Vinterfølelse

April viser kven som er herre over veret,og legg eit kvitt teppe idag og
30 april og eg vil ha plussgrader som er tosifra og vår
Må innrømme at vinter er eg ikkje fan av, og iallefall er ikkje kroppen min det

Så inntil dess får eg verke og pakke meg inn i teppe på morningane
Kaffikoppen hjelper på varmetapet:-)

Til og med Ingolf likar seg best inne

No er det einigheit i lønnsoppgjeret for dei fleste.
Så får vi vente å sjå kor mykje alt stig i pris og kva resultatet igrunnen er
Sjølv vurderer eg kva eg skal kjøpe og kva sort, mykje meir no enn før.
Vorten meir prisbevisst.
Er sånn at eg tenkjer…nei…der går grensa for kva eg eg kan betale.
Er jo ikkje berre maten som er dyrare.

Sånn er det, og prisane kjem nok tl å vere høge uansett kven som styrer og rår.
Situasjonen ellers i verda og i Europa påverkar oss
Vi kan ikkje lenger sjå vekk og tenkje at dette gjeld alle andre og ikkje meg

Må berre innstille oss på at ting er i endring og håpe på at krigen ikkje når oss.
Eg syns det er skummelt
Igrunnen så står veret i stil med tankane mine no å morgonkvisten
Litt småkaldt,så trur eg fyrer i ovnen.
Trimturen utsett eg bittelitt…
Vi har det til no godt i lille Norge.Kva framtida bringer oss veit ingen

Ha ein super siste april:-)

0 kommentarer

    Legg igjen en kommentar

    Obligatoriske felt er merket med *

    Takk for at du engasjerer deg i denne bloggen.
    Unngå personangrep og sjikane og prøv å holde en hyggelig tone selv om du skulle være uenig med noen.
    Husk at du er juridisk ansvarlig for alt du skriver på nett.

Siste innlegg