Haust om vi vil eller ei Sola prøver vinne over skyene på morgonkvisten Ingolf kjem tuslende etter trimturen At det å forlange å komme ut fem om morningen ikkje er heilt innafor. Det bryr han seg lite om Det at matmora ikkje fekk sove etterpå det er ikkje hans problem
Tett i nasa så høstforkjølelsen er på veg Konfirmasjon igår At Plutseleg er barnebarna store Tida fyk I dag er det møte Travelt å vere pensjonist🎶 Men først litt meir kaffi
Ny konge har vi fått Trur han kjem til å gjere ein god jobb Kong Harald var unik Men,ingen er like
Hatt nokre fine seinsommerdager Endeleg sol og varme I dag lurer skyene og regnet ligg og vaker og er klar til å overta viss sola slepp opp Gamla er snart klar for ein luftetur Må nyte godværet mens det er her Syns Ingolf og Godver er utetid
Kongen vår er veldig dårleg Alder og sjukdom kjem til alle Trist,men sånn er livet Ha ein fin torsdag
Litt fylkesveg var og på turen:-) Såg ut som nokon prøver å grave hol for å komme inn til midten
Traff kun turistar som plukka bær og sopp Tsjekkiske trur eg Hadde fått ganske så bra fangst såg det ut til, men sjølv tusla eg meg ein liten rundtur Vanskelig å sjå kor stien er i alt graset Endeleg opplett og sol Var berre å få fart på skrotten Trur jammen vi får fint ver i morgon og🩷
Er det ein ting eg må unne meg når det regnar stort sett heile året,så er det regnklær Både dei tynnare og dei skikkeleg tjukke og gode syng på siste verset Nye goro tex joggesko trengst og Irriterande å verte våt med regnklær
Har sett etter det ei stund, men ikkje landa på kva sort Mykje å velje i ,men kva som virkeleg er bra er verre Har kjøpt katta i sekken før Kan bli dyrt det og
Men,enn så lenge brukar eg det eg har Må fundere litt til
Ser på alle brannane som no har er og har vore i Europa. Varmt og knusktørt Skremmande Og det går veldig fort.Plutseleg er mange usen mål vekke .Liv går tapt Då er det nesten så eg er glad eg bur på Vestlandet Ja det er eg uansett,men her renn vi vekk
I Arendal er det som det har vore Blir sjelden klokare etter at toppolitikarane har møttes til dyst Dyrt i Norge og dyrare blir det I ei uroleg verd vert det meste usikkert
Grått ute,men fortsatt opplett Om det held seg opplett eller dei mørke skyene ikkje gidd å halde på regnet vil vise seg Eg skal taa verda med ro Må handle,men det går innunder kos:-) Ha ein fin fredag
Yr i lufta Går nok over til regn, men vakker hauststemning Er i alle fall den følelsen eg har Fjellhytta i reprise Kaffi i koppen Frukosten er ferdig Null planer men tek det som det kjem Kjenner det er dagen for det i dag
Kom no inn på morgonkvisten Godværsdagen måtte nytast No er det overskya og litt duskregn
Koser meg med kaffikoppen og tenkjer at eg bør bruke litt tid på å få orden i kaoset mitt Men først må eg planlegge Lenge Solformørking og meteorsverm i vente Tja Ser ikkje så mykje av stjernehimmel her om dagen Men,neste sommar er det vår tur🥳 No er det haust Orker ikkje gå i skog og mark eller på fjellet når det er så vått og slept Orker igrunnen lite Her må eg jobbe med tankesettet trur eg Kan ikkje gro fast i sofaen Trur eg skal hente ved å fyre i ovnen