Vinterfølelse

April viser kven som er herre over veret,og legg eit kvitt teppe idag og
30 april og eg vil ha plussgrader som er tosifra og vår
Må innrømme at vinter er eg ikkje fan av, og iallefall er ikkje kroppen min det

Så inntil dess får eg verke og pakke meg inn i teppe på morningane
Kaffikoppen hjelper på varmetapet:-)

Til og med Ingolf likar seg best inne

No er det einigheit i lønnsoppgjeret for dei fleste.
Så får vi vente å sjå kor mykje alt stig i pris og kva resultatet igrunnen er
Sjølv vurderer eg kva eg skal kjøpe og kva sort, mykje meir no enn før.
Vorten meir prisbevisst.
Er sånn at eg tenkjer…nei…der går grensa for kva eg eg kan betale.
Er jo ikkje berre maten som er dyrare.

Sånn er det, og prisane kjem nok tl å vere høge uansett kven som styrer og rår.
Situasjonen ellers i verda og i Europa påverkar oss
Vi kan ikkje lenger sjå vekk og tenkje at dette gjeld alle andre og ikkje meg

Må berre innstille oss på at ting er i endring og håpe på at krigen ikkje når oss.
Eg syns det er skummelt
Igrunnen så står veret i stil med tankane mine no å morgonkvisten
Litt småkaldt,så trur eg fyrer i ovnen.
Trimturen utsett eg bittelitt…
Vi har det til no godt i lille Norge.Kva framtida bringer oss veit ingen

Ha ein super siste april:-)

Kvitt


Aprilver.
Skikkeleg surt ute.
Ikkje rart kroppen min har slått på kriseberedskapen
Kulde og fuktig ver det likar den ikkje.
Men,har tulla meg inn i pleddet mitt og kaffien er snart klar.
Håper det blir litt bedre ver utover dagen for alle konfirmantane rundt om.
Litt kjekkare med sol.
Stor dag for konfirmanter og foreldre.

Kjøpte litt blomster eg trudde tolde kulde..
Det trur eg ikkje dei gjorde….
Heldigvis ikkje mange.
Så no venter eg lenge med å kjøpe meir.
Litt dumt å kaste pengane ut glaset😘
Er litt fristande når sola skin og alt er berre supert.

Ha ein super lørdag

Blomster

Blomster er vakkert og gir glede for mange
Veldig greit når eg får dei sånn rett opp i fanget
Men dyrke dei sjølv,får eg ikkje til
sjølv om det er juni og ikkje april

Natur

Vakkert i vest
Sognefjorden er best
Iallefall er den lang og djup.
Til og med nokre store stup
Viktig å finne noko vakkert for sjela
Det kan vere gata eller skjerefjøla
For kva som er vakkert er ulikt for alle
Nokon syns kanskje det er ein skalle

Brrrrrr.

Fyrt i omnen på morgonkvisten,for er kaldt.
Ligg eit tynt lag med kvitt på biltaket og kulden viser tenner:-)
Aprilver.

Ikkje noko temperatur som kroppen min likar,så gamla har komme seg på beina og nyt kaffikoppen innrulla i teppe

Ingolf derimot,er alt gått ut

80 prosent av oss sit stille heile dagen,seier dei på nyheitene
Ikkje rart klokka mi seier eg må komme meg opp å gå:-)
Sola skin faktisk:-)Men skyene heng sånn litt truande og har veldig lyst til å ta over heile greia

Kjenner eg treng ein roleg dag idag.
Men ,må nok gå litt tur for å tilfredstille klokka og kroppen.
Den siste er lite glad i kulde:-)
Men,veret kan ein ikkje gjere noko med.Berre å kle på seg:-)

Ha ein super onsdag

Musikk og kultur

Musikk er viktig for alle,og viktig i arbeidet med demente og andre sjukdommar.
Noko dei fleste av oss treng.
Vore på fagdag i Førde og høyrt på det gode arbeidet som vert nedlagt og tilboda dei har i Kinn kommune

Kjekt når leiing,fagområde og frivillige jobber på lag
Vktig å samarbeide og nytte kunskapane til kvarandre
Flott korsang.
Avslutta med ein tur til tannspesialisten.eller tannpleiaren gjorde susen på tannkjøttrenskinga..
Tannkjøtbeteñelse er noko herk.
Kjenner bedøvelsen endå,eller er vel mest sårheit.
Ubehageleg uansett.

Landa i stolen etter heimturen og der er eg endå..
Sånn blanda dag kan ein sei

Handla meg ny dokost🙂

Søndagsmorningblues


Stille oppvakning ved kjøkkenbordet.
Ute breier skyene seg over himmelen og seier takk for no til tosifra temperaturer og sol.
Regn er litt godt for planter og hindrer grasbranner eller bråtebranna som det har vore ein del av.
Tørt i marka no..
Litt småsnufs ..
Drikk kaffi og håper det hjelp på det meste.

Hærlig med vår

Den sure svie

Eg visste ikkje at det gjekk an å ha ilt i så mange musklar på ein gang.
Gjekk med stava på fjellturen igår,så har jo aktivert det eg har av musklar.
Her er drt ikkje berre snakk om vanleg gangsperr.
Sånn går det når ein ikkje har brukt musklane på månadsvis..


Men,det er liksom det at alle desse vondtane gir meg ikkje så veldig lyst på ny fjelltur..
Men,det bør eg nok,for ein skal ikkje ha så vondt for så lite …

Må nyte dagen idag og for ikveld snur veret..Skal halde meg rundt huset🥳

Godt å berre kunne tanke litt krefter.

Ha ein super lørdag

Heilt utslått eg

Nesten eit år sidan sist..
Vel planlagt nesten kvar dag med fri og godver,men kvar gang ombestemte eg meg..
Men idag tuska gamla på fjelltur.

Totalt uten kondis..
Var heilt utsleten.
Mange pauser for å verkeleg nyte utsikta..eller igrunnen for å overleve.

Roa senka seg.
Kosa meg med mandariner og vatn og skreiv meg i bøkene..
Alt heilt greit til eg skulle bruke Ut appen.
Den meinte eg sat på ein knaus langt vekke og ikkje p…ville den høyre på fornuft..
Kjende at eg eksa meg skikkeleg opp..
Så i frustrasjon gjekk eg varden på langs og registrerte meg på Fjellturappen..
No skal eg prøve avinstalere og instalere denne hersens appen på nytt.


Nydelig dag med familietid og eigentid.
Heilt skutt etter fjellturen.
Her kan kondisen kun gå ein veg..
Opp😁