Sånn er det med den saken

Her ligg eg og krangler med ole lukkøye..
Sove to timar og det syns han visst er nok..

Trøtt,men får ikkje sove..Fekk nydelig bukett frå Fagforbundet…
Nydelig mat på Sognefjord Hotell i Leirvik i Sogn…Sjølv om eg reiste før møte var ferdig var eg heime 22.30..
Fagforbundsmøte
Er nok litt derfor søvnen uteblir
Skal til Førde kl 06..Dette kan bli ein laaaang dag.
Larris skal på Service og eu kontroll.
Eg oppom sjukehuset.
Blir ein dyr dag.Bil er dyrt,men her må ein ha det ..Ingen kollektiv transport..
Sånn er det berre

Får i det minste litt frisk luft mens eg går frå verkstaden til sjukehuset.
Rekk nok ein kaffi og…
Heldigvis meldt opphald..

Ha ein super dag

Dunk,dunk dunk

Bankar oppi topploket,og søvnen den har takka for sseg
Så her sit eg,sånn midt i natta
Venter på kaffien skal trekke seg ferdig
I det minste billig å lage kaffi sånn nattestid:-)
Lang dag på jobb igår,så fekk ikkje gått turen min.Er nok det kroppen saknar sikker
Får ta det igjenn idag:-)
Gassabotasje er temaet i nyheitene.
Ikkje bra,men vi er sårbare for slike ting.

Når stormaktene føler seg trua ,kan kva som heilst skje
Verden blir plutseleg veldig utrygg
Og her sit eg og einaste sorga er stive muskler og mangel på trim
Kontrastane er store.

Merkar det er tid for ny injeksjon på auget…Ser dårlegare,føler eg. Mulig det berre er noko eg trur
Men så lenge eine auget fungerer,så er eg no hjelpen:-(
Kanskje eg bør gå å få meg permanente briller og ikkje berre lesebriller.
Sikkert lurt:-)

Men kaffien smakte berre lekkert:-)Klokka er til og med bikka 05.
Ha ein super dag .Det skal eg og,når kroppen har fått starta opp maskina.Det tek si tid

Fyller vannbassenga:-)

Her har det rett og slett hølja ned.
Naturen fyller opp vannbassenga til dei grader.Springen står på full guffe
Til og med katten held seg inne
Ein plass går grensa, og for han

Her er det God morgen Norge og kaffi
Sakte tilnerming til dagen
Burde nok hatt meg massasje for skulder og nakke, for er nok grunn til hovudverken
Prøver liksom å trene dei mjuke, men til no har den treninga berre slått ut i feil retning….
Jaja, mulig det er indre stress.

Må rydde litt før jobb idag. Ta meg sammen:-)
Kor vanskelig kan det vere igrunnen.
Berre latskap. Travelt å gå desse trappene ned i kjellaren med ting og tang:-)
Er jo ganske så fort gjordt

Kom på at eg treng nye vinterdekk.
Dyrt å ha bil,men ei nødvendigheit her kor ein ikkje har kollektiv transport
må ein så må ein.Snøen nærmar seg

Ha ein super dag:-)

Det var den nøkkelen

Veit ikkje kva det er med meg og nøkler fortid.
Dei berre stikk av.
I eit sånn skikkeleg ruskever med regn og vind tusla oslofrøkena og mamsen på fjelltur.

Nokon fornøyelse var det igrunnen ikkje.
Vått,glatt,vind og regn..
Vestlandsver.
skikkeleg luftig på toppen.
Var her eg tok ut mobilen,så mulig nøkkelen følgde med..
Kva veit eg .

Nydelige høstfarger men ikkje dagen for å stoppe og nyte..
Mulig nøkkelen og følgde med opp då eg fann fram bilnøkkelen..
Der har eg sjekka,men orka ikkje gå heile turen ein gang til i den vinden..

Burde ha lært.
Bruker legge den i bilen.
Hadde heldigvis ekstranøkkel i nærheita .Men no har eg ikkje det meir..
Bestillt ny bilnøkkel frå før..
Ilag med den forrege var ein husnøkkel..
Sukk…
Kortid skal eg lere

sol innimellom :-)

Gjer seg med sol når ein ellers ikkje føler seg heilt topp
Hengt klær ut til tørk.Lukter så godt då,syns eg.Får heller våge seg at eg tek dei inn halvtørre og tørker siste rest på stativ:-)
Tørketrommel har eg ikkje

Fått lufta hjernecella uten å bli våt:-)
Høsten er fin:-)

Får liksom smilet litt fram denne sola.
Gjer noko med humøret mitt:-)

Kvelden har senka seg.
Streiken fortsetter blandt lærarane.Håper dei snat kjem til einigheit
Krigen når nye høgder i nabolanda.
Skremmande og set perspektiv på livet..
Håper at kroppen kjem litt på plussida og lysta til å gå i skog og mark dukker oppatt…
Den er der på ein måte,men kjem liksom ikkje igang
Merkelige greier det der:-)

Men plutseleg dukker den nok oppatt…

Tåkehav

tåkehavet er begynnt å lette å ein ser konturane av fjord og fjell.
God morgen Norge
Forsvinn nok den og iløpet av dagen.
Føles som eit tåkehav i topploket mitt og

Dagen vert nok som igår.
Med Ingolf som dyne

Det er høst

Carpe diem

Grå dag

Bokstaveleg og generellt.
Kald høstluft.

Kroppen har vondt der det går an omtrent
Tett i toppen og ikkje berre i overført betydning
Så idag skal eg ha ein veldig roleg start på dagen
Fyrt i ovnen
Satt meg i godstolen
Drikk kaffi mens eg krøller tærne ned i golvteppet
Dagens trim

Tid for tjukke labber.
Ikkje god på mønsterstrikking,så tek det enkelt

Har det slett ikkje så verst..
Går seg nok til litt utover dagen.
Verre med krigen som pågår i nabolanda..
Skremmande..Føles utrygt..

God onsdag