Sola trengee vekk skodda som har lagt som eit dekke over fjorden. Fuglane kvitrer i vildems sky. Vakkert Sitte ute med kaffikopp og krimboka. Skal lese meir av yrsa Sigurdardottir. Fall i smak hos meg.
Skal kose meg med bok og kaffi litt til. Ha ein super dag
Gamla er småslakk og vel så det. Av og til er det nok likegreit. Sikkert berre litt vel mykje aprilluft Eit par dager på sofaen så går det seg til. Litt godt å roe litt ned og. Matlysta er det ingenting ivegen med. Dvs.ikkje svolten ,men stapper i meg det eg finn. Litt kjekt å strikke anna enn sokker,merka eg. Var lei hekling og noko må eg ha å surre med. Men går seint med pinne nr.3….uffameg. Magisk stemning ute. Frisk litt kald luft etter regnet. Skodda har lagt sitt beskyttande teppe over landskapet. Mørket prøver snike seg inn. Litt godt å sitte inne og sjå utover.
Tida flyg og snart er vi i mai. Jul før vi veit ordet av det Finn ikkje alminakken min heller. Mulig den ligg på jobb… Glømsk Litt meir strikking og tv titting før eg tek kvelden Kan jo vere eg finn noko . Vera på vox
Orker ikkje,gidder ikkje dag. Prøvde gå eintur ,men snudde etter 100 meter. Kroppen hang ikkje med viljen. Så vart sofaen istaden. Sikkert det beste Sliten antagelig.Ikkje 20 lenger,ikkje 40 heller for den saks skuld..berre å ta det innover seg…
Bestillt meg garn på nett.. Det var muligens ein tabbe.. Aner ikkje kva eg har tenkt eller trykt på,for istaden for lys kontrastfarge til mønster,har eg bestillt ein som er så lik at eg med mitt syn knapt ser forskjel på… Jaja.. Er lenge til mønster, så mulig eg bør kjøpe ein lysare
Tabbekvoten min er nok til ein stor roman
Ein lærer og feiler livet ut.
Håper energien er litt bedre imorra. Går seg nok til God helg frå gamla i sofakroken
Sommar idag,så gamla drista seg til å vise fram blendaføtene på fjellet Er mest åreknuter og fregner og urskog,så lite å syne verden Men oppe i fjellet var det ingen som brydde seg
Var hærlig men tungt å luffe iveg i ettermiddag. Traff på ein av desse hersens ormane rett nedi vegen. Kryr av dei… Ekkelt rett og slett.på fjellet såg eg dei ikkje…vart nok skremd.
Var i Førde og fekk sprøyta på auge. Bedre no enn forrege gang,men liker det ikkje. Kjøttkaker på coop. Liten fantasi,men vart mett Var godt å komme heim og ut i det flotte veret. Med solbriller. Trekk i auget idag er lite lurt.og var vind på toppen No vert det nok ikkje fjell på ei stund. Alt til si tid. Har nok godt av litt trim…men… Får sjå kva eg gidd
Ingenting er som ein fridag i nydelig varmt vårver Nyte kaffikoppen på altanen Klær som tørker fort i sol og vind Fregnene som popper opp som paddehatter Slappe heilt av. Ikkje bry seg om støvdottane som stortrivst. Dei kan eg ta ein annan dag. Nyt å kunne sitte i solveggen med krimboka. Ein liten fjelltur på slutten av dagen gjorde seg
Likar meg best på korte turer
Litt pjuskete denne varden igrunnen,men så stor lyst til å bere stein har eg ikkje Ikkje noko å gjøyme seg bak. Men vindjakka gjorde susen Sola forsvinn tidleg hos meg, så då er det godt å trekke i hus Larris har fått sommerdekk på. Godt med snill son. Eg berre fann fram dekka. Larris ser ut som han er fornøgd. Påska er over for denne gang. Ting er tilbake til normalen. Er igrunnen greit det og.
Det med heimepåske altso Slepp timesvis i kø Må sjå positivt på tilverelsen har eg høyrt
Ferdig med jobbehelg. Fri i morra og kjenner det skal bli godt. Kjende behov for å tømme hovud og kropp etter jobb. Bygdeheia Sånn heilt aleine ein heller grå dag. Tungt opp idag,syns eg.. Men bortover var det heilt greit..Lenge sida sist. Bedre kledd for vinden idag.Hadde selvfølgeleg glømt panneband.. Kan jo ikkje hukse på alt må vite. Hadde no hette.. Alltid godt å få auge på målet
Utsikten er vakker, og på slike småsure dagar har eg fjellet heilt for meg sjøl Godt å komme heim,dusje,ete og krype opp i sofakroken. Gjer godt med frisk luft. At eg vart vel svolten og åt for 4 det snakker eg mindre om. Kor forstanden min er det veit eg ikkje. Har nok tatt seg ein laaang ferie sikkert.
Har arbeidshelg eg i påska:-) Går glipp av litt tid med familien,men er på ein måte familie dei eg er med på jobb og:-) Koser no oss:-) Nydeleg fullmåne igårkveld
Magisk:-) Mindre magisk var hoggormane som kosa seg tett ved huset mitt i solsteiken igår….Orm overalt,og kvifor dei er freda er meg ei gåte.Rikelig av dei her eg bur iallefall
I dag er det slutt på det flotte påskeveret Overskya og viiiind.Masse vind
Fekk behov for å ta meg ein fjelltur etter jobb. Det vart luftig Var litt vel luftig igrunnen. Utsikta vart litt mindre nøye med.Angra på at eg ikkje hadde kledd meg litt bedre,,, Gjømde meg bak eine sida på varden,mens eg skriev meg i mantalet:-)Det er jo viktig. Vart litt overaska kor mange som faktisk hadde besøkt varden i påska:-) /Fordelen med denne type ver er at den får fart i gamla… For er det noko eg ikkje har lyst til,så er det lengre opphald i kulden
Men litt bedre lenger nede.Og eg fekk trim Alltid fasinert over korleis blomstene veks overalt i naturen:-)
Men ekstra godt å sitte under teppe,kose seg med god mat og sjå litt på tv Er igrunnen makelig anlagt:-)
Brille på tv og gamla halvsovande i sofaen. Hatt ein koseleg dag med familien. Jakten på påskeegga,fjelltur og familiehygge. Gjer seg Kjekk påskehare..til og med eit egg til meg Vakkert på Einingsfjellet. Har lova å hente midt på natta og. For sikkerheitskuld…sett på vekking. Kjenner søvnen lurer om hjørnet. Imorra er det jobb att. Men fått mykje kos utav denne dagen så skal ikkje klage. Viktig med kvalitetstid. Nokon må halde hjula igang. Verker i det meste av muskler. Burde nok strekt ut… Jaja..ikkje tenkt å gå så langt imorra. Ha ei strålande påske
Aldri godt å vite kortid den dukker opp. Idag har eg fri God tid å studere landskapet i håp om å få auge på den. Imens les eg vidare i boka mi
Fuglane syng,måsen skrik. Kobben koser seg i sjøen nedenfor huset. Ser berre hovuda som stikk opp. Rekreasjon for kropp og sjel. Nokon nyt båtlivet. Sein påske betyr ofte aktivitet på sjøen. Eg syns det er topp her i solveggen. Kjenner eg er litt sliten. Folk i hytter og hus. Litt meir liv og røre enn sånn til vanleg.
Fortsatt ikkje sett haren… Men no kjem barnebarna.. Då er det håp
Er observert ulv i nærheita .. Litt skeptisk rusla eg på fjelltur etter jobb.. Ikkje at eg rekna med å treffe ulv.ikkje andre dyr heller sånn sett. Dei gjøymer seg lenge før eg kjem. Kun ormen som drit i det… Godt å rusle ein tur etter jobb. Litt skyer idag.Litt vind ,men temperaturen var ikkje så verst. Fint å gå Mange tanker som surrer rundt under topploket Litt godt å nå toppen. Kjende eg var sliten.Tom for tankar.æ Men litt greit å vere fysisk sliten og. Kjenne at systemet fungerer. Var litt godt å sette seg bak varden ,i ly for vinden Litt greit å sitte her litt og nyte utsikta og få att litt krefter. Litt tommare enn eg hadde tenkt
Men ærlig talt var det fantastisk å komme heimatt,dusje og krype opp i sofaen. I morra har gamla fri..skal lese God #påske