Fred og ro

Morgenstund i fred og ro
Sola held på å klatre seg opp i øst
Siste innspurt på ei stund på desse kanter
Berre å gjere seg klar til isglatta
Finne fram brodde og håpe at regnet tek vekk isen fort

Kaffi
Nyheiter
Berre senke skuldrane og ha heilt kvilepuls:-)’
Rydde vekk resten av jula
Berre nyte fridagane:-)

God helg

Sosialisering

17 mil tilbakelagt
Sånn er det å bu i distrikta.Sjukehuset ligg ikkje rundt hjørnet
Men kaldt og fint å køyre.
Kjekt med litt sosialisering inniblant
Litt kikking i butikker og enda opp med mat
Mat må ein ha.

Kafebesøk selvfølgeleg
Varm var den og.Heilt nystekt rett frå takka:-)
Burde nok ha gått ein tur og nytt godveret mens det er her.
Skyene er begynnt å samle seg opp uti havet.Klar til innsats:-)

Eg la innsatsen i enkel middag.Fiskekaker ,poteter og raspa gulrøtter.
Til å med eg klarer det
Er rett og slett ingen kokk,men overlever:-)God på å ete

Har bestemt meg for avslappingskveld i sofaen under pleddet mitt.Så får heller stjernehimmelen kose seg uten meg
Ha ein super fredagskveld

Torsdagstanker

Send SMS mage til ……
Neitakk
Har ikkje tru på at desse reklamane kan hjelpe meg med magen eller noko anna skal eg vere ærlig
Selvfølgeleg finns det gode produkt derute,men noko under skaper dei sjelden,anna enn ei slunken lommebok:-)

Men,men reklame er greit av og til.Får jo med meg tilbuda rundt om
Dei som sel skal jo og overleve:-)

Her nyt eg solstrålane frå sofaen i ein beinkald dag for å vere her:-)
Sove eitpar timar etter nattevakt og prøver å snu døgnet til normalen att.
Imorra er det tid for å sjekke auget att.
Kan gjerne halde seg kaldt til eg har køyrt dei mila
Nullføre treng eg ikkje

Brenn noko volsomt fortsatt i Usa,, Skremmande Og volsomme krefter i sving

Må ta ein vurdering om eg orker ut…
Nydelig sol,men den er her ikkje så lenge
Men,den gjer godt for psyken

Ha ein super dag

God morgen:-)

Sit her innpakka i teppet mitt med kaffikoppen og ser ut på ein fin morning og funderer litt overe eit og hitt

Lurer igrunnen på kva som skjer når han der borti Usa ikkje får kjøpe verken Panama eller Grønland?
Sa jo indirekte at då vart det andre boller
Skremmande at ein påtroppande president av Usa kan komme med slike uttalelsar
Verden er frå før i kaos og krig
Folk i nød overalt
Uff seier eg
Her i Norge er vi for det meste opptatt av snø fortida.
Vinter brukar vi å ha kvart år
No er det nydeleg vinter her,men vegane er litt meir bob bob å køyre på.
Er det som er den største bakdelen med vinter syns eg

Energi nivået mitt er igrunnen på null.Orkar ikkje hekle eingang:-)
Skal ut ein tur,men ikkje nett endå
Ha ein super dag:-)

Vintertrim

Her sit eg med kaffien min eg som vanleg og gruer meg til dagens første treningsøkt
Snømåking
Igår fekk eg litt hjelp til å ta litt ekstra.
Eg brukar å parkere nesten nede med vegen.Berre måke ein smal sti ned til bilen og så må eg ta nedafor den då

Der er det rikeleg snø,,,For det snør og snør
I tillegg er der ein høg kant som bruker vere ganske så fast..Plogen som køyrer forbi legg att spor..
Og det har snøa inatt..
Kor mykje ser eg ikkje,men reknar med ei skikkeleg god trimøkt..
Har ikkje lyst
Men har eg valg…Nei

Etter hjelp av naboen og fresen:-)
Idag er han på jobb,så gamla må fikse sjølv

Nydeleg dag igår vart nytta til tur ut.Var kaldt må eg innrømme

Er flott med snø når den er måka og ligg iro.
Akk ja
Glad eg har seinvakt så eg har litt tid på meg.
Men,må få tid til nokre kaffikopper til kjenner eg
Har nok berre godt av litt trim etter all julematen og ikkje minst julegodteriet
Ingolf venter til eg har laga veg seier han.
Det kan eg skjønne
Kunne eg tenkt meg og:-)
Veit ikkje kor mykje det har snøa igårkveld og inatt,men sikkert meir enn nok trim
Ser ut som det har tenkt å fortsette med snø ei stund til
Vinteren kan bli lang:-)
Ha ein fin mandag

BRRR…

Vakna av kalde bein
Ute er det skikkeleg kaldt men nydeleg vinterver
Då er det godt å nyte søndagsmorningen i sofaen med kaffi og fyr i ovnen
Sjå ut på den nydelege soloppgangen som brer seg utover himmelen
Fått att varme i beina,trur eg

Blir nok ein strålande men skikkeleg kald tur når det lir litt
Vi har fått skikkeleg vinter i vest

God søndag

Snø

For dei som likar det er dette flott
Eg syns ikkje det er så topp
Men snøen sjuler jo alle spor
Visker ut feil og mangler på vår jord

Sola den titta fram og sa Hei
Ville berre sei at den fins på vår vei
Om livet kan vers både trått og vått
Så fiins det eit lyspunkt om ikkje så brått

Har rusla ein tur og tenkjer som så
Hadde det berre ikkje vore så glatt å gå
Hadde vegane vore tørre og eg slapp køyre
Hadde ikkje snøen vore så nøye

No har vi vore ute og måka ein sti
Slik at Ingolf kunne komme forbi
Vi har ete oss mette og no slapper vi av
Gøymer oss vekk for mas og kav

God helg

Snøkaos

Er det dei snakker om på tv og radio.På nettavisene og.
Og kaos ser det ut til å vere overalt når snø og vind skaper hovudbry for brøytemanskap og oss som må ferdast på vegane


Kikka forsiktig ut,og ser ut som skyene har mykje snø på lager endå
Idag trur eg gamlemor må ut ein tur å få litt frisk luft
Til å med auget har godt av det
Men ikkje endå

Ikkje den store forma ..Og Ingolf har ingen sans for snø og vind
Trur han venter på at nokon skal måke ein sti:-)
Blir nok innedag og sofa på oss idag og ser det ut til
Sove inatt,så det går på fram:-)
Erna er klar til å vere statsråd i ei Listhaugregjering les eg.Det er isåfall nye toner
Men kven veit kva året kjem med av forandringar.
Lenge til september og valg endå
Er meir spent på kva som skjer i Usa
Ha ein super dag i snøen
Eg venter på vår:-)