen god følelse og har ein ungar så kan ein med fordel la alkoholen vere eit ikkje tema.
Burde den vere hos mange.Ikkje alle som er greie og hyggelige å vere saman med ved inntak av alkohol eller anna rus…Nokon er det ikkje alltid uten heller,men det er eit anna tema:-)

Det var mitt hjertesukk

Ynskjer alle ei fin og fredfyllt jul.
Åleine eller saman med andre:-)
Iår er jula kanskje særlig lang og vanskelig sidan julafta er på ein søndag og ein får tre dager der det meste er stengt
Håper alle har nok mat til jul.Gaver er ikkje så viktig
Er ein aleine så er trøsta sjølv om den er mager…Du er ikkje den einaste.Mange som sit aleine julafta …

Dagen før dagen


Her sit vi og nyt morningen
Ute er det nydelig vinterver men kaldt
Nyte det før det blir vind og masse snø

Ser det er vanskelig å komme seg heim i juletrafikken.
Håper folk kjem dit dei skal i jula
Likar desse dagane før jul
Pakkebytte,Familiekos og førjulsmat.
Tradisjon når jula feirast kvar for oss.
Ekstra godt å ha fri😄Fordelen med den ekstra ferieveka.
Kan styre den som eg vil
Magisk for turnusarbeidaren
Godt å sitte inntulla i pleddet mitt
Nyte morgonstunda og kaffikoppen
Må vaske over golva ser eg og ta ein rydderunde.
Men venter litt.

Vi tek vrda med ro..
Jula kjem og går om vi er klar eller ikkje

Julefreden senkar seg

Sit her i sofaen inntulla i teppet mitt
Ute har snøen lagt eit teppe av kvitt til jul
Desverre meldt meir og vind:-)Men enn så lenge ser det fint ut:-)
Har fått fyr i ovnen,God morgen Norge på tv,Kaffi i koppen og stova er julepynta

Eg har fri:-)
Skal ingen plass:-)Berre tanken gjer at skuldrane senker seg
Treng ein tur i frisk luft,men ser på dei mørke skyene som er på himmelen og tenkjer…Trur eg kanskje venter til kroppen er kommen meir igang

Litt annarleis jul i år,men sånn er livet:-)
Skal kose meg idag eg
Nyte desse fridagane mine
Fått fiksa dei små grå og klippt meg,så kom seg berre med det

Koselig å sitte sånn og berre nyte roa.
Det eg har glømt har eg glømt tenkjer eg
Jula skal vere fred og ro og ikkje stess:-)
Kan vere koseleg sjølv om ein er aleine.

Ha ein super dag

Solsnu:-)

Hipp hurra for sola.
Kjekt når kvar dag blir bittelitt lysare og det går mot vår

Sånn var himmelen igårmorgon.
Idag har dei svarte skyene sleppt snøen laus
Ute er det kvitt.Julesnø?Iallefall er det meldt sterk vind i tillegg
Ikkje det minste kos
Håper det blir så nokonlunde å køyre idag for gamla skal nemlig til frisøren på ettermiddagen
Og då må eg køyre nokre mil
Ikkje kollektivt her ..
Snart jul og eg har julefri :-)Ja skal på jobb 1.og 2 juledag:-)Litt må eg jo, men kjenner at nokre dagar fri gjer godt. Rydde litt og få inn den manglande julestemninga
Får liksom ikkje følelsen iår

Slit med å bli vand med dei nye brillene og.
Den lesestyrken trur eg altso fortsatt er for sterk
Må jo halde ting heilt opptil auge for å sjå
Eg er langsynt eg altso
Vorte nærsynt av heile greia og får hovudverk
Men eg trener
Har heldigvis billigbriller …Dei har eg henta no:-)
Skal ikkje vere enkelt
Kaffien er kommen i koppen
Vore lite med søvn inatt,men eg sov no i gårnatt,så skal ikkje klage:-)

Går seg nok til.
Ha ein super torsdag

Julehelsing


Heldige meg
Fått to julehelsingar idag og kjende det gjorde godt for ein sliten kropp
Etter tre døgn med minimalt med søvn er eg ikkje god.
Kjøpte is på butikken.
Satte den på kjøkkendisken og gjekk tur

Kjempesmart
Men,middagen var smeisande god
Spekesild.Kolrabi og potet.

Denne syns eg er berre lekker
Hadde tenkt å rydde litt men har utsatt heile prosjektet.
Fått med nye briller..Kjøpt,rettare sakt.
Progresive og veit ikkje..
Trur det er noko vesentleg feil med dei..
Vart ikkje trudd då eg prøvde dei..
Har ikkje vorte bedre og glad det fins billigbriller ..Dei ser eg i🥳
Skal ikkje vere enkelt..
Ha ein super kveld

For eit ver:-)

Frå vinterstemning og flott ver så lenge at ein blei vand med det,har det no vorte skikkeleg vestlandsver
Innever,rett og slett
Storm og regn og varsel mot det meste

Så eg har krabba opp i sofaen med teppet mitt.
Funne kaffi og venter på at eg skal få om ikkje anna,litt arbeidslyst

Finne fram og skrive litt julekort
Litt sein iår
Syns det er litt kos med handskrevne julekort sjølv no i desse datatider ,der alt er digitalt
Turen idag blir i sofaen
Ikkje alt ver eg bevegar meg ut i 🙂

Julestemning har eg igrunnen ikkje

Mest på jobb, der vi høyrer julesanger, syng litt og nyt førjulstida
Koser oss med kjeks,snop og kaffi og julepynta avdeling:-)
Har pynta litt heime og,,
Ingen vasking hos meg. Kun den vanlege helgevasken:-)

Jobbehelg:-)Kos på jobb så kjekt det.
Ingolfen gidd heller ikkje ut.Så lenge han får servert mat når det passer han,er han fornøgd:-)

Ha ein super dag uansett ver
Eg starter opp med julekort:-)

Rett frå levra av Ingolf

Rett og slett beinkaldt ute

Ikkje råd å gå på do eingang.
Jau då..
Visst er det flott
Men har de prøvd å gå rundt barfot i snøen?
Så eg gjer som matmor
Held meg på sofaen under teppe
I rein coronasympati..

Lurer på kortid ho har tenkt å hente ved..
Straumprisen er dyr og denne kulde går gjennom marg og bein

Ha ein super mandag