Veret vert igrunnen berre verre og verre Etter å omtrent å drukna i regn her i vest i heile sommar,så er det rart å lese om halvfulle vannbasseng og fare for dyre straumprisar Kor vert regnet av? Marka er søkkvåt Vi føler vi regnar vekk Men er nok alt godveret austafor som sler inn Vi har iallefall gjordt vårt for å redde straumkrisa:-)
Godt å kunne sitte inne under pledde og nyte kaffikoppen Berre kunne sjå ut på elendigheita Slepp no å tenke på at eg skulle ha gått ein tur So glad i regn er eg ikkje:-)
Nattesøvn vart det mindre med Men frukost og kaffi hjelper på Ein tur i dusjen og prøve komme ut av pysjen er målet Kan ikkje vere helt både dag og natt At matmora ikkje syns om å stå opp mitt på natt for å åpne døra er ikkje Ingolf sitt problem Har eg høyrt om katteluke?
Må vere sola som plutseleg dukka opp i dag Sånn ut av det blå Ein tur på kirkegården Plantene har omtrent råtna på rot i vestlandsværet Skifta ut den eine Kombinerte med litt handel og lærekøyring Baka brød har eg og Hukser ikkje sist Hatt meg ein luftetur Fått vaska klær Men droppa slå graset Når eg endeleg var klar var myggen det og Kan ikkje slite meg ut🥹Men,uvisst når neste opplette dag innfinn seg Kjøkkenmaskinen og dermed den gode mixsaren brotna i to i veka. Søren til greier, for den brukar eg kjempemykje Sliten og mett av dage antagelig Må sjå om eg finn noko som lignar Noko må eg ha
Jaja Alltid ei ny utgift Sånn er livet Ser på landskytterstemne og nyt livet God kveld:-)
Sit no her og nyt morgenkaffien Ute er veret det same som eg føler det har vore her i heile smmar Grått og vått Haust Les om Infantino og alt han trur han kan klare.Sikkert med god hjelp av den amerikanske kompisen Er igrunnen ei utruleg verd vi lever i Godt det er nokon som er tøffe nok til å sei frå
Krig og elendigheit overalt Kan sei at då vert ingen sommar ein bagatell,sjølv om ein syns det er litt urettferdig å regne vekk:-)
Vart ingen tur igår før jobb,og tenkjer at trur ikkje det blir idag heller Ser det kjem ei stor regnbyge med full fart over fjellet Håper på litt fin høst så eg kan bevege meg uten regnklær Få gå ein tur i skog og mark uten der er vått og glatt Syns synd på dei som hadde festtivaler igår.Imponert over publikum i regnklær
Håpar på godver når vi har Skifjordagen på lørdag Ikkje så stas å ha alt ute viss regnet høljer ned Har jo telt,men alikavel:-) Versjuk:-) Veret påverkar psyken til det negative Alt blir liksom tyngre og mørkare Frestar ikkje reise ned til varmebølgene heller Ein plass midt på hadde vore tingen Men,får finne meg noko anna på putle med til seinvakta kjem