Og eg gjekk og gjekk…

Går ikkje nett fort med meg,men når ein får beskjed om å gå i skog og mark..så gjer eg det.


Endelig oppe på bygdeheia..
Er den lengste vegen opp.Men er vel og den lettaste for dårleg kondis og rygg..
Men idag var turen ekstremt lang
Kan ikkje hukse eg har syns det før

Dagsturhytta ser omtrent like trasig ut som meg.
Nydelig tur,og var litt kortare følelse av tilbaketuren.
Rart korleis enkelte dager er segare enn andre.
Tenkte der eg gjekk at jammen er det godt det er lange lyse kvelder..

Skal ikkje på skogs eller fjelltur imorra..

Skogens ro

Når frustrasjonen tok overhand fann eg ut at skogstur var tingen.
Lenge sidan sist eg vandra her.

Kjende roa senka seg sjølv om det var litt vått her og der.

Målet nådd og godt fornøgd.
Turen tilbake føltes mykje raskare.
Meir nedover❤Greit å bli sånn godt sliten.
Litt tungt for ryggen,men med pause og luffefart går det meste.
Nydelig turver.
Stille og fint i skogen
Her er det vind

Så vil morgendagen vise kor smart det var

Kaldt men flott:-)

Huttetu
Ser ut på nedfrosen bil og nydeleg sol.
Slapp ut Ingolf og var raskt innatt om dørene..Huttetu,,

Forkjøla etter gårsdagens hagevandring.
Merkeleg med det tankespinnet
Einaste eg tenkjer på no er at eg treng ei god lita hagegreip og ein god hagespade.

Har hagespade.Den er ikkje så verst.Men greip har eg ikkje.
Kanskje ikkje så rart at hagen min er som den er.
Men eit lasagnebed skal eg nok få til

Men ikkje idag.Godt eg kan skulde på at eg har dårleg rygg.
Trur eg er meir grønsak og potet typen
Så gulrøtter og poteter skal eg nok få i jorda.Om det kjem noko oppatt er litt meir uvisst.
har lite vatningsmuligheiter visst det skulle bli ein tørr sommar..
Men kjekt å ta inn iveren til dei som likar hagearbeid.

Fokuset mitt er å bli bedre i ryggen.For det ser tregt ut…Mulig det er kulden.
jaja…Orker no drikke kaffi.

Er veldig glad i våren.Nyt kvar dag eg.Lyst og flott og det spirer og gror rundt meg.
Litt meir kaffi og Godmorgen Norge:-)
Carpe diem

Hagevandring

Aldri vore hagemenneske og med ein tomt utskoten av berg er det minimalt med jord.
Men det kan ein bygge opp av rusk og rask frå naturen.
Tang og tare..og saueull.
Sidan eg har lite jord og ikkje kan drive med sau,så får eg greie meg uten.I lasagnebeddet.
Det heiter det,lærde eg idag.

Hagevandring i Hjartebladhagen,ved Merete..

Var altså ein kald fornøyelse..
Vårherre meinte nok vi trengde litt herding.
Eg var godt kledd.
Men ,lærerikt.
Handle får eg gjere ein annan dag.
Rett heim og i badekaret.
Litt sosialisering.Det var nok sundt
Såg for meg ugraset mitt og tenkte..
Held meg til hagedjevel og gullrøtter

Grensa til galskap

Hei Ingolfen her.
Må berre få lette litt på trykket.
No har eg ikkje budd her så lenge,og lite kan eg om skikk og bruk.
Men meiner bestemt å fått med meg at røde gardiner høyrer jula til.
Har prøvd å gi beskjed.
Men ikkje berre ser ho dårleg.
Hørselen virkar å vere heilt vekke.

Men så heilt som lys frå klar himmel hadde visst hjernecella slått seg på.

Tenkte at no var det vel tid for mat..
Nei då..opp med oppvaskmaskina og rydda på..
Plutseleg bevega ho seg eit par skritt vekk,for så å dukke oppatt.

Middag! tenkte eg og hoppa til..
At då gamla måtte stane i meg og med brask og bram dunke leggen i hjørne på oppvaskdøra, er då søren ikkje mi skuld!.
Men der tok eg visst feil.
Det både lynte og tordna rundt øyrene på meg..
Kan eg hjelpe for at det vart hol..
Herregud..er ho av glas..
Då eg skulle inn på badet for å hjelpe ho med plasteret vart eg nærmast kjeppjaga..
La meg under sofaen mens ho gjekk ut..vi har hatt lite kontakt resten av dagen,kan ein sei..
Men no har vi enda i sofaen begge to.
Var godt å komme inn i varmen.

Lufta har gått ut av ballongen.
Men trur ho bør på sinnemestringskurs

God morgen🐶


Nokon har strødd kvitt teppe over landskapet inatt.
Her har eg tulla meg inn i pleddet og fyrt i ovnen.
Lite søvn så bedre med kaffi og God morgen Norge.
Trur vi på forhandlingane i Tyrkia..Tvilsomt visst ein er redd for å bli forgifta,tenkjer eg.
Er liksom ikkje eit godt varsel.
her er tidsfordrivet mitt fortida.
Hjernen orker ikkje forhalde seg til mønster.
Igrunnen greit,for varmer samtidig.
Glad i desse teppa.
To nøster gir passe teppe til meg.


Veit ikkje om eg orker tur idag…får sjå veret an.
Ryggen krangler uansett.
Hagevandring 1 time i Hjartebladhagen,med tips om kva ein gjer i hagen om våren..
Det trur eg at eg skal få med meg..
Litt må no vel eg og kunne lære .
Sjå litt folk.
Hagemenneske vert eg nok aldri..

Når alt føles trist

Vore ei spesiell veke og helg.
Har mista folk eg kjenner og nokon står meg nær.
Plutseleg er nokon vekke.
Så skjørt er livet.
Ein veit ikkje kor lenge ein er på jorda.
Viktig å ta vare på kvarandre mens vi er her.

Har rusla meg ein tur i naturen.


Tenkjer på dei eg kjenner som no sit med tomrommet og sorga.Vart mange på same tid
Ser på krig og død i Ukraina som ingen ende vil ta..
Minner meg på kor viktig det er å vise kor glad eg er i dei eg har rundt meg.
Kor lite viktig små ueinigheiter er.
Kor meiningslaust det er med krig..

Har ho mista vetet..

No har vi tatt livet med ro i helga.
Gamla er svimmel og ikkje iform,seier ho..
Greit for meg.
Men trur du ikkje ho fekk det på seg at ho skulle til naboen.

Gjorde mitt beste for å overtale ho til å gå heimatt..
ikkje søren.
Er jo helt blåst

Ho gadd ikkje ta imot fornuft..
Så kven måtte bli våt og vente ein time…Ingolf…
No er vi no endeleg på plass at i sofaen.

Får kjeft kva eg gjer..
Ikkje likar ho mus,og igår serverte eg fugl..
Då tok det heilt av..
Jaja..
Har no tak over hovudet og mat..
No er eg litt misfornøgd med serveringa eg og..
Men det vert det snakka mindre om..

Gamla og katten

slik går no dagane for Ingolf og meg
Livet med katten har alt sett sitt preg.
Aldri åleine for han passer på.
Byks framfor beina så snart eg vil gå.

Må innrømme det at det går ei kule varmt
Ikkje alt som skjer som er like tamt.
Men eg vil ha fred når eg set meg på do.
Ikkje sjå inn i augene til Ingolf eller bli klort av ei klo.

Men beina held seg varme og tonen er bra.
Så lenge eg held fred og ikkje starter å dra.
Litt kjekt med selskap ,syns Ingolfen og.
Iallefall i regnver og når mørket faller på.

Kor er den stien igrunnen?

Kjekt å kunne rusle rundt i nærområdet.
Torer ikkje fjelltur grunna ryggen.

Tar opp skogsvegen i nabobygda.
t



Kvar gang prøver eg å finne stien frå skogsvegen som tek meg litt lenger mot heimen og stien heim.
Ikkje pokker.
Noko gjer eg gale men kvar gang ender det med at eg snur og går den stien nedatt som ender ved der eg gjekk opp.
Neste gang får eg starte i den andre enden..
Lurer på kor eg då havner..
Her er fullt av hjortetrakk og inga merking..
Eg gir ikkje opp.
Tok stien heim.

Koseleg tur og fantastisk rød sol igårkveld.Bilda er hulter til buler .Står i stil med hjernecella som er uta av drift

Vart litt for sliten,så idag fekk eg igjenn for det.
Men,kan ikkje berre ligge på sofaen.
Vert ikkje bra av det heller..
Innedag idag.
Til og med Ingolf syns veret har vore litt for vått