Vårstemning

Var akkuratt det eg trengde for min slitne kropp.
Skodde på morningen,men så kom sola.
Dagane har vorte merkbart lenger og i overmorgon er vi i mars❤️❤️❤️❤️
Neste veke har gamlemor ferie..
Berre lekkert altso.

Kveldstur innover fjorden.

Berre å nyte slike dager når dei dukker opp.
Ekstra stas å ha fri

Viktig å sette pris på kor godt vi har det.
Verden er uroleg.

Carpe diem

Vår i lufta

Våkna til kulde,frosne bilruter og glatte vegar.
Men så kom sola
Plutseleg kom vårfornemmelsen over meg.
Arbeidslysta er det verre med..
Men lever i håpet..

Kongen har bursdag og no er det store samtaleemnet.
Burde han ha takka for gava han fekk i fjor
Takke er vanleg oppdragelse.
Eg veit ikkje kva han burde og ikkje burde.
Nytter lite å snakke om det som har skjedd uansett.
Gjordt er gjordt.
Eg bør få gjordt litt før jobb.
Er lat
Ha ein super dag

Stakkars meg:-)

Du veit desse dagane når ein har sove dårleg,vakner stiv som ein pinne.
Eg har rett og slett kjempeilt i halsen og kjennes ut som feberen er sånn like om hjørnet…

Stakkars meg..
Greit å syns synd i seg sjølv når ingen andre gjer det, men veldig lite hjelp i
Ute er det eit slikt ekte drittver.
Idag er snøen vekke og regnet og vinden har overtatt.
Stadig krig om kven av dei som er sterkast
Trur eg skal la vere den daglege turen min idag, og heller satse på å prøve komme meg på jobb.
Håpe på at eg berre fortset å vere sånn halvsjuk

Irriterer meg fortsatt litt at eg ikkje vann på den basaren for var kjempefine og store gevinster. Må antageleg forbedre karmaen min.
Trur den er litt rusten og slår sprekka.
Drikk kaffi og håper det hjelp på halsen.
Og ja då . Eg har tatt både vitamina og det som verre er for å halde helsa sånn nokonlunde i lodd:-)
Er vel slik forkjølelsetid og det var veldig kaldt i det kjøkkenet igår. Mulig det er årsaka

Farmenkjendis har fått ein vinnar. Eg fekk med meg spikarslaga. Liker godt 71 grader nord, der vi har sett mykje fin vestlandsnatur i frå Nordfjord.
Prøver å få med meg iallefall nokon av reprisane.
Turnusarbeid er ikkje tv venleg slik sett:-)

kanskje eg snart skal prøve komme meg or pysjen og i vanlege klær.Kanskje ta ein coronatest for sikkerheitsskuld.
Ja ikkje for min del,men treng ikkje dra det med meg på jobb i tilfelle.Reknar med det er berre halsen som er problemet

Ha ein super dag uansett ver:-)

Konsert og basar

Tusen takk til Regine og Henning.
Vakkert.Fekk tårer i auga og vart varm om hjartet❤️
Kjekk basar.
Tok masse lodd på bok og kjøpte årer som aldri før.
Vann eg?
Ingenting.
Men nokre kjekke timar.Kos med basar.

No treng eg berre litt varme i kroppen,for på kjøkkenet var det kaldt om vatnet var varmt😁

Forandring fryder

Heiter det i daglegtale.men veret no fortida gjer meg berre forvirra
Ein dag er det vår,neste dag vinter og glatt.
men sol no
Humøret stig berre med den.

Var litt glatt å gå må eg innrømme
Men no har dei salta.

Kjenner eg ikkje er 20 lenger sjølv om hovudet har det med å slå av nokre år.
Rart det der.
Ein føler seg ikkje alltid så gammal som fødselstalet viser.
Kan slå opp og ned.

Eg venter på lysta til å gå i skog og mark.
Ta ein fjelltur..
Borte vekk.
Kan liksom ikkje ramle meg inn.
Men,eg går jo ut altso.

Idag er det basar.
Litt godt av å sjå folk utom arbeidstid sikkert.
Litt dårleg på det og.
Sær gammal kjerring.

Ha ein super dag

Ka er problemet?

Ingolfen her…

Her fann eg meg ein super daybad…
Kjempe tenkte eg og jumpa inn…

Då kan du tru det kom liv i spetakkelet..
Handarbeidskorga mi…sa ho..
Flytt deg Ingolf.
Trur ho eg er idiot..
Så her skal eg bli ei stund..
Denne er frå idag av mi..

Kryp lenger inn for sikkerheitskuld.
Noko kan ho vel unne meg etter alt eg gjer..
Utakk er verdens lønn.

Heilt fullt

Venstre auge mitt altso
Idag fekk det så mykje bedøvelse og dråpe for utvidelse av pupillen at det såg ut som det var på veg ut..
Ikkje rart folk stirra.

Hadde for høgt trykk,så då måtte det jo diverse dråpa og målingactil.
Avslutta med injeksjonen.

Heldigvis køyrse eg ikkje sjølv,for det auget er ute av drift..

Går seg nok til,men håper trykket går ned av seg sjølv.
Skal sjekkast meir neste gang..

Noko skal ein jo ha i reperasjonsaldrren❤️
Litt godt å komme heim og slappe

Ikkje mitt🙂
🎋😁

Fortsette litt med duken.
Snart mesterens mester og krimfredag.
Bra avslutning på litt masete dag.
God fredagskveld

Må nyte øyeblikka

Nydelig tur i naturskjønne omgivelsa gjev meg krefter og ro i sinnet
1/>fin grillhytte utom kommunegrensa til Fjaler


Torde ikkje teste..

Tanka krefier og kjende det gjorde godt.
Kom meg ihus før naturen forandra humør og regnet piska ned.
Eg skal sjå skiskyting…Det er kos❤️

Ha ein super dag

Vårfornemmelsar

I går var det kong vinter som var sjef.
Idag er det frøken vår som koser seg mens kongen tek ein kvil.
Grått,vått men flott.
Er igrunnen ei uverskråke.

Har fortida ei pulsklokke som påstår eg ikkje har tatt eit steg..
La inn protest til inga nytte.
Treng nok ny,men den viser no tid
Jubla med skiskyttargutane.
Ein aktivitet berre det spør du meg

Var iallefall godt med frisk luft og vårkjensle.
Skal ikkje så mykje til for å snu humøret.

Går sakte men sikkert på fram.

God fredag frå Ingolf og gamla


Vi har inntatt sofaen.
Feiaren har vore å sjekka vedovnen.
Ingolf takka for tilsynet og fekk kos.
Feiaren har katt.
No har eg fått fyr i ovnen.
Hett og godt men tom for ved og orker ikkje ut i ruskeveret.
Har no varmepumpe.
Alt var ok med eldstaden,heldigvis.

Merker formen er litt bob bob.
Så vi slapper av
Ingolfen fordi han ikkje vil ut i dette veret.
Kan eg godt forstå.
Litt godt med slike sofadager og
Må ikkje alltid vere så effektive.
Er lov å ta hensyn til kroppen og sjela

Treng slett ikkje ha dårleg samvittigheit.

God fredagskveld