Trim for eldre

Snømåking meg her og der..
Sliten og småfrostig.men har no fått måka til eg var ihelsvolten..
Ikkje berre å trimme rett etter jobb
Men er redd at hadde eg først gått i hus hadde snøen fått vere til i morra..
Tungt men no er eg ferdig…

Men no kan det slutte å snø.
Held i bøtter og spann
Og under snøen på hovudvegen er det is..
Berre nemner det..
Hadde meg eit aldri så lite sirkusnummer..

13 år sida eg vart bestemor idag..
Stor stas både då og no.
Tida fyk avgarde.
Har feira med arbeidshelg.
Haika med snill kollega i snøveret.
Pyse…men er som eg er..
No er det ullteppe.sofa og farmen.
Imorra kan eg sove lenge…

Hyler vi formykje?


Kommunen min har plutseleg mista ein L
Hylestad…
Mulig det er lenge sida,men idag såg eg no det..
Sikkert nokon som syns sånn passeleg om oss..
Mulig vi er litt sutrete..
Men utsikta vår er i det minste super.

Ikkje så glad i vinteren,men nydelig når det er stille og sola skin.

Magisk.

Var godt for kropp og sjel..

Snakker på inn og utpust

Ja eg altso..
Fort og gale.
Forskjellig som kjem ut.
Sikkert eindel som kunne vore usagt.
Løye med det.
Sikkert ein fordel med dårleg hørsel visst ein er med meg ofte..
Kan vere stille og altso..
Sikkert mange som no lurer på sjølvinnsikta..
Men den er her, sjølv om det sit langt inne..

Er nok ein grunn til at eg lever åleine..
Men ellers er eg heilt super..
No har oslofrøkena klistra ein lapp tvers over spegelen min på badet..
Du er vakker..:-)
Nett før eg trur på det..
Ser den jo ofte..
Og høyrer ein eller les positive ting ofte nok,så gjer det noko med ein..
Mykje tid til fundering no i Koronatida..
Portforbud…
Ser ikkje ei sjel når eg går ut.
Skal eg berre vere inne er eg redd at det kan ta på både psyke og verre ting..
Må ein så må ein..
Jaja..
Nydeleg ver ute.men snart kjem det meir snø..
Ikkje noko for meg..

Når det er så kaldt som no er snøen full av krystaller..
Magisk..
Litt magisk i sofakroken innepakka i teppe og..
Fri imorgon så kanskje eg kan gjere litt heime..
Får sjå..
Eller kanskje eg berre skal slappe av..
Det er eg god på

Trim for eldre

No veit eg at eg grem meg over latskap og kiloer som bit seg fast..
Treng trim,men no trur eg at eg har vorte bønnhøyrt om enn på feil måte..
Var ikkje snømåking eg tenkte på..

Vakkert er det jo..
Rusla meg ein tur før eg tok fatt på muskeltreninga..

Vore flink..
Kjekt dei pløyer høvudvegen,men må dei leggge alt i min oppkjørsel?
Vel ferdig med oppkjørselen høyrde eg plogen kom att..
Der stod eg..med eine handa i sida og snøskuffa i den andre og nistirra på plogskjeret som kom i full fart mot meg..
Såg sikkert ut som ei furie..
Underet skjedde..traktoren sakka farten,snudde skjeret og null snø på meg og oppkjørselen..
Då helste eg..
Sikkert ei komisk stund for sjåføren men make my day❤
Snillt..må gjerne verte ein vane..Er mildare ute,og snøen er våt..Meir sludd i

Kjekt med innetid..
God lørdagskveld.

Her må det andre boller til

Vekta har skote til himmels siste tida..
Idag var toppen nådd.
To kilo på to dager lover ikkje godt..
Hjelp liksom ikkje å daffe tur langs vegen ,matlysta aukar og hjernecella er på sparebluss..

Godt kvardagen er tilbake..
2021..og eg vert 62..
Merkelige greier..
I hovudet er eg liksom langt yngre..
Til eg ser meg i spegelen..
Jaja..eg er som eg er.Tok litt anna veg heimatt på runda mi idag..
Var godt og eg lurer litt på kvifor eg ikkje gjer det oftare.

Vakkert



Traff mange på tur
Nydelig ver..
Litt småglatt enkelte plasser.
Gjorde seg med ein tur ut etter nokre timars søvn..
Nyttårshelga har vore prega av tragedia i Gjerdrum.
Ufattelig trist og uverkelig.
Koronaen betyr liksom lite i slike stunder..
Kva 2021 vil bringe av sorger og gleder veit ein ikkje..
Likegodt..
Trur eg skal tusle meg ein tur inn til naboen.
Må finne på noko så eg ikkje sovner.

Godt nyttår❤🌹