BRRR…

Vakna av kalde bein
Ute er det skikkeleg kaldt men nydeleg vinterver
Då er det godt å nyte søndagsmorningen i sofaen med kaffi og fyr i ovnen
Sjå ut på den nydelege soloppgangen som brer seg utover himmelen
Fått att varme i beina,trur eg

Blir nok ein strålande men skikkeleg kald tur når det lir litt
Vi har fått skikkeleg vinter i vest

God søndag

Snø

For dei som likar det er dette flott
Eg syns ikkje det er så topp
Men snøen sjuler jo alle spor
Visker ut feil og mangler på vår jord

Sola den titta fram og sa Hei
Ville berre sei at den fins på vår vei
Om livet kan vers både trått og vått
Så fiins det eit lyspunkt om ikkje så brått

Har rusla ein tur og tenkjer som så
Hadde det berre ikkje vore så glatt å gå
Hadde vegane vore tørre og eg slapp køyre
Hadde ikkje snøen vore så nøye

No har vi vore ute og måka ein sti
Slik at Ingolf kunne komme forbi
Vi har ete oss mette og no slapper vi av
Gøymer oss vekk for mas og kav

God helg

Snøkaos

Er det dei snakker om på tv og radio.På nettavisene og.
Og kaos ser det ut til å vere overalt når snø og vind skaper hovudbry for brøytemanskap og oss som må ferdast på vegane


Kikka forsiktig ut,og ser ut som skyene har mykje snø på lager endå
Idag trur eg gamlemor må ut ein tur å få litt frisk luft
Til å med auget har godt av det
Men ikkje endå

Ikkje den store forma ..Og Ingolf har ingen sans for snø og vind
Trur han venter på at nokon skal måke ein sti:-)
Blir nok innedag og sofa på oss idag og ser det ut til
Sove inatt,så det går på fram:-)
Erna er klar til å vere statsråd i ei Listhaugregjering les eg.Det er isåfall nye toner
Men kven veit kva året kjem med av forandringar.
Lenge til september og valg endå
Er meir spent på kva som skjer i Usa
Ha ein super dag i snøen
Eg venter på vår:-)

Spor i snø


Ikkje så glad i denne snøen,sa Ingolf
Han hadde seg ein rask tur ut i snø og vind

Sjølv er eg glad eg har bekymra datter og snill son med heimekontor:-)
Måtte ein ekstratur på augepool idag.Held på å klikke og såg ingenting.Dvs eg klarde ikkje halde auge oppe og svir som fy.Kjennes ut som eg har alverdens ting innpå der
Er nok berre intoleranse for augesalva eg brukte og tørre auge,sa øyenlegen når eg endeleg kom til
Det tok timesvis:-)
Glad eg har snill son med heimekontor som tok seg fri og køyrde mansen til Førde.Ikkje så kjekt i snøkavet:-)
Så no har eg behandling for tørre auger og håper det er alt eg treng.Nytter ikkje uprøvd.
Kan ikkje bli verre tenkjer eg
Tek vel nokre dagar før det roar seg.
Svolten er eg og
Gomla sjokolade på heimvegen.Slett ikkje sunnt men demper svolten og roar ned blodsukkeret:-)
No er maten snart klar og det er full fyr i ovnen
Trøtt etter ei søvnlaus natt
Godt med sofa og godt pledd.

Igår var det nydeleg og avslutta med nordlys.Ikkje så godt å sjå herifrå og var beinkaldt,,men fekk med meg litt
Bilder ser eg frå andre:-)
Må jo fram med snømåka og ,men får vente litt til auget skaper seg:-)

Litt skal ein jo ha:-)
Ha ein super kveld